St.meld. nr. 28 (2006-2007)

Om samarbeidet i NATO i 2006

Til innhaldsliste

3 NATO-operasjonar og norsk engasjement

3.1 Afghanistan

Den FN-mandaterte ISAF-operasjonen i Afghanistan var den største og viktigaste allianseoperasjonen i 2006. I løpet av året vart ISAF utvida til å omfatte heile landet. Den 31. juli tok NATO-styrkane såleis ansvaret for tryggings- og stabiliseringsoperasjonen i det sørlege Afghanistan, mens ansvaret i den austlege delen av landet blei overteke 5. oktober.

Utvidinga stilte NATO overfor ein ny og atskilleg meir krevjande tryggingssituasjon. Taliban og andre væpna grupper stod sterkare i dei sørlege og spesielt dei austlege delane av landet enn i dei områda der NATO tidlegare hadde hatt ansvaret. Talet på angrep mot ISAF og afghanske tryggingsstyrkar auka.

Etter utvidinga tel ISAF omlag 35 000 soldatar. Vesentlege styrkar frå den amerikansk-leidde koalisjonsstyrken («Operation Enduring Freedom») blei overførte til ISAF ved utvidinga til det austlege Afghanistan. I tillegg til dei allierte deltok ei rekkje andre land i ISAF i 2006. Ved årsskiftet 2006–2007 var totalt 37 land direkte involverte i operasjonen, mellom anna partnarlanda Sverige og Finland og kontaktlanda Australia og New Zealand.

På toppmøtet i Riga var det eit viktig tema at dei militære NATO-leiarane måtte disponere tilstrekkelege styrkar til å løyse oppdraget. Behovet for å fjerne nasjonale restriksjonar på korleis styrkar kunne disponerast, stod sentralt i diskusjonane også i 2006. I Riga forplikta stats- og regjeringssjefane seg til å stille tilstrekkelige styrkar og å gje desse den nødvendige fleksibiliteten.

Samtidig var det aukande merksemd om behovet for betre balanse mellom sivile og militære verkemiddel. Dei militære utfordringane alliansen blei stilt overfor i det sørlege Afghanistan, førte såleis til auka forståing for at utfordringane ikkje kunne løysast med militære middel aleine.

Noreg tok på seg ei pådrivarrolle i arbeidet med å vidareutvikle den samla internasjonale innsatsen til støtte for den afghanske regjeringa. På det uformelle utanriksministermøtet i New York 21.–22. september 2006 vart det teke til orde for å rette merksemda meir mot behovet for auka utviklingsinnsats og betre koordinering. FN måtte etter norsk syn ha den overordna koordinerande rolla.

Før toppmøtet i Riga følgde utanriksminister Støre opp med eit brev til utanriksministrane i landa som stiller mannskap til ISAF og til enkelte internasjonale organisasjonar. Behovet for ein meir heilskapleg og betre koordinert innsats i Afghanistan blei vektlagt. Det blei òg understreka at det internasjonale samfunnet berre kunne lukkast dersom tryggingsutfordringane i langt sterkare grad vart sette i samanheng med innsatsen for gjenreising og utvikling. Frå norsk side blei det òg presisert at partnarane måtte styrkjast i evna til å medverke i eit forpliktande internasjonalt samarbeid og i NATO-leidde operasjonar.

Når stats- og regjeringssjefane i Riga var samde om verdien av ein heilskapleg strategi for Afghanistan, var dette i samsvar med den norske haldninga. Desse tankane spegla seg òg i den nye amerikanske strategien for innsatsen i Afghanistan som blei lagd fram før det uformelle utanriksministermøtet i Brussel 26. januar 2007. Det norske initiativet har såleis fungert som ei rettesnor for konsultasjonane i alliansen før og etter toppmøtet i Riga.

Som ein naturleg del av det opptrappa NATO-ansvaret i Afghanistan i 2006 vart det lagt vekt på opplæring og utrusting av den afghanske hæren. På toppmøtet i Riga var det semje om at dei afghanske tryggingsstyrkane har eit stort behov for opplæring med tanke på at dei etter kvart skal overta tryggingsansvaret i eige land, og at dei allierte bidraga til dette måtte styrkjast ytterlegare.

