St.meld. nr. 28 (2006-2007)

Om samarbeidet i NATO i 2006

Til innhaldsliste

3 Sluttkommuniké, Brussel, torsdag 8. juni 2006 Møte i Det Nordatlantiske råd ved forsvarsministrane

  1. Forsvarsministrane i Det Nordatlantiske råd møttest 8. juni 2006 for å gå gjennom operasjonane og oppdraga som NATO for tida er engasjert i og for å diskutere forsvarsmessige aspekt ved omdanninga av alliansen. Møtet var eit viktig innslag i førebuingane til toppmøtet mellom stats- og regjeringssjefane som skal haldast i Riga 28.–29. november 2006.

  2. Vi skuldar alle dei som har teke del i NATO-leidde operasjonar stor takk, og uttrykkjer vår djupaste medkjensle med familiane og dei kjære til dei som har mist livet eller er blitt skadde i tenesta. Vi takkar partnarane våre og andre ikkje-NATO-land for dei verdifulle bidraga dei yter til operasjonane og oppdraga våre.

  3. Afghanistan er framleis den høgast prioriterte oppgåva vår. Det er gjort framgang i arbeidet med å skape fred og stabilitet i landet, men alvorlege utfordringar står att. ISAF skal utvide sørover i landet seinare i sommar, noko som inneber ytterlegare regionale gjenreisingsteam under NATO-leiing og aukar det samla styrkenivået i ISAF vesentleg. ISAF-styrkane blir robuste og velutstyrte, og skal operere etter engasjementsreglar som er tilstrekkelege til å reagere med styrke på dei truslar og utfordringar mot tryggleiken som måtte oppstå. Sjølv om ISAF og operasjon Enduring Freedom framleis kjem til å ha kvar sine oppdrag, vil dei nyleg avtala kommandoordningane snart bli sette i verk og sikre tett samordning mellom dei. NATO vil framleis hjelpe regjeringa i Afghanistan som eit ledd i den breiare innsatsen det internasjonale samfunnet gjer for å styrkje tryggleiken og leggje til rette for gjenreising og utvikling i heile landet, med auka vekt på å støtte reformene i dei afghanske tryggingsstyrkane og utføre tryggings- og stabiliseringsoperasjonar i samråd med dei. Vi er framleis forplikta til å vidareføre det nære samarbeidet og samordninga med FN, Den europeiske unionen, andre internasjonale institusjonar og verdssamfunnet elles, i samsvar med Afghanistan-pakta.

  4. Vi vil engasjere oss i Kosovo gjennom heile den FN-leidde statusprosessen og gjennomføringa av ei løysing på den framtidige statusen til provinsen. Med den nye innsatsstyrkestrukturen til KFOR får NATO endå betre høve til å gjere sitt for å oppretthalde eit trygt og sikkert miljø, særleg i denne svært sensitive perioden. Vi støttar spesialutsendingen frå FN, Martti Ahtisaari, og kontaktgruppa i den innsatsen dei gjer for å oppnå ei varig løysing som fremjar stabilitet for Kosovo og heile Balkan-regionen. Vi oppmodar Beograd og Pristina til å samarbeide på ein konstruktiv måte med spesialutsendingen frå FN og å vise fleksibilitet i statussamtalane. Vi legg stor vekt på at dei involverte partane gjennomfører standardane. NATO vil halde fram med å overvake og hjelpe til i utviklinga av eit tryggare og sikrare miljø i samarbeid med andre internasjonale organisasjonar, særleg FN og EU, i prosessen med å byggje eit stabilt, demokratisk, multietnisk og fredeleg samfunn i Kosovo. Vi ser positivt på det nære samarbeidet mellom NATO og EU, mellom anna ved hovudkvartera deira i Bosnia-Herce­govina, og på den vellukka vidareføringa av Berlin-Pluss-ordningane til støtte for EU-operasjonen Althea. Dette stadfester verdien av nært samarbeid mellom NATO og EU meir generelt. Vi er fast bestemte på å fylle den avtala ramma for den strategiske partnarskapen mellom alliansen og EU med meir innhald.

