Ot.prp. nr. 77 (2005-2006)

Om lov om endringar i skatte- og avgiftslovgivinga mv.

Til innhaldsliste

8 Auking av reindriftsfrådraget

8.1 Innleiing

Ved fastsetting av positiv alminneleg inntekt frå reindriftsverksemd i samsvar med skattelova § 8-1 sjette ledd, jf. skattelova § 14-82 om gjennomsnittslikning for reindrift, har reineigar krav på eit reindriftsfrådrag på inntil 36 000 kroner. Av overskytande inntekt blir det gitt eit frådrag på 19 prosent opp til eit samla frådrag på 61 500 kroner.

Finansdepartementet legg med dette fram forslag om at den øvre grensa i reindriftsfrådraget skal aukast med 10 000 kroner til 71 500 kroner.

8.2 Departementet sine vurderingar og forslag

Regjeringa meiner at det er behov for å oppjustere den øvre grensa for reindriftsfrådraget. Den øvre grensa for jordbruksfrådraget blei frå 2006 auka til 71 500 kroner. Denne auken kan også sjåast i samanheng med dei andre elementa i det endra skattesystemet for næringa, jf. Ot.prp. nr. 26 (2005-2006) avsnitt 1.3. Regjeringa vil at den same auken óg skal gjelde reindriftsfrådraget. Rett nok er det ingen automatisk samanheng mellom beløpsgrensene for det særskilde frådraget for reindrift og jord- og hagebruk, jamvel om frådraga til og med 2005 var like store, men reindriftsfrådraget må sjåast i samanheng med dei økonomiske verkemidla i reindriftsavtalen. Auken i reindriftsfrådraget vil betre rammevilkåra for næringa.

Departementet viser til forslag om endring av anna punktum i skattelova § 8-1 sjette ledd.

8.3 Økonomiske og administrative konsekvensar av forslaget

Forslaget vil ikkje ha administrative konsekvensar.

Provenytapet av å auke reindriftsfrådraget med 10 000 kroner er på usikkert grunnlag berekna til 300 000 kroner påløpt og 250 000 kroner bokført i 2006.

Til forsida