St.meld. nr. 28 (2006-2007)

Om samarbeidet i NATO i 2006

Til innhaldsliste

7 Samarbeidet med Russland

Samarbeidet mellom NATO og Russland går føre seg i regi av NATO–Russland-rådet (NRC). På toppmøtet i Riga understreka dei allierte den strategiske verdien av samarbeidet, og viste spesielt til kampen mot terrorisme. Noreg peika samtidig på den tillitsskapande funksjonen NRC representerte, og understreka behovet for å fylle samarbeidet med mest mogeleg konkret innhald, både i form av dialog om relevante tryggingspolitiske utfordringar og gjennom konkrete samarbeidsprosjekt på bakken. Tonegjevande vesteuropeiske allierte deler denne målsetjinga fullt ut.

Trass i denne semja var den politiske dialogen i 2006 prega av ein viss mangel på substans og engasjement. Det er ei generell oppfatning at NATO–Russland-rådet ikkje fullt ut klarer å utnytte potensialet som konsultasjonsforum. Dette er noko vi frå norsk side arbeider for å forbetre ved å identifisere relevante spørsmål av felles interesse som NATO-landa bør drøfte, om mogeleg med sikte på å utforme felles posisjonar og initiativ.

Eit styrkt NATO–Russland-samarbeid er såleis eit overordna mål for Noreg. Frå norsk side la vi fram fleire forslag før toppmøtet i Riga som hadde til formål å styrkje NRC. Dei norske framlegga til praktiske samarbeidsprosjekt, m.a. felles militære øvingar for å styrkje den militære evna til å operere saman og prosjekt innan redningsteneste til sjøs og oljevernberedskap, vart godt mottekne og er med i NRC-handlingsplanen for 2007.

Den politiske dialogen i 2006 var prega av spørsmål der det er substansiell usemje mellom Russland og fleire av NATO-landa. Manglande ratifisering av den tilpassa avtalen om konvensjonelle styrkar i Europa (CFE-avtalen) var eit gjennomgåande klagemål frå russisk side. Spørsmålet om georgisk og ukrainsk tilnærming til NATO var òg sensitivt for Russland. Den kritiske russiske innstillinga i desse spørsmåla påverka samarbeidsklimaet i NRC.

Eit viktig steg framover blei teke på det militære området, i og med at Russland i september 2006 slutta seg til den NATO-leidde maritime overvakinga i Middelhavet. Sjølv om deltakinga var avgrensa i tid, vart det lagt eit godt grunnlag for liknande operativt militært samarbeid i framtida.

Nettopp styrking av den operasjonelle dimensjonen i samarbeidet er etter norsk syn påkravd. Manglande russisk ratifikasjon av det juridiske rammeverket for partnarskapsoperasjonar («Status of Forces Agreement» – SOFA) var eit hinder for vidare utvikling av det praktiske militære samarbeidet også i 2006, og kan komme til å resultere i nedjustering av det militære samarbeidet i 2007.

Til forsida