Statsbudsjettet 2024

6,4 milliardar kroner vekst i frie inntekter til kommunesektoren i 2024

– For å lykkast med dei krevjande og viktige oppgåvene kommunane skal løyse for å gi folk ein betre kvardag, gir vi kommunane ein god og føreseieleg økonomi, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

I kommuneproposisjonen for 2024 varsla regjeringa ein vekst i frie inntekter innanfor eit intervall på 5,6 – 5,9 milliardar kroner. Som følgje av nye og høgare anslag for meirkostnader til pensjon i 2024, foreslår regjeringa no ein vekst på 6,4 milliardar kroner.

– Veksten sikrar at sektoren får dekt auka kostnader til demografi og pensjon i 2024, i tillegg til å gi noko auka handlingsrom, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Veksten er fordelt med 5,1 milliardar kroner til kommunane og 1,3 milliardar kroner til fylkeskommunane. Innanfor veksten til kommunane er 150 millionar kroner grunngitt med satsing på psykisk helse og rus, medan 100 millionar kroner er fordelte til dei kommunane som tapar mest på modellen for gradert basiskriterium. I tillegg kjem 40 millionar kroner til helsestasjon og skulehelsetenesta. 300 millionar kroner av veksten til fylkeskommunane er grunngitt med omlegging av inntektssystemet.

– Då førre regjering ville slå saman kommunar endra dei òg reglane for basistilskotet. Mange kommunar har blitt straffa for at dei ikkje slo seg saman, ved at dei ikkje får full kompensasjon for smådriftsulemper i inntektssystemet. Senterpartiet og Arbeiderpartiet i regjering har vore tydeleg på at vi er mot å straffe kommunar på ein slik måte, og no startar vi jobben med å rydde opp etter Solberg-regjeringa på dette området, seier Gjelsvik.

Ny berekningar syner at skatteinngangen for kommunesektoren i 2023 ligg an til å bli 4,1 milliardar kroner høgare enn anslått i vår. Samstundes er kostnadsveksten for kommunesektoren i 2023 no anslått å bli 3,2 milliardar kroner lågare enn lagt til grunn ved handsaminga av revidert nasjonalbudsjett og kommuneproposisjonen i vår.

– Saman med den auka veksten i frie inntekter, gjer dei nye anslaga for kostnadsveksten, at handlingsrommet for kommunane ligg an til å bli betre ved inngangen til 2024 enn det vi så føre oss då kommuneproposisjonen blei handsama i vår, seier Gjelsvik.

Fylkesvis oversikt:

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00
E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no