Ot.prp. nr. 77 (2005-2006)

Om lov om endringar i skatte- og avgiftslovgivinga mv.

Til innhaldsliste

6 Avgrensa skattefritak for fri kost for sokkelarbeidarar

6.1 Innleiing

Regjeringa foreslår at sokkelarbeidarar som ikkje har høgare personinntekt enn 600 000 kroner, skal ha skattefritak for verdien av fri kost på sokkelen frå 1. juli 2006. Arbeidsgjevarane skal melde frå til skattemyndigheitene om fri kost og svara arbeidsgjevaravgift av verdien av denne naturalytinga også for dei skattytarane som får skattefritak. Departementet foreslår at dette vert gjort ved å endre skattelova § 5-15 om skattefri inntekt av arbeid. Vidare vil departementet sjå til at naudsynte endringar i forskrifter vert gjort.

6.2 Gjeldande rett

Verdien av fri kost til arbeidstakarar på sokkelen vert rekna som skattepliktig naturalyting frå og med inntektsåret 2006. Dette følgjer av skattelova § 5-15 første ledd bokstav e nr. 1, der verdien av fri kost på innretningar på sokkelen ikkje lenger er omfatta av skattefritaket som elles gjeld for sjøfolk mv. Etter gjeldande rett er det såleis berre sjøfolk mv. i meir tradisjonell forstand som har skattefritak for fri kost frå arbeidsgjevaren. Sjå nærare om dette i kapittel 6 i Ot.prp. nr. 1 (2005-2006) Skatte- og avgiftsopplegget 2006.

6.3 Departementet sine vurderingar og forslag

Forslaget om å innføre eit avgrensa skattefritak for sokkelarbeidarane er grunngitt i St.meld. nr. 2 (2005-2006) Revidert nasjonalbudsjett 2006 avsnitt 3.8.4.

6.3.1 Skattefritaket

Forslaget inneber at skattefritaket er avgrensa til dei sokkelarbeidarane som har personinntekt inntil 600 000 kroner. Det er den samla personinntekta i inntektsåret som avgjer om skattytaren får skattefritak eller ikkje, og ikkje berre inntekta frå sokkelen. Verdien av fri kost på sokkelen skal reknast med ved denne vurderinga. For 2006 er det fri kost frå 1. juli som kan kome inn under skattefritaket. Frå 2007 vil det moglege fritaket gjelde for heile året.

Etter gjeldande rett er det som nemnt ovafor skatteplikt for alle skattytarar som får fri kost på sokkelinnretning, jf. skattelova § 5-15 første ledd bokstav e nr. 1. Føresegna lyd slik:

«Som inntekt regnes ikke…følgende ytelser til sjøfolk m.v.:

1. inntekt om bord på skip i form av…- verdien av fritt opphold om bord, med unntak for fri kost på sokkelinnretning»

Skatteplikta følgjer med andre ord av at føresegna som gav heimel for skattefritaket, som fram til 2006 omfatta også sokkelarbeidarane, nå er avgrensa mot desse skattytarane. Når skatteplikta nå blir foreslått avgrensa til å gjelde skattytarar som har personinntekt på over 600 000 kroner, kan dette gjerast ved å avgrensa unntaket frå skattefritak for verdien av fri kost på sokkelinnretning til dei som har slik høg inntekt. Sjå forslag til endring i skattelova § 5-15 første ledd bokstav e nr. 1.

6.3.2 Plikta til å melde frå til skattemyndigheitene om fri kost

Arbeidsgjevar har normalt plikt til å melde frå til skattemyndigheitene om alle ytingar til sine arbeidstakarar, jf. likningslova § 6-2. I forskrift 30. desember 1983 nr. 1974 om begrensning av lønnsoppgaveplikten er det gjort unntak for dei fleste naturalytingar som er heilt skattefrie.

Dette inneber at fri kost til arbeidstakarar som har personinntekt på over 600 000 kroner, skal meldast til skattemyndigheitene. Verdien av fri kost til arbeidstakarar med lågare inntekt, og som av den grunn ikkje har plikt til å svara skatt av fri kost på sokkelen, skal derimot etter gjeldande rett ikkje meldast til myndigheitene.

