Forsida

Rapport fra CEM Benchmarking om SPU i 2021

Statens pensjonsfond utland (SPU)

Målet for forvaltinga av Statens pensjonsfond utland (SPU) er å oppnå høgast mogeleg avkasting målt i internasjonal valuta etter kostnadar og innanfor dei rammer som gjeld for forvaltinga. Finansdepartementet legg vekt på at Noregs Bank gjennomfører forvaltingsoppdraget på ein kostnadseffektiv måte.

Det kanadiske konsulentfirmaet CEM Benchmarking Inc. (CEM) utarbeider på oppdrag frå Finansdepartementet ein årleg rapport som samanliknar forvaltingskostnadar for SPU med andre internasjonale fond. Rapporten for 2021 tydar på at forvaltingskostnadane for SPU, målt som andel av forvaltingskapitalen, er låge samanlikna med andre store fond.

Om CEM-rapporten

Rapporten som CEM utarbeider for Finansdepartementet, er basert på samanlikningar med andre fond som òg kjøper tenester frå CEM. Datagrunnlaget er årlege eigenrapporteringar frå fonda. Analysar baserte på årlege gjennomsnittstal, kan avvike noko frå rapporteringa til Noregs Bank og Finansdepartementet sidan desse tek utgangspunkt i månadsdata. Den sist publiserte CEM-rapporten inneheld analysar for tiårsperioden 2012–2021.

For SPU er det laga ei samanlikningsgruppe av dei ti største fonda som CEM har data for: fire amerikanske fond, tre kanadiske fond, to europeiske fond og eit asiatisk-oseanisk fond. Den midtre marknadsverdien av fonda i denne gruppa (medianen) var 246 mrd. euro i 2021, medan gjennomsnittleg marknadsverdi av SPU i 2021 var 1 123 mrd. euro.

CEM samanliknar kostnadane for forvaltinga av SPU med forvaltingskostnadane for fonda i samanlikningsgruppa. Rapporten inneheld òg samanlikningar av samla avkasting over den aktuelle tidsperioden og netto verdiskaping, slik CEM definerer sistnemnde.

CEM peikar på at fonda i rapporten har ulike forpliktingar, risikovilje og langsiktige forventingar til marknadsutviklinga. Desse skilnadene gjer at samansettinga av referanseindeksane til fonda vil kunne variere med omsyn til aktiva- og valutafordeling, geografisk fordeling og kreditt- og renterisiko. CEM skriv at det derfor ikkje er overraskande at fonda får ulike avkastingar og kostnadar. Skilnadene gjer òg at det til ei viss grad er utfordrande å samanlikne fonda. Mellom anna er ei stor del av fonda i samanlikningsgruppa pensjonsfond. Mange pensjonsfond rettar investeringane inn etter pensjonsforpliktingane for å redusere den samla risikoen. Desse fonda har dermed andre føremål med investeringane ut over å oppnå høgast mogleg avkasting over tid. I motsetnad til tradisjonelle pensjonsfond er ikkje SPU øyremerka til særskilte forpliktingar.

I det videre vert det gjeve ein kort gjennomgang av hovudpunkta i CEM-rapporten for 2021.

Forvaltingskostnadar i 2021

CEM-rapporten syner at kostnadane til Noregs Bank for å forvalte SPU i 2021 var 0,042 pst. av gjennomsnittleg forvaltingskapital. Den typiske forvaltingskostnaden (mediankostnaden) i samanlikningsgruppa var 0,398 pst.

Forvaltingskostnadane reflekterer i stor grad aktivafordelinga til fonda, som er eit resultat av den valde investeringsstrategien. Fonda i samanlikningsgruppa har i gjennomsnitt ein lågare andel aksjar og obligasjonar og ein betydeleg høgare andel unoterte aktiva, enn SPU. Unoterte aktiva har høgare forvaltingskostnadar enn noterte investeringar. Samanlikningar av totale kostnadar gir følgeleg ikkje eit fullgodt bilete av om forvaltinga til Noregs Bank er kostnadseffektiv.

