Gåing

Gåing er bra for folkehelsa, sparer lufta for utslepp, støyar ikkje, og er positivt for by- og bumiljø. Ved å legge til rette for gåvenlege område sørger ein for god mobilitet for barn, unge og andre som ikkje køyrer bil.

Noreg var det fyrste landet som fekk ein nasjonal gåstrategi, i 2012. Strategien har to overordna mål: det skal vere attraktivt å gå for alle, og fleire skal gå meir. For at fleire skal ønske å gå meir må det leggast til rette for at det skal vere både trygt og attraktivt å gjere det. Nasjonal transportplan har eit mål om at 8 av 10 barn med skuleveg med lengde opp til 4 kilometer, skal gå eller sykle til og frå skulen.  

Statlege planretningslinjer for bustad-, areal-, og transportplanlegging (SPR-BATP) skal bidra til meir effektive planprosessar. Planlegging av arealbruk og transportsystem skal fremme samfunnsøkonomisk effektiv ressursutnytting, god trafikksikkerheit og effektiv trafikkavvikling. I planretningslinjene står det at planlegging skal bidra til å styrke gåing som transportform. Gåing inngår også i retningslinjene om grunnlaget for avgjerd ved lokalisering av utbyggingsområde. Ved behov for auka transportkapasitet skal ein greie ut moglegheitene for å løyse transportbehovet med betre tilrettelegging for kollektiv, sykkel og gåing.  

Tilrettelegging for gåande er viktig ved bygging av eit nytt vegprosjekt, utviding eller omlegging av ein vegtrasé og ved endring av standard for vegen. Rammene for slike prosjekt blir som regel avklart gjennom ein kommunedelplan med konsekvensutretning etter plan- og bygningslova. Plan- og bygningslova gir rammer for planlegging av samferdselsinfrastruktur, frå overordna planlegging i regionale planar (§ 8-1), til arealdelen i kommuneplanen med opplysning om samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur (§ 11-7, punkt 2).  

Reglar om medverking for kommunedelplanar er regulert i reglar om planprosessar i plan- og bygningslova (§§ 11-12–11-18). Det er krav om reguleringsplan for gjennomføring av større bygge- og anleggstiltak (§ 12-1).  

 

 

Rettleiing og ressursar

Nasjonal gåstrategi (Statens vegvesen) 

Rettleiar for lokale gåstrategiar og planar for kommunar (pdf) (Statens vegvesen) 

 

N100 Veg- og gateutforming (Statens vegvesen)  

Byrom - en idehåndbok  (Kommunal- og distriktsdepartementet) 

 

Gåbyen Bergen: Gåing er skildra i kommuneplanens samfunnsdel Bergen 2030 og følgt opp i arealdelen (Bergen kommune). Kommuneplanen er følgt opp med ein eigen Gåstrategi for Bergen 2020 – 2030 (Bergen kommune). 

Bergen satsar på snarvegar - YouTube 

Nye snarvegar i Trondheim - YouTube 

Sentrumsnære turvegar med universell utforming - YouTube 

 

Statlege planretningslinjer for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging (Kommunal- og distriktsdepartementet) 

Forskrift om konsekvensutgreiing (Klima- og miljødepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet) 

 

Idékatalog: enkle tiltak for å redusere hindringar for gåande  (pdf) (Statens vegvesen) 

Tiltakskatalog for transport og miljø (Transportøkonomiske institutt)  

Nasjonalt fagnettverk for sykkel og gange (Statens vegvesen)  

Publikasjonar gangtrafikk (Statens vegvesen)  

11 minutter om hjertesoner (Sykkelnettverket)

Statens Vegvesen: Nasjonal Transportplan (NTP) inneholder hovedtrekkene i norsk transportpolitikk de neste 12 årene. Planen revideres hvert 4. år.

 

 

Ansvar og roller

Ca. 40 prosent av det offentlege vegnettet er kommunalt. Kommunar har dermed ei sentral rolle i å legge til rette for at det er trafikksikkert å gå langs det kommunale vegnettet. Det er mange som bur langs kommunale vegar, og det er derfor eit stort potensiale for at korte reiser kan gjennomførast til fots i slike område.   

Som planmyndigheit kan kommunane legge til rette for å auke talet på gåande i byar og tettstadar. Gjennom kommunale arealstrategiar og arealplanar planlegg kommunane for vidare utbygging av eit godt samferdselsnett. Dette gjerast gjennom trygge skulevegar, ved å planlegge for gåing frå kollektivknutepunkt og ut til friluftslivsområde, og for transportløysingar for grupper som er mindre mobile. Kommunane kan vidare kartlegge status for eige vegnett og utreie behov for vidare utbygging og oppgradering. Dette vil kunne vere grunnlag for ein eigen kommunal gåstrategi. 

 

Fylkeskommunane har ansvaret for forvalting av fylkesvegane, som består av 48 prosent av vegnettet. Fylkeskommunane har også ansvar for kollektivtransport på land og sjø, både i sentrale område og i distrikta. Gjennom regionale planar legg fylkeskommunane til rette for eit effektivt utbyggingsmønster, ein tydeleg senterstruktur og hovudtrekka i transportsystemet.  

Fylkeskommunane har ansvar for fagnettverk med kommunane i sitt fylke som del av Sykkelnettverket. Det er eit nasjonalt fagnettverk som skal dele kunnskap og erfaringar om planlegging for sykkel og gåing.  

 

Samferdselsdepartementet har eit overordna ansvar for utarbeiding av Nasjonal Transportplan (NTP) som inneheld politiske prioriteringar for samferdselsinfrastrukturen i heile landet. Kommunal- og distriktsdepartementet har eit særskilt ansvar for dei nasjonale føringane om planlegging etter plan- og bygningslova, og til vedtak av statlege arealplanar.  

Statens vegvesen har ansvar for regelverk og vegnormalar for all offentleg veg, inkludert normalar for korleis infrastruktur for gåing skal byggast. Statens vegvesen bygg og driftar gang- og sykkelvegar langs riksvegar, noko som utgjer ca. 10 prosent av det offentlege vegnettet.  

Statens vegvesen har også ansvar for å utvikle sektoren i tråd med nasjonale transportpolitiske mål, og leiar arbeidet med forhandlingar og oppfølging av byvekstavtalane i dei største byområda. I tillegg har Statens vegvesen hovudansvaret for Sykkelnettverket, som er eit nasjonalt fagnettverk for sykkel og gåing.