St.meld. nr. 28 (2006-2007)

Om samarbeidet i NATO i 2006

Til innhaldsliste

1 Erklæring frå formannen, Brussel, torsdag 8. juni 2006 Møte i NATO–Ukraina-kommisjonen ved forsvarsministrane

NATO–Ukraina-kommisjonen møttest på forsvarsministernivå i Brussel 8. juni for å diskutere den ukrainske forsvarspolitikken og den pågåande omdanninga av dei væpna styrkane i Ukraina. Ministrane sa seg på ny fast bestemte på å halde fram med å samarbeide for å støtte reformene i forsvars- og tryggingssektoren i Ukraina.

Ministrane gav særleg uttrykk for forpliktande vilje til å styrkje demokratiske institusjonar, oppmuntre til respekt for felles euroatlantiske verdiar og gjennomføre omfattande reformer i heile forsvars- og tryggingssektoren, for såleis å medverke til at Ukraina kan nå reformmålsetjingane og realisere ambisjonane sine om euroatlantisk integrasjon. I denne samanhengen sa ministrane seg nøgde med den intensiverte dialogen som blir ført mellom NATO og Ukraina om medlemsskapsambisjonar og relevante reformer, utan å forskottere utfallet av eit eventuelt seinare vedtak i alliansen. Ministrane frå allianselanda såg òg positivt på den første årlege kvitboka om forsvarspolitikken i Ukraina for 2005, utgjeven av det ukrainske forsvarsministeriet, og på innsatsen for å gjennomføre statsprogrammet for utvikling av dei væpna styrkane i Ukraina, som gjeld for 2006–2011. Minister Grytsenko skisserte den praktiske innsatsen som blir gjort med sikte på å hjelpe dei ukrainske væpna styrkane å nå NATO-standard i samsvar med NATO–Ukraina-handlingsplanen, arbeidsplanen til Militærkomiteen og planleggings- og revisjonsprosessen i PFP. Han sa òg at Ukraina er villig til å intensivere denne innsatsen ytterlegare.

Ministrane la òg vekt på at effektive reformer i tryggingssektoren i Ukraina er viktige for dei ukrainske ambisjonane om NATO-medlemskap. På bakgrunn av framgangen Ukraina har oppnådd på dette området, såg ministrane med glede på den gjennomgangen av tryggingssektoren i landet som no går føre seg, og stadfeste at den felles NATO–Ukraina-arbeidsgruppa for forsvarsreform (JWGDR) burde halde fram som ein nøkkelmekanisme for å regulere samarbeidet mellom NATO og Ukraina til støtte for reformer knytte til forsvars- og tryggingssektoren. Ministrane var òg samde om å halde fram med å bruke JWGDR til å hjelpe Ukraina i omdanninga av tryggingssektoren i landet med sikte på å få det meir på linje med euroatlantiske verdiar og standardar. Med dette som siktemål skal det framleis haldast felles konsultasjonar med deltaking av aktuelle ekspertar og styresmakter frå NATO-hald og alliert hald, mellom anna innanfor ramma av JWGDR-samarbeidsplanen for nasjonal gjennomgang av tryggingssektoren i Ukraina.

Ministrane frå allianselanda sa seg òg på ny villige til å halde fram med å hjelpe Ukraina i arbeidet for å styrkje den sivile og demokratiske kontrollen med tryggings- og forsvarsstrukturane. I så måte såg ministrane med glede på den pågåande gjennomføringa av JWGDR-programmet for fagleg utvikling av sivilt personell tilsett i ukrainske tryggingsinstitusjonar. Ministrane understreka òg det viktige i at NATO og Ukraina samarbeider om vidareutviklinga av eit effektivt nasjonalt system for forsvarsplanlegging på ukrainsk hald. Dei tok òg til orde for vidare innsats med sikte på betre harmonisering av bilateralt samarbeid mellom individuelle allianseland og Ukraina.

Ministrane stadfeste òg at det stadig er viktig å ta hand om konsekvensane av reformene i forsvars- og tryggingssektoren i Ukraina, og sa seg nøgde med at ein var i gang med ei forsvarleg destruering av overskotslager av ammunisjon, handvåpen, lette våpen og berbare luftforsvarssystem gjennom eit prosjekt i regi av PFP-fondet. Dei uttrykte òg på ny støtte til NATO–Ukraina-programmet for omskolering av dimittert militært personell og til prosjektet i regi av PFP-fondet som støttar det militære omskoleringssenteret i Khmilnitskij.

Ministrane tok òg føre seg det betydelege engasjementet frå ukrainsk side i fredsbevarings- og fredsstøtteoperasjonar, mellom anna i form av bidrag til KFOR, opplæring av personell til NATO-opplæringsoppdraget i Irak og praktiske tiltak frå ukrainsk side til støtte for operasjon Active Endeavour i Middelhavet. Ukrainas vilje til å yte logistikkstøtte til den NATO-leidde ISAF-operasjonen i Afghanistan og til oppdraget Den afrikanske unionen utfører i Darfur, blei òg diskutert.

Ministrane merkte seg òg med glede at den portugisiske forsvarsministeren under møtet inviterte til å oververe høgnivåkonsultasjonane mellom NATO og Ukraina i 2006, som skal haldast i Lisboa i oktober.

Til forsida