Ot.prp. nr. 77 (2005-2006)

Om lov om endringar i skatte- og avgiftslovgivinga mv.

Til innhaldsliste

4 Skattlegging av attførings- og rehabiliteringspengar kombinert med uførepensjon frå andre enn folketrygda

Attførings- og rehabiliteringspengar vart gjort om til pensjonsgjevande inntekt i 2002. Grunnen til dette var at ein skulle sjå på ytingane som erstatning for tapt arbeidsinntekt slik som ein del andre mellombelse trygdeytingar (til dømes sjukepengar, dagpengar og fødselspengar). Samstundes vart skattereglane for ytingane endra, slik at attførings- og rehabiliteringspengar no vert skattlagt på same måte som lønsinntekt. Bruttonivået på ytingane vart heva for å ta omsyn til den auka skatten.

Intensjonen var at dei som har attførings- og rehabiliteringspengar, ikkje skal skattleggjast etter skatteavgrensingsregelen for pensjonistar og heller ikkje får særfrådrag for uføre. Ytingane vert da skattlagt fullt ut som lønsinntekt.

Tilsette i offentleg sektor har tenestepensjonsordningar med uføredekning. Dei kan få uførepensjon frå tenestepensjonsordninga dersom dei har mellom anna attførings- og rehabiliteringspengar frå folketrygda. I privat sektor finst også tenestepensjonsordningar med uføredekning. Uførepensjonar frå slike ordningar utanfor folketrygda kan altså utbetalast samstundes med at mottakaren har attførings- eller rehabiliteringspengar.

Då ein utarbeidde skattereglane for attførings- og rehabiliteringspengar, tok ein ikkje omsyn til at slike uføredekningar blir skattlagt som pensjon. Mottakarane kan liknast etter skatteavgrensingsregelen og har rett på særfrådrag for uføre. Skatteavgrensingsregelen gjeld heile inntekta. Verknaden av å skattlegge attførings- og rehabiliteringspengar som lønsinntekt fell derfor bort når mottakaren også har uførepensjon. Dei som har både attførings- og rehabiliteringspengar og tenestepensjonsordning med uføredekning har dessutan rett til særfrådrag for uføre. Dei som berre har attførings- og rehabiliteringspengar, får ikkje dette frådraget.

Det er med andre ord ulik handsaming mellom personar som mottek attførings- og rehabiliteringspengar, alt etter om dei har tenestepensjonsordning med uføredekning eller ikkje. Departementet finn dette lite heldig. Ein bør halde fast på føresetnaden om at når den uføre har attførings- eller rehabiliteringspengar (med eit oppjustert nivå tilpassa skattlegginga av løn), bør ikkje samstundes uførepensjon kvalifisere til de særskilde skatteføremonene som elles er knytt til uførepensjon.

For å sikre at attførings- og rehabiliteringspengar blir skattlagt som løn, foreslår departementet å endre skattelova § 6-81 andre og tredje ledd, slik at det går tydeleg fram at dei som har attførings- og rehabiliteringspengar samstundes med uførepensjon, ikkje skal ha særfrådrag på grunn av uførepensjonen. Retten til likning etter skatteavgrensingsregelen er knytt til retten til særfrådrag. Endringa vil dermed og fjerne retten til skatteavgrensing for denne gruppa.

Skattlegginga av sjølve uførepensjonen vert ikkje endra med dette forslaget. Dersom uførepensjon og vert ytt for ein annan periode av året enn den perioden som gjeld attførings- og rehabiliteringspengane, vil retten til særfrådrag og skatteavgrensing framleis kunne stå ved lag.

Nye mottakarar av attførings- og rehabiliteringspengar som har tenestepensjonsordning med uføredekning, kan få vel 20 000 kr høgare skatt dersom dei ikkje blir skattlagde etter skatteavgrensingsregelen. Dette skjer dersom dei har hatt om lag maksimal skattenedsetting gjennom skatteavgrensinga. I 2004 var det 35 757 personar som mottok både attførings- og rehabiliteringspengar og uførepensjon frå ei tenestepensjonsordning. Av desse vart likevel berre vel 2300 personar likna etter skatteavgrensingsregelen. I gjennomsnitt fekk desse personane sett ned skatten med om lag 7900 kroner. Dei som har hatt særfrådrag for uføre, får ei innstramming på 2712 kr dersom dei har hatt halvt særfrådrag og 5423 kroner om dei har hatt heilt særfrådrag.

For at ikkje endringa skal ramme dei som i dag får desse ytingane, og som har tilpassa seg dei gjeldande reglane, foreslår departementet at lovendringa berre skal gjelde nye tilfelle frå og med 2007 (alle som får rett til attførings- og rehabiliteringspengar etter 2006). Denne overgangsordninga skal vere utfasa ved utgangen av 2009.

Provenyaukinga i 2007 vil vere om lag 16 mill. kroner påløpt og 13 mill. kroner bokført.

Departementet viser til forslag til endring i skattelova § 6-81 andre og tredje ledd.

Til forsida