St.meld. nr. 28 (2006-2007)

Om samarbeidet i NATO i 2006

Til innhaldsliste

9 Vurderingar og framtidsperspektiv

Vedtaka på toppmøtet i Riga viser at det var brei semje blant dei allierte landa om at den omfattande politiske og militære omstillingsprosessen i alliansen må vidareførast. Drivkrafta bak dette arbeidet er eit felles ønske om at NATO framleis skal vere relevant og ha evne til å løyse både tradisjonelle og nyare tryggingsutfordringar. Så lenge den tryggingspolitiske situasjonen og rammevilkåra for verksemda i alliansen stadig endrar seg, må organisasjonen vere parat til kontinuerleg tilpassing for å vere relevant og effektiv. Perspektivet no er stadig tilpassing til ein tryggingspolitisk situasjon prega av ustabilitet og behov for internasjonalt samarbeid der NATO-bidraget må vevast inn i ein brei internasjonal innsats med sikte på å møte felles utfordringar.

Sjølv om det er brei semje blant dei allierte om at NATO framleis skal vere det sentrale transatlantiske tryggingspolitiske forumet, knyter det seg klare utfordringar til den vidare utviklinga. Dette skuldast mellom anna ulike oppfatningar blant allierte om kva dei nye tryggingsutfordringane eigentleg går ut på, korleis dei best kan handterast og kva rolle NATO eventuelt skal ha.

Den ulike tilnærminga til desse spørsmåla vil truleg også heretter spegle seg av i debatten om kva rolle og oppgåver NATO skal ha. For dei europeiske allierte, Noreg medrekna, vil det ofte vere behov for å balansere mellom omsynet til å bevare dei transatlantiske banda på den eine sida, og å utforme løysingar som medverkar til å møte dei praktiske utfordringane ein står overfor på den andre.

Ei liknande utfordring for NATO og medlemslanda er kva omfang og innretning allianseengasjementet utanfor det tradisjonelle ansvarsområdet skal ha. Også i den debatten dannar USA eit ytterpunkt. Frå amerikansk side er det ei målsetjing å utvikle NATO til ein endå meir global aktør enn i dag. I 2006 avspegla dette seg i utspel på ulike område, frå initiativ og diskusjonar i NATO om tryggingspolitiske utfordringar som ikkje har stått på saklista tidlegare, mellom anna dei kjernefysiske programma i Iran og Nord-Korea, til forslaga om utvikling av partnarskapen og om trening og opplæring i Midtausten og Afrika. Ambisjonen til USA om å styrkje samarbeidet mellom alliansen og kontaktland som Australia, New Zealand, Japan og Sør-Korea var det klaraste uttrykket for eit globalt perspektiv på NATO.

Operasjonane vil også i tida framover vere dei tyngste spørsmåla på dagsordenen og påverke samarbeidsklimaet i alliansen. Som ei oppfølging av stadig nye behov for engasjement auka alliansen i 2006 bidraga til tryggleik og demokratiutvikling både på og utanfor det europeiske kontinentet. Det gjeld både stabiliseringsoperasjonen ISAF i Afghanistan, vidareføringa av engasjementa i Kosovo og Irak, samarbeidet med AU i Darfur og den breie innsatsen for forsvars- og tryggingssektorreform i partnarlanda.

Afghanistan blir den aller største utfordringa NATO står overfor dei kommande åra. Evna og viljen hos dei allierte landa til å nå måla med den militære operasjonen og å stille dei nødvendige ressursane til disposisjon for ISAF, og viljen og evna deira til å skape ei samla tilnærming til utfordringane på bakken i samarbeid med den afghanske regjeringa, FN og andre internasjonale aktørar, blir den store prøven på om NATO framleis er eit relevant og effektivt tryggingspolitisk verkemiddel tilpassa nye utfordringar.

Ei tilsvarande utfordring blir å skape intern forståing for innhaldet i og målet med engasjementet i Afghanistan. Utvidinga av ISAF, og dei regulære kamphandlingane som følgde etter denne, påførte mange allierte smertelege tap og gav opphav til ein naturleg offentleg debatt om kva omfang og innretning NATO-operasjonen skulle ha, og kor lenge han skulle vare. Difor blir det viktig å spele med opne kort og ikkje gløyme at dei militære aktivitetane til ISAF må stå i stil med behovet om dei skal ha tilslutnad både i den afghanske befolkninga og hos befolkninga i NATO-landa.

Den norske avgjerda i februar 2007 om å sende spesialstyrkar til Kabul-området var eit uttrykk for solidaritet med våre allierte, at engasjementet i Afghanistan er eit felles ansvar for alle NATO-land og at alle medlemsland må gjere sitt for å nå dei måla NATO og resten av det internasjonale samfunnet har sett seg i Afghanistan.

Samtidig vart det frå norsk side understreka at operasjonen i Afghanistan har vist kor viktig det er at verdssamfunnet samordnar innsatsen. Forståinga av at den sivile og militære innsatsen må sjåast i samanheng, er etter norsk vurdering det viktigaste resultatet av dei internasjonale konsultasjonane om Afghanistan i 2006.

