Ot.prp. nr. 77 (2005-2006)

Om lov om endringar i skatte- og avgiftslovgivinga mv.

Til innhaldsliste

7 Skattefritak for hyretillegg for sjøfolk mv.

7.1 Innleiing

Regjeringa foreslår at det skal vere skattefritak for hyretillegg som vert betalt i samsvar med tariffavtale. Skattefritaket skal berre gjelde den delen av hyretillegget som fell innafor ei ramme på 1375 kroner per månad, svarande til 16 500 kroner for eit heilt år. For hyretillegg ut over 1375 kroner per månad skal det vere skatteplikt. Departementet foreslår at det skal vere plikt til å melde frå til skattemyndigheitene om hyretillegg, også for den skattefrie delen. Plikta til å svara arbeidsgjevaravgift held fram, også for den delen av hyretillegget som vert skattefri. Endringane blir foreslått å gjelde frå 1. juli 2006.

7.2 Gjeldande rett

Hyretillegg er etter gjeldande rett skattepliktig. Dette følgjer av at dette er ei kontant yting til å dekke private utgiftar til kost i heimen. Det tidlegare skattefritaket for slikt hyretillegg, som gjaldt fram til og med 2005, gjekk fram av skattelova 5-15 første ledd bokstav e nr. 1. Sjå nærare om dette i Ot.prp. nr. 1 (2005-2006) Skatte- og avgiftsopplegget 2006 – lovendringer kapittel 6.

7.3 Departementet sine vurderingar og forslag

Forslaget om å innføre eit skattefritak for tariffesta hyretillegg for sjøfolk mv. er grunngitt i St.meld. nr. 2 (2005-2006) Revidert nasjonalbudsjett 2006 avsnitt 3.8.4.

7.3.1 Skattefritak og grensebeløp

Det tidlegare skattefritaket for hyretillegg omfatta tariffesta hyretillegg utan omsyn til kor stort dette tillegget var. Departementet meiner at det bør vere skattelova som fastsett størrelsen på skattefritaket for hyretillegg. Av den grunn foreslår departementet at det skal gjelde ei øvre grense for skattefritaket, og at denne grensa går fram av lova.

Grensa, som er foreslått sett til 1375 kroner per månad, skal gjelde som eit botnbeløp. Dette inneber at det berre er den delen av hyretillegg som overstig dette skattefrie botnbeløp som er skattepliktig. Dette nye skattefritaket får verknad for hyretillegg som vert betalt frå 1. juli 2006.

Departementet foreslår at desse endringane vert gjort ved å endre skattelova § 5-15 første ledd bokstav e nr. 1.

7.3.2 Plikta til å svara arbeidsgjevaravgift og å melde frå til skattemyndigheitene om hyretillegg

I høve til skattereglane må hyretillegg reknast som dekning av private kostnader. Slik dekning er i utgangspunktet å rekne som løn, jf. skattelova § 5-10, jf. § 5-1. Reglane om godtgjering for utgiftar i samband med arbeid gjeld ikkje for denne ytinga.

Etter gjeldande reglar har arbeidsgjevarar derfor plikt til å melde frå til skattemyndigheitene om utbetaling av hyretillegg for kvar arbeidstakar. Sjå likningslova § 6-2, jf. forskrift 23. desember 1988 nr. 1083 om levering av lønnsoppgave § 3 nr. 6. Plikta til å svara arbeidsgjevaravgift er fastsett i folketrygdlova § 23-2 første ledd, og er ein konsekvens av at hyretillegget må meldast til myndigheitene.

Sjølv om hyretillegget blir skattefritt frå 1. juli 2006, vil plikta til å melde frå om ytinga fortsett gjelde. Unntaket for skattefrie naturalytingar og godtgjersle for utgiftar i samband med arbeid mv. etter folketrygdlova § 23-2 tredje ledd gjeld ikkje, fordi hyretillegget som nemnd ovafor må reknast som dekking av ei privat utgift.

Departementet meiner at hyretillegg bør meldast til skattemyndigheitene uavhengig av om dette er skattefritt for mottakaren eller ikkje. Det er derfor ikkje naudsynt å endre reglane om plikt til å melde frå om utbetalt hyretillegg. Av omsyn til handsaminga av likninga av dei som får hyretillegg, og å halde oversikt over kor og mange kor store tillegg som vert betalt ut, skal tillegget meldast i eigen kode eller på anna måte som gjer det mogleg å skilja dette frå andre ytingar.

Regjeringa sitt forslag om å innføre skattefritak frå 1. juli 2006 gjeld ikkje plikta til å svara arbeidsgjevaravgift. Den plikta skal derfor gjelde også i framtida, også i dei høva hyretillegget er skattefritt og det ikkje skal gjerast forskottstrekk. Departementet foreslår derfor å endre folketrygdlova § 23-2 tredje ledd.

7.3.3 Plikta til å gjere forskottstrekk for hyretillegg

Plikta til å gjennomføre forskottstrekk i hyretillegg følgjer av skattebetalingslova § 5 nr. 1 bokstav a og forskrift 14. oktober 1976 nr. 9830 om forskuddstrekk i utgiftsgodtgjørelser. Som følgje av forslaget om skattefritak for hyretillegg med ei øvre grense på 1 375 kronar per månad, legg departementet opp til å endre reglane slik at forskottstrekk berre pliktas gjort dersom hyretillegget overstig grensa for skattefritak. Departementet vil sjå til at dei naudsynte endringane vert gjort i forskrift.

7.3.4 Økonomiske og administrative konsekvensar og ikraftsetjing

Dei økonomiske konsekvensane av forslaget er omtalt i St.meld. nr. 2 (2005-2006).

Forslaget vil føre til meir kompliserte skattereglar. Departementet legg likevel til grunn at forslaget ikkje vil ha administrative konsekvensar av særleg omfang.

Endringane i skattlegginga av hyretillegg tek til å gjelde frå og med 1. juli 2006.

Til forsida