  5. Landa på Vest-Balkan må framleis samarbeide med kvarandre, fremje gode naboforhold og komme fram til gjensidig godtakande løysingar på uavklara spørsmål. Vi er framleis forplikta til å hjelpe landa på Vest-Balkan, særleg gjennom bistand til forsvarsreformer, på vegen mot euroatlantisk integrasjon. Dei tre landa som deltek i handlingsplanen for medlemskap – Albania, Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia 1 – har teke viktige steg i denne prosessen. Vi gler oss over innsatsen deira, og oppmuntrar dei til å halde fram som dei stemner i arbeidet som står att. Vi ser positivt på at Ante Gotovina blei pågripen i desember i fjor. Vi takkar for innsatsen som er gjort hittil, men ber innstendig om at landa i regionen sikrar fullt samarbeid med den internasjonale forbrytardomstolen for det tidlegare Jugoslavia (ICTY). Særleg står den manglande pågripinga av andre sikta personar, særleg Radovan Karadzic og Ratko Mladic, i vegen for at landa skal komme på tale som medlemmer i Partnarskap for fred. Vi merkjer oss at Montenegro har erklært seg sjølvstendig etter ei folkeavrøysting gjennomført i tråd med retningslinjene til OSSE og Europarådet.

  6. Vi ser positivt på danninga av den nye irakiske regjeringa, og stadfester vår støtte til det irakiske folket og til stabilitet, demokratisk utvikling, einskap og territorial integritet for Republikken Irak, i tråd med relevante resolusjonar frå tryggingsrådet i FN. Alle allianselanda medverkar framleis til NATO-oppdraget, i tråd med tryggingsrådsresolusjon 1546, som går ut på å støtte dei irakiske tryggingsstyrkane gjennom opplæring i eller utanfor landet, utrusting eller fondsinnbetalingar.

  7. Vi fordømmer terrorisme på det sterkaste, same kva motiva er og i alle ytringsformer, og vil kjempe mot han så lenge det trengst. Innsatsen vår i kampen mot terrorismen vil framleis gå føre seg i samsvar med folkeretten, mellom anna FN-charteret og relevante internasjonale konvensjonar og protokollar. I denne samanhengen seier vi oss på ny forplikta til Active Endeavour, NATO-operasjonen for maritim overvaking og eskorte i Middelhavet, som eit bidrag til kampen mot terrorismen. Vi ser positivt på den forventa støtta frå Russland og Ukraina, og på den interessa andre partnarar i Euroatlantisk partnarskapsråd og Middelhavsdialogen har vist.

  8. Etter underteikninga av fredsavtalen i Darfur 5. mai 2006 held vi fram med å støtte oppdraget til Den afrikanske unionen i Sudan i innsatsen for å sikre effektiv gjennomføring av fredsavtalen. Vi er parat, etter samråd med og tilslutnad frå AU, til å forlengje denne støtta. NATO er forplikta til vidare samordning med alle involverte aktørar, særleg AU, FN og EU. NATO vurderer eventuell støtte til det påfølgjande FN-oppdraget.

  9. Hjelpeoperasjonen som NATO sette i verk etter jordskjelvet i Pakistan, og den humanitære bistanden etter orkanen Katrina, gav livsviktig hjelp til titusenvis i naud. Vi gjekk gjennom lærdommane etter desse operasjonane.

  10. Vi legg spesiell vekt på relasjonane mellom NATO og Ukraina, og stadfester at vi aktar å dra full nytte av NATO–Ukraina-kommisjonen. Ukraina har vist vesentleg framgang gjennom den intensiverte dialogen i året som er gått. Vi oppmuntrar Ukraina til å halde fram med å vise konkret og målbar framgang og fastleik i gjennomføringa av avgjerande reformer og politikk slik at landet kan nå sine ambisjonar om deltaking i handlingsplanen for medlemskap. Georgia har gjennomført vesentlege reformer innan forsvar, økonomi og rettsvesen siste året. Allianselanda støttar det ambisiøse reformprogrammet i Georgia, og vil evaluere ambisjonane om ein intensivert dialog med alliansen i lys av oppnådde resultat.

  11. Vi ser positivt på at det er sett fram fleire forslag med sikte på å optimalisere planlegginga og gjennomføringa av operasjonar og oppdrag i NATO. Sjølv om NATO ikkje har noko krav på seg til å byggje opp kapasitetar til reint sivile formål, treng organisasjonen å forbetre det praktiske samarbeidet, med utgangspunkt i eksisterande ordningar, med partnarar, aktuelle internasjonale organisasjonar og eventuelt ikkje-statlege organisasjonar for at den felles planlegginga og gjennomføringa av operasjonar skal bli meir effektiv.

  12. Vi er fast bestemte på å vidareføre den breie omdanninga av alliansen for å sikre at NATO er i stand til å utføre alle sine oppdrag meir rasjonelt og effektivt i ein skiftande tryggingspolitisk atmosfære, som er prega av trusselen om terrorisme og spreiing av masseøydeleggingsvåpen i tillegg til ei rekkje andre risikoar og utfordringar, mellom anna stans i tilførsla av livsviktige ressursar.

