St.meld. nr. 28 (2006-2007)

Om samarbeidet i NATO i 2006

Til innhaldsliste

4 Den sivile dimensjonen

4.1 NATO som humanitær aktør

Med hjelpeinnsatsen etter orkanen Katrina i USA i september 2005 og jordskjelvskatastrofen i Pakistan fram til februar 2006, var NATO for første gong direkte involvert i humanitære hjelpeoperasjonar. Jordskjelvskatastrofen førte òg til at element frå hurtigreaksjonsstyrken NRF for første gong blei tekne i bruk. Støtta til FN og Pakistan gjekk i hovudsak ut på lufttransport av materiell for FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) og FNs matvareprogram (WFP), i tillegg til utplassering av feltsjukehus og ingeniørstyrkar. Den humanitære innsatsen blei høgt verdsett av pakistanske styresmakter, og viste at NATO kan spele ei rolle som humanitær aktør.

NATO-innsatsen i Pakistan førte til ein debatt om kva rolle alliansen skal ha i humanitære kriser. Somme allierte stilte seg skeptiske til ei slik rolle, i tråd med ein generell motvilje mot at NATO skal ta på seg anna enn reint militære oppgåver. Det store fleirtalet meinte likevel at NATO må kunne stille ressursar til rådvelde dersom alliansen kan vere med på å redde liv og redusere lidingar ved katastrofar av større omfang.

Frå norsk side blei det ytt eit bidrag på 10 millionar kroner til finansiering av flytransporten. Det blei likevel òg lagt vekt på at NATO ikkje skal utvikle eigne kapasitetar på det humanitære området, sidan det kan innebere duplisering av den innsatsen FN og andre sivile aktørar gjer, eller som andre aktørar kan gjere billegare. Humanitær innsats er såleis ei grunnleggjande sivil oppgåve der FN bør ha den sentrale koordineringsrolla.

Ved større humanitære katastrofar kan det likevel vere nødvendig med bidrag også frå internasjonale militære styrkar. Innsatsen må vere i tråd med etablerte retningslinjer og koordinert av FN. Alliansen kan i slike tilfelle støtte og yte komplementære bidrag. Men premissen må vere at innsatsen blir leidd av FN og blir koordinert med andre bidragsytarar, mellom anna dei humanitære hjelpeorganisasjonane. Han må gje meirverdi i det samla hjelpearbeidet og skje i nært samarbeid med styresmaktene i landet som er ramma.

4.2 Sivil beredskap

Samarbeidet om sivil beredskap i NATO og Euro­atlantisk partnarskapsråd (EAPC) har som hovudformål å oppnå mest mogeleg effektiv bruk av nasjonale sivile ressursar for å støtte opp om dei strategiske allianseoppgåvene, og å verne sivilbefolkninga i allierte land og partnarland ved kriser, krig eller terroråtak. Sivil beredskap er det største ikkje-militære programmet innan EAPC, og omfattar mellom anna katastrofeberedskap, retningslinjer for bruk av sivile ressursar ved militær krisehandtering, sivile sider ved militær krisehandtering og humanitær bistand etter katastrofar. Det sivile beredskapsmiljøet i NATO er aktivt med når alliansen yter bidrag etter humanitære katastrofar, som etter jordskjelvskatastrofen i Pakistan.

Noreg bidrog i 2006 aktivt til å fullføre felles retningslinjer som vil styrkje medlemslanda i EAPC i handteringa av kjemiske, biologiske, radioaktive og kjernefysiske åtak og ulukker. Ein vellukka konferanse om dette blei halden i Oslo 18.–20. oktober 2006. Frå norsk side er det òg arbeidd aktivt for å styrkje vernet av kritisk infrastruktur i allierte land i 2006. Det sivile beredskapsmiljøet i NATO har òg arbeidd for å følgje opp vedtaka om at sivile ressursar skal sjåast i samanheng med dei militære ved planlegging og gjennomføring av militære operasjonar, men intensjonane om ein slik praksis er enno ikkje fullt ut realiserte.

4.3 Vern av kritisk energiinfrastruktur

Etter usemja mellom Ukraina og Russland om gassleveransar tidleg i 2006 oppstod det ein debatt i NATO om ei mogeleg rolle for alliansen på energitryggingsområdet. Debatten var prega av divergerande synspunkt på kva ein slik rolle skulle vere. På toppmøtet i Riga understreka stats- og regjeringssjefane såleis at sikker energitilgang er eit spørsmål som rører ved allierte tryggingsinteresser. Dei retta søkjelyset mot ei mogeleg rolle for NATO når det gjeld vern av kritisk energiinfrastruktur, men dei hevda at ei slik rolle må tilpassast innsatsen til andre internasjonale aktørar og nasjonale styresmakter for å gje reell meirverdi.

Dei allierte har også etter Riga hatt ulike synspunkt på kva for ein rolle NATO skal ha innan energitryggleik. Med dei interessene Noreg har på olje- og energiområdet, ønskjer vi å styre merksemda i ei meir praktisk lei med vektlegging av kva rolle NATO kan spele i vernet av kritisk infrastruktur og konsultasjonar om korleis alliansen kan støtte opp om annan internasjonal og nasjonal innsats innan energitryggleik. Noreg ser det òg som viktig at energitryggleik er eit berøringspunkt med Russland og bør opne for praktisk samarbeid gjennom NATO-Russland-rådet (NRC).

Til forsida