Forsida

Rapport frå CEM Benchmarking om SPN i 2021

Statens pensjonsfond Norge

Målet for forvaltinga av Statens pensjonsfond Norge (SPN) er å oppnå høgast mogeleg avkasting målt i kroner etter kostnadar og innanfor dei rammer som gjeld for forvaltinga. Finansdepartementet legg vekt på at Folketrygdfondet gjennomfører forvaltingsoppdraget på ein kostnadseffektiv måte.

Det kanadiske konsulentfirmaet CEM Benchmarking Inc. (CEM) utarbeider på oppdrag frå Finansdepartementet ein årleg rapport som samanliknar forvaltingskostnadar for SPN med andre internasjonale fond. Rapporten for 2021 tydar på at forvaltingskostnadane for SPN, målt som andel av forvaltingskapitalen, er låge samanlikna med andre store fond.

Om CEM-rapporten

Rapporten som CEM utarbeider for Finansdepartementet, er basert på samanlikningar med andre fond som òg kjøper tenester frå CEM. Datagrunnlaget er årlege eigenrapporteringar frå fonda. Analysar baserte på årlege gjennomsnittstal, kan avvike noko frå rapporteringa til Folketrygdfondet og Finansdepartementet, sidan desse tek utgangspunkt i månadsdata. Den sist publiserte CEM-rapporten inneheld analysar for tiårsperioden 2012–2021.

For SPN er det laga ei samanlikningsgruppe som er sett saman av 16 fond med om lag like stor intern aksjeforvalting som Folketrygdfondet: fem amerikanske fond, tre kanadiske fond, syv europeiske fond og eit asiatisk-oseanisk fond. Den midtre marknadsverdien av fonda i denne gruppa (medianen) var 62,5 mrd. euro i 2021, medan gjennomsnittleg marknadsverdi av SPN i 2021 var 33,2 mrd. euro.

CEM samanliknar kostnadane for forvaltinga av SPN med forvaltingskostnadane for fonda i samanlikningsgruppa. Rapporten inneheld òg samanlikningar av netto verdiskaping, slik CEM definerer det. Sidan SPN for det meste er investert i Noreg, samanliknar ikkje CEM avkastinga til fondet med avkastingane til fonda i samanlikningsgruppa. Då dei andre fonda investerer globalt eller i andre heimemarknadar, ville ei slik samanlikning vore lite informativ.

CEM peikar på at fonda i rapporten har ulike forpliktingar, risikovilje og langsiktige forventingar til marknadsutviklinga. Desse skilnadene gjer at samansettinga av referanseindeksane til fonda vil kunne variere med omsyn til aktiva- og valutafordeling, geografisk fordeling og kreditt- og renterisiko. CEM skriv at det derfor ikkje er overraskande at fonda får ulike avkastingar og kostnadar. Skilnadene gjer òg at det til ei viss grad er utfordrande å samanlikne fonda.

I det videre vert det gjeve ein kort gjennomgang av hovudpunkta i CEM-rapporten for 2021.

Forvaltingskostnadar i 2021

CEM-rapporten syner at kostnadane til Folketrygdfondet for å forvalte SPN i 2021 var 0,059 pst. av gjennomsnittleg forvaltingskapital. Den typiske forvaltingskostnaden (mediankostnaden) i samanlikningsgruppa var 0,382 pst.

Forvaltingskostnadane reflekterer i stor grad aktivafordelinga til fonda, som er eit resultat av den valde investeringsstrategien. Fonda i samanlikningsgruppa har i gjennomsnitt ein lågare andel aksjar og obligasjonar enn SPN, og ein betydeleg andel unoterte aktiva. Unoterte aktiva har høgare forvaltingskostnadar enn noterte investeringar. Samanlikningar av totale kostnadar gir følgeleg ikkje eit fullgodt bilete av om forvaltinga til Folketrygdfondet er kostnadseffektiv.

CEM har derfor utarbeidt ein kostnadsreferanse som tek omsyn til skilnadene i aktivafordelinga. Kostnadsreferansen indikerer kor høge kostnadar fonda i samanlikningsgruppa ville hatt dersom dei hadde aktivafordelinga til SPN. Analysen syner at dei faktiske forvaltingskostnadane i SPN i 2021 var 0,082 prosenteiningar lågare enn denne kostnadsreferansen. Det hadde i hovudsak samanheng med at Folketrygdfondet forvaltar heile fondet internt, medan samanlikningsgruppa nyttar ein betydeleg andel ekstern forvalting. Intern forvalting kostar generelt mindre enn ekstern forvalting. Folketrygdfondet betalar dessutan mindre for den interne forvaltinga enn fonda i samanlikningsgruppa, målt som andel av kapital til forvalting. I perioden 2012–2021 utgjorde årlege forvaltingskostnadar i gjennomsnitt 0,08 pst. av forvaltingskapitalen i SPN, sjå omtale i Meld. St. 9 (2021–2022) Statens pensjonsfond 2022.

CEM har vidare utarbeidt eit anslag for kostnader ved passiv forvalting av SPN på 0,029 pst. Anslaget er basert på kostnadane som andre fond har ved passiv forvalting. CEM skriv at ein må vere varsam med å tolke kostnadsanslaget sidan det både er lavt og basert på tal frå eit fåtal fond. Folketrygdfondet anslo i brev til departementet 16 desember 2022 at passiv forvalting av SPN dei siste fire åra ville kosta om lag 0,029 pst. per år når kostnadar ved å utøve eigarskap og utlån av verdipapir ikkje er teke med. Når Folketrygdfondet inkluderer desse kostnadane, stig anslaget til 0,041 pst.

CEMs anslag for netto verdiskaping i SPN 2012–2021

CEM anslår netto verdiskaping i forvaltinga av SPN (berekna som netto avkasting av SPN fråtrekt avkastinga av referanseindeksen) til 0,6 prosenteining i gjennomsnitt per år for tiårsperioden fram til og med 2021. Det er noko høgare enn medianen i samanlikningsgruppa, som er berekna til 0,5 prosenteiningar.

Finansdepartementet rapporterer brutto meiravkasting i SPN, dvs. forskjellen i avkasting mellom den faktiske porteføljen og referanseindeksen før kostnadar. Brutto årleg meiravkasting i SPN har i gjennomsnitt vore 0,68 prosenteiningar i tiårsperioden fram til og med 2021. Historisk har brutto meiravkasting vist seg å vere eit rimeleg mål på netto verdiskaping i forvaltinga av SPN, sjå omtale i Meld. St. 23 (2015–2016) Forvaltningen av Statens pensjonsfond i 2015 og i Meld. St. 20 (2018–2019) Statens pensjonsfond 2019.