Konsultasjonane om Afghanistan reflekterte òg stor semje om at tryggingsutfordringane i landet er grenseoverskridande. Samarbeid med nabolanda er difor viktig. Taliban har sitt kjerneområde i grenseområda mellom det søraustlege Afghanistan og Pakistan. Det er òg kontakt med pakistanske styresmakter på høgt politisk og militært nivå. I januar 2007 møtte den pakistanske statsministeren Aziz NATO-rådet.

Hausten 2006 overtok ISAF ansvaret for den såkalla trepartskommisjonen, eit militært samarbeid der ISAF, Pakistan og Afghanistan deltek. Formålet er å etablere eit tillitsbasert samarbeid om grensekontroll og etterretningsutveksling. Ei felles etterretningscelle er etablert i ISAF-hovudkvarteret, og ISAF har ved fleire høve gjennomført felles operasjonar med den pakistanske hæren.

Narkotikaproblemet i Afghanistan var framleis ei stor utfordring. Både produksjon og smugling nådde nye høgder i 2006. Over 90 % av heroinen som blir omsett i Noreg og andre europeiske land, kjem frå Afghanistan. Utbreidd korrupsjon og mangel på alternative levevegar for den fattige jordbruksbefolkninga førte også i 2006 til at det var liten framgang i kampen mot problemet.

ISAF har likevel ei svært avgrensa rolle i kampen mot narkotika. Frå norsk side blei det hevda at ei militær tilnærming til eit problem av slike dimensjonar ikkje er det rette. Afghanarane må sjølve slå tilbake dette vondet med støtte frå det internasjonale samfunnet. Utviklinga av alternative levevegar må stå sentralt.

Noreg hadde ved utgangen av 2006 omlag 550 soldatar i Afghanistan. Tyngdepunktet låg i byen Mazar-i-Sharif i Balkh-provinsen i den nordlege delen av landet. I Mazar-i-Sharif bidrog Noreg blant anna med ein hurtigreaksjonsstyrke, sanitetspersonell 1 og eit logistikkelement. Noreg stilte dessutan ni offiserar til eit såkalla «Operational Mentoring and Liaison Team» (OMLT), som trenar, gjev råd og fungerer som mentorar for den afghanske hæren (ANA). Vidare medverka Noreg med fire F-16 kampfly i ein periode på tre månader våren 2006.

I 2006 utgjorde den norske humanitær- og utviklingsbistanden til Afghanistan om lag 350 millionar kroner. Det er planar om å auke denne bistanden vesentleg i 2007, til minst 450 millionar kroner, noko som gjer Afghanistan til ein av dei største mottakarane av norsk bistand.

Også innsatsen i Faryab-provinsen, der Noreg leier eit såkalla regionalt gjenreisingsteam («Provincial Reconstruction Team» – PRT), blei trappa vesentleg opp.

Det norskleidde gjenreisingsteamet i Meymaneh medverka til tryggleik og stabilitet i området i samarbeid med afghanske tryggingsstyrkar og styresmakter. Dette gjorde òg at dei sivile hjelpeorganisasjonane kunne yte ein innsats. Det spela ei viktig rolle i arbeidet med å skaffe fram forsyningar og medisinsk utstyr i samband med flommen som råka Faryab i november 2006. Også Finland og Latvia bidrog med personell til det norskleidde gjenreisingsteamet.

Det alvorlege åtak gjenreisingsteamet vart utsett for 7. februar 2006, illustrerte risikoen som knyter seg til engasjementet og behovet for at ISAF har både styrkane og fleksibiliteten som trengst for å tryggje mannskapet. 2 Etter denne episoden er teamet forsterka. Ein ny leir er under bygging og skal vere klar i juni 2007. Noreg har òg vore med og bygd opp ein permanent leir for afghanske hærstyrkar i Meymaneh.

Våren 2006 arbeidde NATO for å få på plass ein avtale med afghanske styresmakter om overlevering av fangar frå ISAF. Det lét seg likevel ikkje gjere å komme til semje om ein slik avtale allierte imellom. Noreg og ei rekkje andre allierte tok konsekvensen av dette, og har no eigne bilaterale avtalar med afghanske styresmakter. I desse avtalane forpliktar afghanske styresmakter seg til å behandle overleverte fangar i samsvar med folkeretten og garantere at ingen blir utsett for dødsstraff. Forsvarsministeren signerte avtalen mellom Noreg og Afghanistan i Kabul 16. oktober 2006.