Departementet meiner at det er viktig å ha oversikt over kor mange skattytarar som mottek ytingar med slike særlege skattefritak, og kva verdi ytingane har. Departementet foreslår derfor at arbeidsgjevarane alltid skal melde frå om verdien av fri kost på sokkelen, også i dei høva han veit at arbeidstakaren får skattefritak for kosten på sokkelen.

Likningsmyndigheitene må vite kor stor verdi fri kost på sokkelen har, mellom anna slik at det er mogleg å trekkje den ut ved likninga av dei som har rett til skattefritak. Verdien av fri kost på sokkelen må derfor meldast i ein særskild kode eller på anna egna måte i oppgåva som vert nytta for å melde løn mv. til skattemyndigheitene.

Departementet vil sjå til at dei naudsynte endringane vert gjort i forskrift.

6.3.3 Plikta til å gjere forskottstrekk for og å svara arbeidsgjevaravgift av verdien av fri kost

Regjeringa sitt forslag om skattefritak gjeld ikkje fritak frå plikta til å svara arbeidsgjevaravgift. Det skal såleis svarast arbeidsgjevaravgift også av fri kost for dei arbeidstakarane som får skattefritak.

Hovudregelen etter gjeldande rett er at det skal svarast arbeidsgjevaravgift av dei ytingane som arbeidsgjevaren har plikt til å melde til skattemyndigheitene, jf. folketrygdlova § 23-2 første ledd, jf. likningslova § 6-2.

Etter folketrygdlova § 23-2 tredje ledd er avgiftsplikta for naturalytingar og godtgjersle for utgiftar i samband med arbeid avgrensa til dei ytingane som skal vere med ved berekninga av forskottstrekk, jf. skattebetalingslova § 5 og § 6, jf. forskrift 14. oktober 1976 nr. 9830 om forskuddstrekk i utgiftsgodtgjørelser og forskrift 21. juni 1993 nr. 546 om forskuddstrekk i naturalytelser og om verdsettelse av naturalytelser ved forskuddstrekket.

Arbeidsgjevar pliktar av eige tiltak å gjere forskottstrekk etter reglane i skattebetalingslova kapittel II med tilhøyrande forskrifter. Fri kost er ei naturalyting som er omfatta av forskrift 21. juni 1993 nr. 546. Etter føresegna i § 1-1, jf. § 2-1 sjuande ledd i denne forskrifta, skal ikkje fri kost reknast med ved berekninga av forskottstrekket.

For dei arbeidstakarane som ikkje ventas å få skattefritak, meiner departementet at det bør gjerast forskottstrekk, medan det ikkje bør vere plikt til å trekkje for dei som venteleg får skattefritak. Departementet vil sjå til at dei naudsynte endringane i forskrift 21. juni 1993 nr. 546 vert gjort, slik at arbeidsgjevarar som har grunn til å rekne med at ein arbeidstakar vil ha samla personinntekt under 600 000 kroner i inntektsåret, kan la vere å gjere forskottstrekk for verdien av fri kost på sokkelen.

Sidan plikta til å svara arbeidsgjevaravgift skal halde fram, også for dei som får skattefritak og som det ikkje vert gjort forskottstrekk for, foreslår departementet å endre folketrygdlova § 23-2 tredje ledd slik at det går fram at det skal svarast avgift av verdien av fri kost på sokkelen også i dei høva kor ytinga er trekkfri.

6.4 Økonomiske og administrative konsekvensar og ikraftsetjing

Dei økonomiske konsekvensane av forslaget er omtalt i St.meld. nr. 2 (2005-2006).

Forslaget vil føre til noko meir kompliserte skattereglar og rutinar for arbeidsgjevarane og ved likninga av dei skattytarane som mottek fri kost på sokkelinnretning. Departementet legg likevel til grunn at forslaget ikkje vil ha administrative konsekvensar av særleg omfang.

Endringane i skattlegginga av fri kost på sokkelen tek til å gjelde frå og med 1. juli 2006

Til forsida