St.meld. nr. 28 (2006-2007)

Om samarbeidet i NATO i 2006

Til innhaldsliste

2 Oppsummering ved formannen, Brussel, torsdag 8. juni 2006 Møte i Det Euroatlantiske partnarskapsråd ved forsvarsministrane

  1. Forsvarsministrane frå medlemslanda i Det ­Euroatlantiske partnarskapsråd (EAPC) møttest i Brussel i dag. Dette møtet var eit høve for forsvarsministrane i EAPC til å komme saman og utveksle synspunkt framfor NATO-topp­møtet i Riga i november 2006.

  2. Ministrane tok ugangspunkt i den verdifulle bidraget partnarane yter til NATO-leidde operasjonar, og konsentrerte seg om det operative samarbeidet mellom NATO og partnarane. Dei oppsummerte partnarbidraga til NATO-leidde operasjonar, og diskuterte korleis utvalet og kvaliteten på styrkar og kapasitetar kunne forbetrast. I denne samanhengen konsentrerte dei seg om full utnytting av dei ulike partnarskapsverktøya som er komne på plass til dette formålet.

  3. Ministrane minte om den viktige rolla planleggings- og gjennomgangsprosessen, konseptet for operative kapasitetar og det militære opplærings- og øvingsprogrammet spelar i arbeidet med å førebu partnarstyrkane på NATO-leidde operasjonar, og sa seg fast bestemte på å utnytte desse partnarskapsverktøya til fulle. Dei uttrykte òg si fulle støtte til prosessen som er skissert i dei politisk-militære rammene for NATO-leidde PFP-operasjonar med omsyn til konsultasjonar under førebuingane til og utføringa av operasjonar.

  4. Partnarministrane blei informerte om viktige saker på NATOs eigen dagsorden fram mot til Riga-toppmøtet. Ministrane utveksla synspunkt på korleis framtidige utviklingstrekk innanfor omdanningsarbeidet i NATO kunne påverke det operative tilhøvet mellom NATO og partnarane. Dei utveksla òg synspunkt på korleis partnarskapen kunne styrkjast ytterlegare.

  5. Ministrane sa seg på ny fast bestemte på å vidareføre kampen mot terrorisme, og diskuterte òg operative spørsmål i samband med dette. I denne samanhengen har NATO-operasjonen Active Endeavour vore open for bidrag frå partnarar og andre ikkje-NATO-land sidan toppmøtet i Istanbul. Alliansen samarbeider nært med partnarland som har vist interesse av å samarbeide innanfor operasjonen.

Til forsida