Ot.prp. nr. 77 (2005-2006)

Om lov om endringar i skatte- og avgiftslovgivinga mv.

Til innhaldsliste

15 Oppretting av lovtekst

15.1 Arveavgiftslova § 11 A

Ved lov 10. desember 2004 nr. 77 blei skattelova § 4-12 endra. Som ei følgje av endringane blei tilvisingane i arveavgiftslova § 11 A første ledd feil. Departementet foreslår at dette blir retta opp.

Departementet viser til forslag til endring i arveavgiftslova § 11 A. Departementet foreslår at endringane blir sett i kraft straks.

15.2 Likningslova § 3–13 nr. 6 første punktum og § 6–11 nr. 4

Ved lov 17. juni 2005 nr. 71 blei følgjande endring gjort i likningslova § 3–13 nr. 6:

«§ 3–13 nr. 6 skal lyde:

6. Taushetsplikten er ikke til hinder for at opplysninger om fødselsnummer for personlig skattyter eller organisasjonsnummer for upersonlig skattyter, navn, adresse, skatteklasse , den fastsatte nettoformue og nettoinntekt, skatter og avgifter kan gis til finansinstitusjoner (jf. lov 10. juni 1988 nr. 40 om finansieringsvirksomhet), forsikringsvirksomhet (jf. lov 10. juni 1988 nr. 39 om forsikringsvirksomhet) og kredittopplysningsvirksomhet. Med kredittopplysningsvirksomhet menes virksomhet som består i å gi meddelelse som belyser kredittverdighet og økonomisk vederheftighet. Disse virksomhetenes bruk av opplysningene skal følge reglene i lov 14. april 2000 nr. 31 om behandling av personopplysninger. Departementet kan gi forskrift til utfylling av denne bestemmelsen.»

Endringa tredde i kraft straks.

Ved lov 10. desember 2004 nr. 77 blei følgjande endring gjort i likningslova § 6–11 nr. 4:

«§ 6–11 nr. 4 skal lyde:

4. Bestemmelsene i nr. 1–3 gjelder tilsvarende for sparebanker, gjensidige forsikringsselskaper, kreditt- og hypotekforeninger og selveiende finansieringsforetak som har utstedt grunnfondsbevis, jf. sparebankloven § 2 annet ledd, lov om forsikringsvirksomhet § 4–2 annet ledd og lov om finansieringsvirksomhet og finansinstitusjoner og for selskaper og sammenslutninger der medlemmene har begrenset ansvar og som noen eier formuesandeler i eller mottar inntektsandeler fra, unntatt boligselskaper hvor andelshaverne lignes etter skatteloven § 7–3

Endringa tredde i kraft straks med verknad frå og med inntektsåret 2006.

I lov 10. juni 2005 nr. 44 om forsikringsselskaper, pensjonsforetak og deres virksomhet mv. (forsikringsloven) § 17–3 nr. 4 er det bestemt at likningslova § 3–13 nr. 6 første punktum og § 6–11 nr. 4 skal endrast, slik at tilvisingane til lov 10. juni 1988 nr. 39 om forsikringsvirksomhet og lov 10. juni 1988 nr. 40 om finansieringsvirksomhet og finansinstitusjoner skal lyde «forsikringsloven» og «finansieringsvirksomhetsloven». Forsikringslova er førebels ikkje tredd i kraft.

Då ein i arbeidet med forsikringslova formulerte forslaget til endringar i likningslova, tok ein utgangspunkt i likningslova slik ho lydde før vedtakinga av dei to endringane som er sitert over. Desse endringane er derfor ikkje komme med i den nye lovteksten.

Departementet foreslår at forsikringslova blir endra, slik at ikkje § 17–3 nr. 4 gjer om dei siterte endringane i likningslova. Departementet viser til forslag om endring i forsikringslova § 17–3 nr. 4.

Departementet foreslår at endringslova til den nye forsikringslova trer i kraft straks. Endringa blir då ein del av ny forsikringslov med det same, men ho får først verknad når forsikringslova trer i kraft i samsvar med § 17–1.

15.3 Retting av likningslova § 4-9 nr. 1 og § 8-6 nr. 5 og 6

Reglane om skattlegging av deltakarar i ansvarlege selskaper, kommandittselskaper mv. blei tidlegare regulert i skattelova §§ 10-40–10-45. Desse reglane blei endra ved lov 17. juni 2005 nr. 74 og lov 9. desember 2005 nr. 116. Reglane er no teke inn i skattelova §§ 10-40 – 10-48. Departementet foreslår difor opprettingar i likningslova § 4-9 nr. 1 og § 8-6 nr. 5 og 6.

I samband med at reglane om prosentlikning av eigen bolig eller fritidseigedom blei oppheva, blei mellom anna skattelova § 7-12 oppheva ved lov 10. desember 2004 nr. 72. Samstundes blei nokre av reglane om likning av partseigarar i boligselskap vidareført i skattelova § 7-3. Departementet foreslår difor at tilvisinga i likningslova § 4-9 nr. 1 til skattelova § 7-12, endrast til § 7-3.

Ein viser til forslag til endring av likningslova § 4-9 nr. 1 og § 8-6 nr. 5 og 6.