CEM har derfor utarbeidt ein kostnadsreferanse som tek omsyn til skilnadene i aktivafordelinga. Kostnadsreferansen indikerer kor høge kostnadar fonda i samanlikningsgruppa ville hatt dersom dei hadde  aktivafordelinga til SPU. Analysen syner at dei faktiske forvaltingskostnadane i SPU i 2021 var 0,177 prosenteiningar lågare enn denne kostnadsreferansen. Det hadde i hovudsak samanheng med at Noregs Bank har ein høgare andel intern forvalting enn fonda i samanlikningsgruppa. Intern forvalting kostar generelt mindre enn ekstern forvalting. Banken betalar dessutan mindre for den interne forvaltinga enn fonda i samanlikningsgruppa, målt som andel av kapital til forvalting. I perioden 2012–2021 utgjorde årlege forvaltingskostnadar i gjennomsnitt 0,05 pst. av forvaltingskapitalen i SPU, sjå omtale i Meld. St. 9 (2021–2022) Statens pensjonsfond 2022.

CEM har vidare utarbeidt eit anslag for kostnader ved passiv forvalting av SPU på 0,032 pst. Anslaget er basert på kostnadane som andre fond har ved passiv forvalting. SPU er vesentleg større enn desse fonda og Noregs Bank bør kunne utnytte stordriftsfordelar, og berre kostnadane for den nedre firedelen i samanlikningsgruppa er derfor nytta i samanlikninga med SPU. CEM skriv at ein må vere varsam med å tolke kostnadsanslaget sidan det både er lavt og basert på tal frå eit fåtal fond. Norges Bank anslo i brev 1. desember 2021 at passiv forvalting av SPU dei siste fem åra ville kosta om lag 0,03 pst. per år.

Avkasting i perioden 2012–2021

Finansdepartementet har fastsett ein referanseindeks for SPU. Ifølgje CEMs analyser var gjennomsnittleg årleg avkasting av referanseindeksen til SPU i tiårsperioden fram til og med 2021 på 9,5 pst. målt i internasjonal valuta. Dette er noko høgare enn den typiske referanseindeksavkastinga (medianen) i samanlikningsgruppa som var 8,6 pst.

Innanfor rammene i mandatet frå Finansdepartementet kan Noregs Bank avvike noko frå referanseindeksen for fondet. Ifølge CEMs analysar var gjennomsnittleg årleg netto avkasting (etter fråtrekk for forvaltingskostnadar) av dei faktiske investeringane i SPU i tiårsperioden fram til og med 2021 på 9,6 pst., målt i internasjonal valuta. Det er noko høgare enn den midtre avkastinga (medianen) i samanlikningsgruppa som var 8,8 pst.

CEMs anslag for netto verdiskaping i SPU 2012–2021

CEM anslår netto verdiskaping i forvaltinga av SPU (berekna som netto avkasting av SPU fråtrekt avkastinga av referanseindeksen) til 0,2 prosenteining i gjennomsnitt per år for tiårsperioden fram til og med 2021. Det er noko lågare enn medianen i samanlikningsgruppa, som er berekna til 0,3 prosenteiningar.

Finansdepartementet rapporterer brutto meiravkasting i SPU, dvs. forskjellen i avkasting mellom den faktiske porteføljen og referanseindeksen før kostnadar. Brutto årleg meiravkasting i SPU har i gjennomsnitt vore 0,25 prosenteiningar i tiårsperioden fram til og med 2021. Historisk har brutto meiravkasting vist seg å vere eit rimeleg mål på netto verdiskaping i forvaltinga av SPU, sjå omtale i Meld. St. 23 (2015–2016) Forvaltningen av Statens pensjonsfond i 2015. Dei siste åra har kostnadane ved å følge referanseindeksen vore noko lågare enn dei historiske kostnadane. I denne perioden har netto verdiskaping derfor lege ein stad mellom brutto og netto meiravkasting, sjå omtale i Meld. St. 9 (2021–2022) Statens pensjonsfond 2022 og brev frå Noregs Bank 1. desember 2021 om gjennomgangen av forvaltinga av Statens pensjonsfond utland.