Ot.prp. nr. 77 (2005-2006)

Om lov om endringar i skatte- og avgiftslovgivinga mv.

Til innhaldsliste

Forslag til lov om endringar i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane

I lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane gjer ein følgjande endringar:

I

§ 3 skal lyde:

Kommunestyret kan skrive ut eigedomsskatt på fasteeigedomar i heile kommunen, eller i klårt avgrensa områdesom heilt eller delvis er utbygde på byvis eller der slikutbygging er i gang. Kommunestyret kan velja å skrive uteigedomsskatt berre på verk og bruk som nemnde i § 4andre leden andre og tredje punktum.

§ 4 første punktum skal lyde:

Eigedomsskatt vert skriven ut på dei faste eigedomane ut frå tilhøva den 1. januar iskatteåret.

§ 5 ny bokstav h skal lyde:

h) Eigedom som vert driven som gardsbrukeller skogbruk.

§ 7 bokstav e vert oppheva.

§ 11 første ledd andre punktum vert oppheva.

§ 13 første ledd første punktum skal lyde:

Første året det vert utskrive eigedomsskatt i ein kommune , skatten ikkje vera større enn kr 2 av kvart kr 1.000 av takstverdet.

§ 13 første ledd femte punktum vert oppheva.

II

Endringane under I blir sette i kraft straks med verknad frå og med skatteåret 2007.

III

Overgangsreglar

Ved ikraftsetjing av endringane under I gjeld følgjande overgangsreglar:

Ved utskriving av eigedomsskatt for skatteåret 2007i dei kommunane som vil nytte alternativet om eigedomsskatt i heilekommunen, skal skatten vera utskriven før 1. juni 2007.

Til forsida