Lokal samfunnsutvikling i Distrikts-Noreg

Lokal samfunnsutvikling handlar om å utvikle gode og velfungerande kommunar, der innbyggarar, næringsliv og besøkande ønsker å vere. Det er mange element som har tyding for utvikling av gode lokalsamfunn, som tilgang på arbeid, tenester, bustader, infrastruktur, kulturopplevingar, friluftsliv og eit godt fysisk og sosialt inkluderande nærmiljø.

Det er utarbeidd to offentlege utgreiingar som syner kva utfordringar mange distriktskommunar har, for å få til god lokal samfunnsutvikling, og korleis ut­fordr­ingane kan møtast.  Meir om Distriktsnæringsutvalet og Demografiutvalet.

Demografiutvalet peiker på at den demografiske utviklinga er ei av dei største utfordringane i distrikta. Fleire eldre innbyggjarar og reduksjon i delen i yrkesaktiv alder, rammar mange små distriktskommunane ekstra hardt. Dei står overfor store krav til omstilling. Innovasjon i offentleg sektor er ein av hovudstrategiane for å løyse utfordringane desse lokalsamfunna vil møte framover.

Distriktssenteret er eit nasjonalt kompetansesenter under Kommunal- og distriktsdepartementet. Dei har som oppgåve å arbeide for at distrikts­kommunar kan utvikle gode lokalsamfunn. Distriktssenteret tilbyr kunnskap og verktøy for lokal samfunnsutvikling, og kan vere ein god samarbeidspartnar for distriktskommunar. Meir om Distriktssenteret.  

Sjå teneste-, nærings- og stadutvikling i samanheng

Kommunane har eit stort ansvar for å sikre gode levekår og eit likeverdig tenestetilbod for sine innbyggjarar. Dei skal samstundes vere ein pådrivar for nærings- og stadutvikling i sin kommune.

Arbeidet med lokal samfunnsutvikling handlar om å gjere fleire ting samstundes. Distriktsnæringsutvalet peiker på at det er ikkje først og fremst mangel på arbeidsplassar i distrikta, men mangel på kvalifisert arbeidskraft. Det kan svekke høvet til utvikling i private verksemder, og føre til dårlegare tenester for innbyggjarane.

Mangel på bustader er ei av fleire årsaker til at det er vanskeleg å rekruttere kvalifisert arbeidskraft. Ein aktiv politikk for utvikling av gode bustader og bumiljø kan dermed bidra til at næringslivet og kommunen lettare får rekruttert og behalde arbeidskraft dei treng for å løyse sine oppgåver og utvikle lokalsamfunna. Det å arbeide heilskapleg er del av ei berekraftig samfunnsutvikling, og må ligge til grunn for god samfunns- og arealplanlegging i kommunane.

Meir om regional næringsutvikling.

Å ha tilgang på ein god daglegvarebutikk blir definert som ein grunnleggjande teneste, av stor tyding for lokalsamfunnet den ligg i. Merkur-programmet er eit spissa utviklingsprogram for daglegvarebutikkar i område med små marknader. Mange av Merkur-butikkane er blitt bygda sitt servicesenter, med post, tipping, apotekvarer, sal av lokal mat, kommunal informasjon, drivstoff og ulike andre tenester.

Meir om Merkur-programmet.

Kapasitet og kompetanse til å drive lokal samfunnsutvikling

Distriktskommunar kan ha sterk utviklingskraft og dra nytte av at organisasjonane er mindre og meir oversiktlege, og dermed ha betre  føresetnader for å sjå ulike tenester og sektorar i samanheng. Samstundes veit vi at mange distriktskommunar manglar kapasitet og kompetanse til å ta ei aktiv rolle i lokal samfunnsutvikling. 80 pst. av kommunar med under 5 000 innbyggjarar har mindre enn eit årsverk til samfunnsplanlegging.  

Samarbeid mellom Distriktssenteret, fylkeskommunane, kommunane og andre nasjonale, regionale og lokale aktørar om utviklingstiltak, styrkar kommunane i deira utviklingsarbeid. Det bidrar til at kommunane finn fram til kva som er viktig å gjere i eigen kommune. Kommunar som er gode på samfunnsutvikling har både formelle og uformelle arenaer der innbyggjarar, næringsliv og organisasjonar kan delta i samfunnsutviklinga.

Lokal samfunnsutvikling og innovasjon

Mange kommunar testar nye måtar å løyse oppgåvene sine på. Medarbeidarar og leiarar arbeider fram kultur og kompetanse på nytenking og innovasjon. Innovasjon er å gjere og gjennomføre noko nytt, som er nyttig for samfunnet eller organisasjonen. Høvet til å ta i bruk løysingar eller arbeidsformer som andre har utvikla er ei superkraft for offentleg sektor. Det er fritt fram for samarbeid og steling med stil!

Departementet samarbeider med Distriktssenteret, KS, DOGA og distriktskommunar for å finne måtar å ytterlegare fremje kapasitet og kompetanse til innovasjon i distriktskommunar. Les meir om korleis ein kan skape meir innovasjon i distriktskommunar. 

DOGA skal bidra til auka konkurranseevne i næringslivet og fornying av offentleg sektor, gjennom designdrive innovasjon. DOGA er mellom anna ansvarleg for GNIST, som er eit innovasjonsprogram for kommunar som vil jobbe på nye måtar med nærings- og stadutvikling. Meir om Doga og Gnist.