  13. Vi gjekk gjennom framgangen vi har gjort i omdanningsinnsatsen, og gav pålegg om vidare tiltak som førebuing til Riga-toppmøtet seinare i år. Særleg nemner vi følgjande:

    • Vi er fast forplikta til å sikre at NATO-reaksjonsstyrken skal lukkast. Vi såg positivt på framgangen som nyleg er gjort for å oppnå full operativ kapasitet i haust, streka under det viktige i å halde oppe denne kapasiteten i framtida og evaluerte tiltak som no blir iverksette for å forbetre bidraga til dette nøkkelelementet i den militære NATO-omdanninga og å gje partnarar auka høve til å engasjere seg. Vi ser fram til Steadfast Jaguar, den store valideringsøvinga som NRF skal halde i Kapp Verde seinare denne månaden.

    • Vi slutta oss til den samla politiske rettleiinga som stats- og regjeringssjefane bad om i Istanbul, og avtala å leggje henne fram for dei i Riga. Rettleiinga dannar ei ramme for den vidare omdanninga av alliansen, og fastset prioriteringane i alle kapasitetsspørsmål, planleggingsdisiplinar og etterretningssaker. Vi vil framleis følgje gjennomføringa med interesse.

    • Vi merkte oss resultata som hittil er oppnådde gjennom kapasitetsinitiativa som blei lansert i Praha for å leggje til rette for forbetringar i kapasitetane våre, og gav ytterlegare rettleiing om vegen vidare. Særleg merkte vi oss det som er utretta gjennom dei nasjonalt leidde initiativa om strategiske luft- og sjøtransportkapasitetar, mellom anna gjennomføringa av interimsløysinga for strategisk lufttransport (SALIS), og etableringa av ein permanent struktur for forvaltning av sjøtransportressursar.

    • Vi tok føre oss framgangen i arbeidet som vi gjorde opptakt til på toppmøtet i Istanbul med sikte på å gjere styrkane våre meir innsatsklare ved å gjennomføre politiske målsetjingar for kor stor del av kvar nasjons bakkestyrkar som skal vere strukturerte, førebudde og utstyrte for deployerte operasjonar (40 %), og kor stor del som til kvar tid skal vere engasjert i eller disponert for langvarige operasjonar (8 %). I Istanbul var vi òg samde om behovet for nasjonale mål som utfylling til desse politiske høgnivåmåla, sett på bakgrunn av nasjonale prioriteringar og tilsegner. Denne innsatsen har hatt positive verknader, og vi var samde om å halde fram.

    • Vi merkte oss òg fullføringa av forstudien om eit missilforsvar som det vart gjort opptakt til på toppmøtet i Praha med sikte på å undersøkje alternativ for vern av territoria, styrkane og befolkningssentra til alliansen. Vi oppmuntra til vidare arbeid med politisk-militære vurderingar før ei eventuell avgjerd på dette området.

    • Vi såg positivt på fullføringa av risikoreduksjonsstudien til støtte for ein alliert bakkeovervakingskapasitet, og merkte oss dei første svara på førespurnaden til industrien om konstruksjons- og utviklingsforslag.

    • I tillegg vurderte vi ei rekkje aktuelle nye kapasitetsrelaterte initiativ på område som ressursar, deployeringsevne, forsvar mot terrorisme og opplæring, som stats- og regjeringssjefane våre vil bli førelagde på toppmøtet i Riga. Vi gav Det permanente rådet i oppdrag å utføre vidare detaljarbeid og å utarbeide ein ytterlegare rapport innan det uformelle møtet vårt i Slovenia i september.

    • Vi arbeider òg vidare med omdanning ved NATO-hovudkvarteret gjennom vedtaking av meir rasjonelle og effektive arbeidsmåtar og ved å halde fram med å prioritere ressursar i samsvar med alliansemålsetjingane.

  14. Den pågåande omdanninga av styrkane våre vil vere med på å sikre at NATO framleis kan stå for kollektivt forsvar og bidra til tryggleiken vår ved å yte eit eigna bidrag til den innsatsen verdssamfunnet gjer for å fremje stabiliteten, med den sjølvtilliten som følgjer av den gjensidige solidariteten oss imellom og særleg av dei uunnverlege transatlantiske banda.

Fotnotar

1.

Tyrkia godtek Republikken Makedonia under det konstitusjonelle namnet.

Til forsida