3.2 Balkan

Utviklinga i Kosovo var i 2006 prega av at spesialutsendingen frå FN, Martti Ahtisaari, i juli sette i gang forhandlingane med dei serbiske styresmaktene og interimsregjeringa Kosovo om provinsens framtidige status. Etter ein lite fruktbar forhandlingsperiode hadde partane ved utgangen av året framleis ulike syn på spørsmålet. Ahtisaari ønskte likevel ikkje at arbeidet skulle stanse opp, og presenterte sitt forslag for partane 2. februar 2007. Der gjekk han i praksis inn for gradvis overgang til sjølvstende for Kosovo.

Styresmaktene i Beograd markerte sterk og unison motstand mot eit uavhengig Kosovo, og tok til orde for «meir enn autonomi, mindre enn sjølvstende». Serbarane ville ikkje godta ei løysing som ikkje var framforhandla. På kosovoalbansk side meinte ein like sterkt og unisont at statusprosessen berre kunne ha eitt akseptabelt utfall, nemleg sjølvstende.

FN har vedteke særlege «standardar» for utviklinga i Kosovo, spesielt med omsyn til situasjonen for minoritetane og respekt for lov og orden. Desse standardane er enno ikkje tilfredsstillande gjennomførte, men interimsregjeringa har komme eit godt stykke på veg med iverksetjinga av ei rekkje tiltak som blant anna tek sikte på å verne den kosovoserbiske minoriteten i provinsen. Kor vidt desse standardane verkeleg blir gjennomførte, vil ha mykje å seie for den vidare prosessen fram mot ei mogeleg forhandlingsløysing på statusproblematikken.

Noreg understreka betydinga av at den kommande statusavgjersla blir utforma og gjennomført på ein slik måte at demokratiet og respekten for rettsstatsprinsipp og multietnisitet blir styrkt og stabiliteten i regionen aukar, også på lengre sikt. Rettane til alle grupper og individ må sikrast, slik at kosovoserbarane ser det i sin interesse å bli buande i Kosovo. Noreg har òg vore opptekne av at det internasjonale samfunnet må stå samla i si tilnærming til Kosovo, og at ein må unngå ei langvarig utsetjing som kan føre til sterk utålmod og meir ustabilitet i området.

Hovudoppgåva til den NATO-leidde styrken i Kosovo (KFOR) var som før: stabilisering av provinsen og assistanse til FN-administrasjonen (UNMIK). KFOR omfatta rundt 16 000 soldatar ved utgangen av året.

I den viktige fasen Kosovo er inne i, med ei mogeleg avklaring av framtidig status i løpet av første halvdel av 2007, er dei allierte samde om å oppretthalde dette styrketalet og oppgåvene til styrken. Etter forslaget frå Ahtisaari skal NATO framleis ha ansvaret for den ytre tryggleiken og tryggleiken til minoritetane, mens EU skal overta oppgåvene til UNMIK når det gjeld lov og orden.

Sidan hausten 2006 har KFOR operert med ein såkalla «Task Force»-struktur med robuste og mobile styrkar direkte underordna leiaren for heile operasjonsområdet, i staden for fleire brigadar med kvar sitt geografiske ansvarsområde. Dette har skapt ein fleksibel struktur som gjer det mogeleg å disponere styrkane meir effektivt. Det norske bidraget til KFOR utgjorde i 2006 stabsoffiserar i KFOR-hovudkvarteret og eit mindre etterretningselement. Særleg det sistnemnde er høgt verdsett av KFOR-leiinga, som bad spesielt om at det blei vidareført.

EU vidareførte i 2006 sitt militære engasjement i Bosnia-Hercegovina («Operation Althea»). Den EU-leidde styrken (EUFOR) talde rundt 6000 soldatar. Operasjonen byggjer på dei såkalla «Berlin pluss»-ordningane, som opnar for NATO-støtte til militære operasjonar som EU planlegg og leier. Under denne ordninga leier den militære nestkommanderande for NATO i Europa (DSACEUR) EU-operasjonen. Parallelt med EU-engasjementet vart NATO-nærværet i Bosnia-Hercegovina vidareført med eit hovudkvarter i Sarajevo som konsentrerte seg om å yte assistanse til forsvarsreformer og førebu landet betre på å delta i partnarsamarbeid med NATO. Alliansen støtta dessutan EU med etterretning og i arbeidet med å spore opp personar som er ettersøkte av Den internasjonale krigsforbrytardomstolen for det tidlegare Jugoslavia (ICTY). Det norske bidraget i Bosnia-Hercegovina omfatta i 2006 stabsoffiserar til NATO-hovudkvarteret i Sarajevo og eit feltsambandsteam («Liaison and Observation Team» – LOT) til EUFOR.

