St.meld. nr. 28 (2006-2007)

Om samarbeidet i NATO i 2006

Til innhaldsliste

6 Debatten om NATO-utvidinga

Utvidingsdebatten fram mot toppmøtet i Riga dreia seg formelt berre om Albania, Kroatia og Makedonia, som alle deltek i medlemskapsprogrammet (MAP). På møtet i Riga fekk desse landa tilsegn om mogeleg invitasjon på det planlagde toppmøtet i 2008. Samtidig blei det understreka at medlemskap er prestasjonsbasert og knytt til iverksetjing av eit breitt sett reformer i forsvarssektoren, demokratisering og utbygging av rettsstaten. Vidare vil det bli lagt vekt på eit konstruktivt engasjement i regional samanheng, avklaring av grense- og etniske konfliktar og solid folkeleg oppslutnad om ein søknad om medlemskap. Frå norsk side vart det i tillegg lagt vekt på at kampen mot korrupsjon og menneskehandel måtte halde fram og at søkjarlanda måtte arbeide vidare for ein multietnisk samarbeidskultur.

Med signala frå toppmøtet fekk Kroatia, Albania og Makedonia eit perspektiv på tilnærminga til alliansen. Samtidig som NATO held døra open, vart det understreka at invitasjonane vil vere avhengige av at dei aktuelle kandidatane vidarefører dei reformene som er nødvendige for å kvalifisere seg for ein invitasjon. Det ligg såleis ikkje føre nokon garanti om utviding i 2008. Kor mange som eventuelt vil bli inviterte, blir avgjort etter ei samla politisk vurdering.

I lys av at prosessen med desse tre landa gjekk sin gang utan større dramatikk i 2006, kom mykje av den politiske merksemda til å gjelde dei to andre potensielle kandidatane til medlemskap, Georgia og Ukraina. Begge har no såkalla intensivert dialog med NATO, noko som opnar for eit breitt politisk og teknisk samarbeid som går utover det ordinære partnarsamarbeidet og kan vere eit forstadium til MAP-status.

Den intensiverte dialogen mellom Ukraina og NATO blei vidareført etter at statsminister Janukovitsj vann valet i mars 2006, men statsministeren gjorde det klart overfor NATO i september 2006 at Ukraina førebels hadde lagt ønsket om deltaking i MAP-programmet på is.

Fleire konkrete samarbeidsprosjekt som blei sette i gang som ledd i den intensiverte dialogen, blei likevel vidareførte uavhengig av denne utviklinga, særleg prosjekt for reform av tryggingsstyrkane. Alliansen hjelpte til på ei rekkje område, m.a. gjennom samarbeidet i arbeidsgruppa for forsvarsreform og ulike konkrete prosjekt.

Noreg støtta i 2006 eit nytt prosjekt for å auke kompetansen hos sivilt tilsette i det ukrainske forsvarsdepartementet og i ukrainske tryggingsstrukturar. Noreg vil bidra både med økonomiske midlar og opplæringstilbod i samband med dette prosjektet også i 2007. Dessutan er det nyleg sett i gang fleire forsvarsrelaterte prosjekt i nordisk-baltisk samanheng, i nært samarbeid med NATO-liaisonkontoret i Kiev.

Den nye leiinga i Georgia har klart uttrykt ambisjonar om å bli teken opp som medlem i NATO i neste utvidingsrunde. NATO har lagt særleg vekt på at eit forsterka samarbeid vil krevje ytterlegare omfattande politiske, juridiske og forsvarsmessige reformer. Fleire har òg påpeika at dei territoriale stridsspørsmåla i landet – dei såkalla frosne konfliktane i Sør-Ossetia og Abkhasia – må avklarast på fredeleg vis. Frå norsk side er det understreka at den vidare tilknytinga til NATO må vere basert på framgang i reformarbeidet og ikkje knytt til nokon timeplan.

Til forsida