15.4 Retting av skattelova §§ 4-31 tredje ledd og 6-91 tredje ledd

I samband med at ny bokføringslov blei vedtatt ved lov 19. november 2004 nr. 73, blei det også vedtatt endringar i skattelova §§ 4-31 tredje ledd og 6-91 tredje ledd med verknad frå og med 1. januar 2006. Føresegnene gjeld fordeling av gjeld og frådrag for gjeldsrenter mellom Noreg og utlandet. Føresegnene avgrensar retten til frådrag for utanlandske gjeldsrenter og utanlandsk gjeld når skattytaren har fast eigedom eller driv eller deltar i verksemd i utlandet eller har formue i slik fast eigedom eller verksemd, og inntekta frå og/eller formuen i desse er unntatt frå skattlegging i Noreg etter skatteavtale.

Før lovendringa regulerte §§ 4-31 andre ledd og 6-91 andre ledd avgrensinga i retten til frådrag for skattytarar som var fullt ut rekneskapspliktige etter då gjeldande rekneskapslov § 1-2 første ledd. Føresegna i §§ 4-31 tredje ledd og 6-31 tredje ledd regulerte avgrensinga for alle andre skattytarar, utan omsyn til om dei hadde avgrensa rekneskapsplikt etter då gjeldande rekneskapslov kapittel 2 eller var unntatt frå rekneskapsplikt. Ved ein inkurie blei §§ 4-31 tredje ledd og 6-31 tredje ledd endra, slik at avgrensinga i retten til frådrag etter disse føresegnene nå berre gjeld for «bokføringspliktige, men ikke regnskapspliktige ». Med dette falt skattytarar som verken har rekneskapsplikt eller bokføringsplikt ut av føresegnene. Dette har ikkje vore meininga. Departementet gjer derfor framlegg om endring av disse føresegnene slik at dei omfattar alle skattytarar som ikkje har rekneskapsplikt etter rekneskapslova. Ein viser til forslag til endring av skattelova §§ 4-31 tredje ledd og 6-91 tredje ledd.

15.5 Skattelova § 10-37

Frå 1. januar 2006 blei reglane om regulering av aksjars inngangsverdi med tilbakehaldt skattlagt kapital (RISK-reglane) oppheva. Skattelova § 10-37 regulerer skattlegging ved likvidasjon av aksjeselskap og innløysing av enkeltaksjar. Det følgjer av tredje ledd første punktum at «Gevinst eller tap fastsettes etter reglene i §§ 10-31 til 10-36 så langt de passer». Føresegnene i tredje ledd andre og tredje punktum gjeld RISK-regulering i samband med likvidasjon av aksjeselskap. Departementet foreslår derfor at desse føresegnene opphevast.

Departementet viser til forslag til endring i skattelova § 10-37 tredje ledd. Departementet foreslår at endringa blir sett i kraft straks, med verknad frå og med inntektsåret 2006.

15.6 Skattelova § 14-4 første ledd

I samband med departementet sin gjennomgang av reglane for skattemessig tidfesting for skattytarar med plikt til å føre rekneskap, vart det i Ot.prp. nr. 26 (2005-2006) foreslått fleire endringar i skattelova § 14-4. Tidlegare var skattelova § 14-4 heimel for rekneskapsprinsippet for skattytarar med plikt til å føre rekneskap. Som følgje av forslag om å oppheve rekneskapsprinsippet og å få realisasjonsprinsippet som hovudregel for skattemessig tidfesting for alle skattytarar med plikt til å føre rekneskap, blei skattelova § 14-4 reservert for einskilde særlege reglar for skattytarar som har plikt til å føre rekneskap ifølgje lov eller med heimel i lov, jf. forslag til skattelova § 14-1 første ledd i Ot.prp. nr. 26 (2005-2006). Desse endringane i skattelova § 14-4 fekk verknad frå og med 2005.

Det blei ved dette høvet ikkje teke omsyn til at skattelova § 14-4 første ledd òg vart endra då lov om bokførsel av 19. november 2004 nr. 73 blei vedteken, med verknad frå 1. januar 2006. Den sistnemnde endringa gjer eit skilje mellom skattytarar med plikt til bokføring og skattytarar med plikt til rekneskapsføring. Dette skiljet er no blitt unødvendig etter at reglane i skattelova § 14-4 berre gjeld for skattytarar med plikt til rekneskapsføring. Departementet viser til forslag til endring i skattelova § 14-4 første ledd.

15.7 Oppretting i skattelova § 14-70 sjuande ledd første og anna punktum

Ved lov av 17. desember 1999 nr. 94, jf. Ot.prp. nr. 1 (1999-2000) avsnitt 18.1 fekk skattelova § 14-70 eit nytt anna ledd. Samtidig blei det også vedteke oppretting slik at dåverande anna til sjuande ledd blei nye tredje til åttande ledd. Dei to tilvisingane i paragrafen sitt sjuande ledd første og anna punktum til respektive femte og anna ledd blei ikkje retta opp samtidig. Rett tilvising i skattelova § 14-70 sjuande ledd skal vera til respektive sjette og tredje ledd i paragrafen. Departementet viser til endring i skattelova § 14-70. Departementet foreslår at endringa blir sett i kraft straks.

Til forsida