Ot.prp. nr. 77 (2005-2006)

Om lov om endringar i skatte- og avgiftslovgivinga mv.

Til innhaldsliste

10 Endringar i reglane om likningsstaden for og innrapportering frå deltakerlikna selskap

10.1 Innleiing

Reglane om skattlegging av deltakarlikna selskap er endra i samband med skattereforma. Deltakarlikna selskap omfattar blant anna ansvarlege selskap og kommandittselskap. Deltakarane i deltakarlikna selskap blir no likna etter liknande reglar som aksjonærar i aksjeselskap. Dette inneber at det blir berekna eit tillegg i skattepliktig inntekt for deltakarane ved utdelingar frå selskapet (skjermingsmetoden for deltakarar).

Endringane i reglane om skattlegging av deltakarlikna selskap gjer det nødvendig med enkelte endringar i reglane i likningslova for at likninga skal kunne gjerast så enkel som mogleg.

10.2 Gjeldande rett

Skattlegging av deltakarlikna selskap skjer etter reglane i skattelova §§ 10-40 – 10-48. Likninga skjer etter ein nettometode, som om selskapet var skattytar. Dette inneber at selskapet bereknar den enkelte deltakaren sin skattepliktige inntekt frå selskapet. Deltakaren gir så opplysing om dette i sjølvmeldinga si. Det er likningskontoret i den kommunen der selskapet har sitt hovudkontor som fastsetter deltakarens inntekt frå selskapet.

Deltakarlikna selskap gir opplysningar om fastsettinga i selskapsoppgåva mv., jf. likningslova § 4-9. Selskapsoppgåva skal blant anna innehalde opplysningar om brutto formue og inntekt i selskapet, frådragspostar og andre opplysningar som kan ha betyding for likninga av deltakarane. Selskapet skal òg levere opplysningar om den enkelte deltakaren sin del av selskapets inntekt.

At deltakarane i deltakarlikna selskap no skal liknast etter liknande reglar som aksjonærar inneber at deltakarane skal skattleggast for utdeling frå selskapet til deltakar, i tillegg til den løypande skattlegginga av inntekt frå selskapet. Dette tillegget i alminneleg inntekt reknast ut på grunnlag av utdeling frå selskapet til deltakar i løpet av inntektsåret, redusert med skatt på deltakaren sin del av selskapets overskot og eit skjermingsfrådrag. Som hovudregel skal skjermingsfrådraget bereknast med utgangspunkt i deltakarens kostpris for parten multiplisert med skjermingsrenta.

10.3 Vurderingar og forslag frå departementet si side

10.3.1 Innrapportering

Ved skattereforma i 1992 blei det innført nettolikning av deltakarar i deltakarlikna selskap. Frå same tidspunkt blei likninga av dei deltakarlikna selskapa lagt til likningskontoret for den kommunen der selskapets hovudkontor ligg. Dette blei grunngjeve med at skattlegginga av deltakarlikna selskap blei enklare.

Dei deltakarlikna selskapa bereknar dermed allereie den skattepliktige inntekta og formuen frå deltakinga i selskapet for deltakarane. Dette gjeld både alminneleg inntekt og personinntekt. Deltakarane må sjølve berekne gevinst eller tap ved realisasjon av part i selskapet.

Etter departementet si oppfatning bør òg selskapa og berekne tillegg i alminneleg inntekt. Selskapa har dei fleste av dei opplysningane som er nødvendige for å berekne tillegget. Dei manglar likevel opplysningar om kostprisen for parten og kjøpskostnader. Desse opplysningane må selskapa hente frå deltakarane. Det vil berre vere nødvendig å hente desse opplysningane frå deltakarane det første året etter at ordninga tek til å gjelde og når ein deltakar har kjøpt eller seld ein part i selskapet i inntektsåret.

Departementet vil ikkje foreslå nokon plikt for deltakarane til å gje opplysningane til selskapa, men deltakarane vil normalt vere tent med at selskapa gjer desse berekningane for dei. Ettersom selskapa sitter på dei fleste av opplysningane som er nødvendige for berekningane, vil det vere enklare for dei å berekne tillegg i alminneleg inntekt enn det vil vere for deltakarane.

Dersom ein deltakar ikkje gir selskapet opplysningane, må selskapet opplyse om dette. Deltakaren må da sjølv hente inn dei nødvendige opplysningane og berekne tillegg i alminnelig inntekt. Dersom deltakaren ikkje gjer dette vil tillegget i alminneleg inntekt bli satt ved skjønn.

Ein viser til utkast til endringar i likningslova § 4-9 nr. 2 og 3.

10.3.2 Staden for likning

Hovudregelen er at det er likningsstyresmaktene for den kommunen der hovudkontoret til det deltakarlikna selskapet ligg som fastset deltakaranes inntekt frå selskapet. Det gjeld både løypande alminneleg inntekt og personinntekt frå selskapet og gevinst eller tap ved sal av part i det deltakarlikna selskapet, jf. likningslova § 8-6 nr. 5. Departementet foreslår derfor at òg tillegg i alminneleg inntekt skal fastsettast av likningsstyresmaktene for den kommunen der hovudkontoret til det deltakarlikna selskap ligg. Ein viser til utkast til endringar i likningslova § 8-6 nr. 5.

10.4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Opplysingsplikta for deltakarlikna selskap blir noko utvida. Ein reknar likevel med at utvidinga er så avgrensa at det ikkje vil få nokon særleg betyding for selskapa. Dei deltakarlikna selskapa sit allereie på dei fleste opplysningane dei treng og dei andre opplysningane vil dei få frå deltakarane.

Det vil vere enklare for likningsstyresmaktene å halde seg til selskapa i staden for deltakarane ved fastsetting av tillegg i alminneleg inntekt. Ut over dette vil forslaget ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar av betyding for likningsstyresmaktene.

10.5 Når endringane tek til å gjelde

Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde straks og med verknad frå og med inntektsåret 2006.

Til forsida