Etter norsk syn må det framleis arbeidast for større internasjonal samordning, utvida samarbeid med lokale styresmakter og auka gjenreisingsinnsats. Sjølv om ISAF vil vere eit uunnverleg stabiliserande element, kan utfordringane i Afghanistan aldri overvinnast med militære middel. ISAF vil difor framleis ha til oppgåve å støtte den breie sivile innsatsen for demokratisering, politisk og økonomisk reform, gjenreising og humanitær innsats. Framfor alt må afghanske styresmakter setjast i stand til å sikre lokal eigarskap. Afghanarane må sjølve ta ansvar for tryggleik og utvikling. Noreg vil framleis ha ei pådrivarrolle i dette arbeidet.

Dei nærmaste åra kjem KFOR framleis til å vere den nest viktigaste NATO-operasjonen. Tryggingsrådet i FN vil i første halvår 2007 innleie diskusjonar om ein resolusjon som kan definere den framtidige statusen til området. Men det er heilt uvisst om Russland vil stille seg bak ein resolusjon som peikar i retning av eit uavhengig Kosovo, både på grunn av det historisk nære tilhøvet mellom Russland og Serbia og fordi det kan danne presedens for frosne konfliktar i eigne nærområde.

NATO og EU vil vere dei to internasjonale hovudaktørane i Kosovo dei nærmaste åra. Det aksentuerer behovet for å komme vidare med utviklinga av ein strategisk partnarskap mellom dei to organisasjonane. Effektiv samordning og arbeidsdeling, både på bakken og mellom hovudkvartera, vil vere avgjerande for om dei saman kan medverke til å byggje eit demokratisk, multietnisk og stabilt samfunn i Kosovo slik det er forventa av dei.

Utover det noverande stabiliseringsoppdraget kan NATO få i oppgåve å støtte oppbygginga av ein demokratisk kontrollert, etnisk representativ og legitim militær styrke. For Noreg vil det vere ei hovudsak å sikre at NATO held fram med å verne om minoritetane i Kosovo. Samtidig vil Noreg framleis engasjere seg sterkt for å trekkje Serbia og resten av den vestlege Balkanregionen inn i euroatlantisk samarbeid og såleis motverke isolasjon, politisk radikalisering og ustabilitet.

På toppmøta i 2008 og 2009 er det venta at stats- og regjeringssjefane kjem til å gjere vedtak som vidarefører den politiske og militære omstillinga av alliansen. Dei må gje retningslinjer for NATO-operasjonane og utviklinga av samarbeidet med partnarlanda.

Partnarsamarbeid og ei utvida treningsrolle for NATO vil stå sentralt i den politiske omstillinga. Framfor alt gjer dei nye tryggingsutfordringane det endå viktigare å samarbeide med land og organisasjonar som kan medverke til ein tryggare situasjon. Sidan dei internasjonale ressursane er avgrensa, kan NATO komme til å spele ei svært viktig rolle i utviklinga av fredsbevarande kapasitetar, mellom anna på det afrikanske kontinentet. Denne prosessen må likevel skje gradvis og på grunnlag av lokale behov, lokal eigarskap og forankring i lokale strukturar.

Utvidinga av alliansen kjem til å ha aukande interesse. I tillegg til dei tre søkjarlanda kan Georgia og – alt etter den innanrikspolitiske utviklinga – Ukraina komme på saklista med kvar sine ambisjonar. Som i andre samanhengar vil tilhøvet til Russland spele inn her. Noreg vil i denne debatten leggje til grunn prinsippet om ei open dør til NATO, på den føresetnaden at land som søkjer medlemskap, må vise nødvendig vilje og evne til å gjennomføre reformer, men kjem òg til å leggje stor vekt på breiare strategiske omsyn.

I lys av nabotilhøvet vårt i nord vil vi òg at det skal utviklast eit godt samarbeid mellom Russland og NATO. Fleire sentrale vesteuropeiske allierte deler ønsket vårt om at det må bli utvikla ein strategisk partnarskap mellom NATO og Russland som samsvarer med ambisjonane frå Roma-toppmøtet i 2002.

Noreg må medverke politisk og på andre måtar til alliansefellesskapen. Samtidig vil vi frå vår side halde fram med å arbeide aktivt for norske posisjonar og prioriteringar. Debatten om Afghanistan-engasjementet og gjennomslaget for norske synspunkt når det gjeld utviding av PFP på Balkan, viser at det er mogeleg for små land å bli høyrde. Det overordna målet for Noreg er å arbeide for bevaring av den transatlantiske verdi- og interessefellesskapen og ei samla alliert tilnærming til dei tryggingsutfordringane vi saman står overfor.

På norsk side vil det difor også i åra som kjem bli arbeidd for ein handlekraftig allianse, prega av brei politisk dialog og med evne til å setje politiske og militære ressursar inn for å løyse eit breitt spekter av oppgåver.

Til forsida