3.3 Irak

Treningsoppdraget i Irak (NTM-I) blei oppretta av NATO-toppmøtet i Istanbul 28.–29. juni 2004. NTM-I skal gjennom opplæring bidra til at irakiske tryggingsstyrkar på sikt blir i stand til å ta ansvar for tryggleiken i eige land. Opplæringa omfattar m.a. leiings- og kommandofunksjonar, samarbeid mellom forsvar og politi, demokratisk kontroll med irakiske styrkar, budsjettkontroll og internasjonal humanitær rett.

Alle allierte bidrog til treningsoppdraget i 2006, anten gjennom deltaking med personell til opplæring i Irak, støtte til treningsaktivitetar utanfor Irak eller finansielle bidrag til opplæring eller materiellstøtte til den irakiske hæren. Ein del av opplæringsverksemda til NTM-I går føre seg ved NATO-institusjonar utanfor Irak, mellom anna ved «Joint Warfare Centre» (JWC) i Stavanger.

Noreg medverka i 2006 økonomisk til NATO-støttefondet for Irak og bilaterale treningsprogram i Noreg. Programmet omfatta menneskerettar, leiarutdanning, logistikk, etterretning og internasjonal humanitær rett.

3.4 NATO-operasjonen i Middelhavet

Patruljerings- og overvakingsoperasjonen for skipstrafikken i Middelhavet («Operation Active Endeavor» – OAE) blei vidareført i 2006. OAE er basert på artikkel 5 i Atlanterhavspakta, og blei sett i verk som ei følgje av angrepet på USA 11. september 2001. I dette låg at angrepet på USA blei sett på som eit angrep mot alle allierte. Operasjonen er ein del av den pågåande kampen NATO fører mot internasjonal terrorisme og spreiing av masseøydeleggingsvåpen.

NATO-nærværet i Middelhavet hindrar mellom anna at skipsleiene blir brukte til terrorformål. Allierte skip utfører overvakings- og eskorteoppdrag. Basert på etterretning og samtykke frå flaggstat og kaptein utfører NATO i nokre tilfelle bording av skip.

Dei allierte arbeidde i 2006 for å gjere OAE meir robust, mellom anna ved å søkje å få fleire flaggstatar til å støtte opp om operasjonen. OAE har òg vist seg som ein nyttig arena for å engasjere partnarland i operativ aktivitet. Eit russisk marinefartøy opererte ei tid saman med NATO-fartøy i operasjonen, og gav bod om at det er potensial for å utvikle eit operativt militært samarbeid innanfor rammene av NATO–Russland-rådet. Ukraina forplikta seg i 2006 til å stille med to korvettar i 2007.

Som det første landet i Middelhavsdialogen signerte Israel i 2006 ein avtale med NATO om å medverke til OAE, utan at bidraget skal vere operativt. Fleire andre land i Middelhavsdialogen har signalisert interesse for å delta i operasjonen. Partnarbidraga styrkjer det militære samarbeidet mellom NATO og partnarlanda, i tillegg til at de understrekar den primære antiterrorfunksjonen til operasjonen.

Noreg deltok i operasjonen frå oktober til desember med eit Orion overvakingsfly. I tillegg blei operasjonen støtta med ein ubåt i elleve veker våren 2006, og fire missiltorpedobåtar (MTB) var i beredskap frå august til desember. Frå norsk side har vi tidlegare delteke med ubåtar, fregattar, missiltorpedobåtar og overvakingsfly.

Fotnotar

1.

Kommentar: norsk bidrag med sanitetspersonell berre til mars 2007.

2.

Kommentar: då ein britisk hurtigreaksjonsstyrke kom til, var situasjonen alt avklara.

Til forsida