Verkstad for regional utvikling

Verkstad for regional utvikling 2021 blir arrangert 1.–2. desember. Hovudtema for årets verkstad er «kompetanse» og «smart spesialisering og det grøne giv».

Sted: Nationaltheateret konferansesenter (KS-huset), Haakon VIIs gt. 9, Oslo

Plenumsinnlegga vil bli strøyma. Du finn lenkje til strøyminga i programmet under.

Program

Onsdag 1. desember

Lenkje til strøyming dag 1 (strøyminga er først tilgjengeleg cirka ein time før programmet startar)

Lunsj 12.30 – 13.30

Program 13.30–18.00

  • Velkommen, ekspedisjonssjef Anne Karin Hamre, Kommunal- og moderniseringsdepartementet
  • Endringar i distrikts- og regionalpolitikken, statssekretær Kjersti Bjørnstad, Kommunal- og moderniseringsdepartementet
  • Kompetanse for eit grønare, regionalt næringsliv, avdelingsdirektør Rebekka Borsch, NHO og spesialrådgjevar Arvid Ellingsen, LO
  • Digital dialogrunde mellom fylkeskommunane (bakgrunnsnotat: Grønn kompetanse i et regionalt perspektiv (PDF)), moderator: avdelingsdirektør Jørund Nilsen, Kommunal- og moderniseringsdepartementet 
  • Refleksjonar ved borda
  • Direktoratet sitt samspel med regionane, avdelingsdirektør Margrethe Marsrud Svensrud, Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
    • Spørsmål og svar
  • Gruppediskusjonar
  • Tankar om dagen v/ ein fylkeskommune

Kl. 18.15: Felles middag, Foodie, Oslo sentrum 

Torsdag 2. desember fra 09.00

Lenkje til strøyming dag 2 (strøyminga er først tilgjengeleg cirka ein time før programmet startar)

Lunsj 12.30 – 13.30

Alle innlegg på dag 1 og dag 2 vil bli strøyma. Lenkje til strøyminga kjem her.

Meir om temaa på verkstaden

Kompetanse

Kompetanse er ein nøkkelfaktor for næringsutvikling i alle regionar, for gode offentlege tenester og for ei meir berekraftig utvikling. Fylkeskommunane har eit stor ansvar for kompetansepolitikken regionalt, og regionale kompetanseforum skal bidra til å samordne dei ulike kompetanseaktørane. Korleis samhandlar regionale aktørar med statlege etatar som Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse? På kva område og måte kan regionale kompetanseforum ta ei sterkare rolle i kompetansepolitikken, fremje grøn utvikling  og møte regionale og lokale kompetansebehov?

Smart spesialisering og grøn giv

Berekraft og grøn omstilling står øvst på verdas dagsorden. Smart spesialisering blir eit verktøy og ein metode for ei målretta grøn næringsutvikling regionalt. Under verkstaden skal vi utforske dette skjeringsfeltet mellom smart spesialisering, regional næringsutvikling, grøn omstilling og kompetanse. Aktuelle inngangar er måling og indikatorar, koplinga mellom indikatorar og praksisfelt, samskaping og felles retning mellom fylkeskommunane og næringslivet.

Presentasjonar frå tidlegare verkstader:

Verkstad for regional utvikling 2020 blei arrangert 30. november og 3. desember.

I samanheng med verkstaden vart det utarbeidd to forskarnotat:

Opptak frå dag 1

Velkomsthilsen, distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland

Velkomsthilsen, ekspedisjonssjef Anne Karin Hamre, Kommunal- og moderniseringsdepartementet.mp4

Smart spesialisering – hva nå? Åge Mariussen, Nordlandsforskning

Bruken av smart spesialisering som strategisk verktøy, Per Erik Sørås, Trøndelag fylkeskommune.mp4

Evaluering, analyse og måling av smart spesialisering, Anna Marie Hatlestad, Møre og Romsdal fylkeskommune.mp4

Samarbeid med Viken fylkeskommune og Oslo kommune i prosjektet MIT REAP, Henning Vold, Norvestor.mp4

Presentasjonar frå dag 1

Rigget for restart – smart spesialsering som strategi Innovasjon Norge.pdf

Trøndelags erfaringer med bruk av S3 i arbeidet som samfunnsutvikler.pdf

Monitorering og evaluering Møre og Romsdal.pdf

Opptak frå dag 2

Partnerskap og bærekraft, fylkesrådmann Tine Sundtoft, Agder fylkeskommune.mp4

Smart spesialisering og partnerskap, Liv Rask Sørensen, Nordland fylkeskommune

Regionale partnerskap i møte med store samfunnsutfordringer, Erik Magnussen, Telemarksforsking

Å delta i smart spesialiseringsprosessen i Rogaland, Kjersti Søyland Bye, Eigersund kommune.mp4

Partnerskap i usikre tider, Ivar Jan Leren, Rogaland fylkeskommune.mp4

Partnerskap og nettverk i Vestfold og Telemark, Øystein Brinck, Vestfold og Telemark fylkeskommune.mp4

Presentasjonar frå dag 2

SMART spesialisering og regionale partnerskap i Nordland.pdf

Regionale partnerskap i møte med store samfunnsutfordringer.pdf

Partnerskap og nettverk i Vestfold og Telemark.pdf