Ot.prp. nr. 77 (2005-2006)

Om lov om endringar i skatte- og avgiftslovgivinga mv.

Til innhaldsliste

3 Skattemessig handsaming av supplerande stønad

3.1 Innleiing

Lov om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg tok til å verke frå 1. januar 2006. Lova skal sikre at personar med kort butid i Noreg, og som av den grunn har tilsvarande redusert rett til ytingar frå folketrygda, er garantert ei minste samla inntekt. I dei tilfelle desse personane ikkje har hatt ytingar frå utlandet, har dei, fram til no, i regelen vore varige mottakarar av økonomisk sosialhjelp.

Supplerande stønad skal etter lova gis til personar som har fylt 67 år og som er busette i Noreg. Stønad gis berre dersom stønadsmottakarens samla pensjons-, arbeids- og kapitalinntekter er lågare enn folketrygdas minstepensjon for personar i tilsvarande situasjon. Stønaden skal da svare til forskjellen mellom minstepensjonen og inntekta elles. Det gis berre stønad for tolv månader, slik at det må søkast på nytt for kvar tolvmånadersperiode.

Til stønadsmottakarar som førsørgjer og bur saman med barn under 18 år, ytest det eit eige barnetillegg til den supplerande stønaden.

3.2 Skattlegging etter gjeldande rett

Lova blei vedteken utan ei nærare skattemessig regulering. Etter gjeldande rett vil ytinga vere skattepliktig som regelmessig personleg understøtting etter skattelova § 5-42. Ytinga er såleis skattepliktig som alminnelig inntekt. Ytinga reknes derimot ikkje som personinntekt etter skattelova § 12-2. Som ein konsekvens skal det ikkje svaras trygdeavgift av ytinga.

Personar som mottek alders- og uførepensjon etter folketrygdlova, har krav på særfrådrag for alder og uførhet frå fylte 67 år. For andre skattytarar gis frådraget frå fylte 70 år. Føresegna om skattebegrensing for låg alminneleg inntekt i skattelova § 17-1 er blant anna knytta til retten til særfrådrag for alder og uførhet. Mottakarar av supplerande stønad som ikkje har pensjonsinntektar, frå Noreg eller utlandet, vil verken ha krav på særfrådrag eller skattebegrensing etter hovudregelen i skattelova § 17-1 før ved fylte 70 år. Skattytarar som mottek alderspensjon ved sida av den supplerande stønaden, vil kunne ha krav på redusert særfrådrag og skattebegrensing.

Dersom stønadsmottakaren også har pensjonsinntektar, skal desse skattleggjast på vanleg vis.

3.3 Departementet sine vurderingar og forslag

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har i brev til Finansdepartementet gjort greie for korleis dei meiner ytinga skattemessig bør handsamast. Deira oppfatning er at ytinga bør skattleggjast som pensjonsinntekt. Finansdepartementet deler dette synet. Ein peiker særleg på at mottakarane i regelen ikkje vil ha arbeidsinntekter, slik at ytinga får preg av å vere ei erstatning for varig bortfallen arbeidsinntekt slik som alders- og uførepensjon. På tross av at ytinga er behovsprøvd og berre gis for tolv månader om gongen, vil den ha meir likskap med pensjonsytingar enn trygdeytingar som skal erstatte midlertidig bortfallen arbeidsinntekt, så som sykepengar, tidsavgrensa uførestønad mv.

Om ein skattemessig skal likestille supplerande stønad med pensjonsinntektar, vil dette få fleire konsekvensar.

For det første er det nødvendig å endre skattelova § 12-2 slik at ytinga inngår i mottakarens personinntekt. Ytinga skal då ileggjast trygdeavgift etter folketrygdlova § 23-3. Utgangspunktet er at det skal svaras trygdeavgift med høg sats, med mindre det er fastsett mellom- eller låg sats. På pensjonsinntektar, som ikkje er pensjonsgivande, svaras det låg sats. Sidan den supplerande stønaden skal gis i staden for, eller som tillegg til, alderspensjon, bør den heller ikkje vere pensjonsgivande. I samråd med Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår derfor Finansdepartementet å endre folketrygdlova § 3-15, som omhandlar kva som reknas som pensjonsgivande inntekt. Sidan ytinga etter dette ikkje er pensjonsgivande, fremmar departementet forslag om å endre folketrygdlova § 23-3 andre ledd, slik at det uttrykkeleg framgår at det skal bereknast trygdeavgift med låg sats.

Som nemnd i innleiinga har ikkje mottakarar av supplerande stønad same rett til særfrådrag for alder og uførhet og skattebegrensing frå fylte 67 år som alders- og uførepensjonistar. Departementet foreslår at også mottakarar av supplerande stønad skal få skattebegrensing etter skattelova § 17-1. Da vil verknaden av trygdeavgiftsplikta for ein stor del motverkas. Etter denne føresegna har pensjonistar rett til eit skattefritt bunnbeløp på 95 300 kroner for einslege og 156 300 kroner for ektepar (2006-tal). Eit mogleg særfrådrag for alder etter skattelova § 6-81 vil da normalt få liten sjølvstendig verknad. Årsaka er det låge inntektsnivået kombinert med skattebegrensing. Likskapen mellom stønaden og vanleg minstepensjon tilseier likevel at ytingane handsamast på same vis også i forhold til dette særfrådraget.

Departementet meiner såleis at supplerande stønad skattemessig skal handsamast som pensjonsinntekt. Ein visar til forslag til endringar i skattelova §§ 6-81 første ledd bokstav b første punktum og 12-2 samt i folketrygdlova §§ 3-15 andre ledd og 23-3 andre ledd nr. 1 bokstav a. Endringa i skattelova § 6-81 leder til at mottakarane av supplerande stønad også kjem under føresegna om skattebegrensing i skattelova § 17-1, sidan denne gjeld for personar med rett til særfrådrag etter § 6-81 første ledd.

Ein foreslår at endringa i skattelova § 6-81 første ledd bokstav b første punktum trer i kraft straks og med verknad frå 1. januar 2006. Tilbakeverknaden er til gunst for skatteytarane og er såleis ikkje problematisk. Ein foreslår at endringane i skattelova § 12-2, folketrygdlova § 3-15 andre ledd og § 23-3 andre ledd nr. 1 bokstav a trer i kraft straks og med verknad frå og med 1. januar 2007.

3.4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Ein antar at forslaget ikkje vil medføre særlege økonomiske eller administrative konsekvensar.

Til forsida