St.meld. nr. 28 (2006-2007)

Om samarbeidet i NATO i 2006

Til innhaldsliste

6 Erklæring frå toppmøtet i Riga

Ved stats- og regjeringssjefane som deltok på møtet i Det Nordatlantiske råd i Riga 29. november 2006

  1. Vi, stats- og regjeringssjefane i NATO-medlemslanda, stadfester i Riga i dag at vi er fast bestemte på å møte tryggingsutfordringane i det 21. hundreåret og forsvare befolkningane og fellesverdiane våre, samtidig som vi held fast ved eit sterkt fellesforsvar som kjerneformålet med alliansen. Dei 26 nasjonane våre står saman om demokrati, fridom for enkeltmennesket og rettsstatleg styre, og er tru mot formåla og prinsippa i FN-pakta.

  2. Prinsippet om ein udeleleg alliansetryggleik er grunnleggjande, og solidariteten oss imellom gjev oss styrke til å møte nye utfordringar saman. I det tryggingsklimaet som utviklar seg i dag, står vi overfor komplekse truslar som til dels heng saman med kvarandre, mellom anna terrorisme av stadig meir globalt omfang og med stadig dødelegare resultat, spreiing av masseøydeliggingsvåpen og tilhøyrande leveringsmiddel, og utfordringar som skriv seg frå ustabilitet som følgje av fallerte eller fallerande statar. Dette understrekar den sentrale rolla NATO spelar som det grunnleggjande forumet for samråd mellom nordamerikanske og europeiske allierte i tryggingsspørsmål. Det framhevar òg det viktige i felles tiltak mot desse truslane, mellom anna i krisereaksjonsoperasjonar under FN-mandat. Det illustrerer òg det viktige i å halde fram med omforminga av ressursane og relasjonane i NATO, noko som omfattar operasjonane og oppdraga våre, sterk satsing på forbetra kapasitetar og tettare samhandling med partnarane våre og andre nasjonar og organisasjonar. I dag har vi slutta oss til den samla politiske rettleiinga for arbeidet vårt (Comprehensive Political Guidance, CPG), som utgjer rammene og fastset den politiske retninga for den vidare omforminga av NATO, med prioriteringar i alle saker som gjeld kapasitetar, planleggingsdisiplinar og etterretning i alliansen dei neste 10–15 åra.

  3. Frå Afghanistan til Balkan, frå Middelhavet til Darfur, i seks utfordrande oppdrag og operasjonar i tre geografiske regionar, fremjar vi fred og tryggleik og står skulder ved skulder med dei som forsvarer fellesverdiane våre – demokrati og fridom – slik dei er nedfelte i Washingtontraktaten. I desse innsatsane samarbeider vi nært med partnarane våre og andre nasjonar. Vi rosar profesjonaliteten og innsatsviljen til dei meir enn femti tusen mennene og kvinnene frå allierte og andre nasjonar som engasjerer seg i desse oppgåvene, og uttrykkjer vår djupaste medkjensle med familiane og dei kjære til dei skadde og falne.

  4. Vi står saman med regjeringa til president Karzai og alle i Afghanistan som søkjer å byggje eit stabilt, demokratisk og framgangsrikt samfunn, fritt for terrorisme, narkotika og frykt, som kan ta hand om sine eigne tryggingsoppgåver og leve i fred med landa rundt seg. Afghanarane har utretta mykje dei fem siste åra. Demokratisk valde institusjonar er etablerte, og iverksetjinga av nasjonale gjenreisings- og utviklingsstrategiar gjer livet lettare for millionar av menneske. Vi forpliktar oss til ei vedvarande rolle til støtte for dei afghanske styresmaktene, i samarbeid med andre internasjonale aktørar.

  5. Å medverke til fred og stabilitet i Afghanistan er ei hovudprioritering for NATO. I samarbeid med nasjonale afghanske tryggingsstyrkar og i samråd med andre internasjonale aktørar skal vi framleis støtte dei afghanske styresmaktene, slik at dei kan ta på seg større ansvar for tryggleik, stabilitet og gjenreising over heile Afghanistan gjennom den NATO-leidde internasjonale tryggingsstyrken (ISAF) under FN-mandat, samtidig som vi respekterer folkeretten og gjer alt vi kan for at sivile ikkje skal komme til skade. Vi stadfester den sterke solidariteten i alliansen, og forpliktar oss til å sikre at ISAF har styrkane, ressursane og fleksibiliteten som trengst for å sikre at oppdraget får vidare framgang. Den afghanske regjeringa og NATO samarbeider i tillegg om å utvikle demokratisk styrte forsvarsinstitusjonar. Vi er i dag blitt samde om å auke støtta til opplæring og vidareutvikling av den afghanske nasjonalhæren, og har vedteke å yte sterkare bidrag til opplæringa av det nasjonale afghanske politiet. Vi gler oss over at partnarar og andre nasjonar held fram med å delta i ISAF-oppdraget, og oppmuntrar alle medlemmer av det internasjonale samfunnet til å engasjere seg i denne viktige innsatsen.

  6. Utan utvikling kan ikkje Afghanistan bli trygt, og så lenge det er utrygt, kan det ikkje utvikle seg. Det afghanske folket har fastsett sine mål for tryggleik, styresett og uvikling i Afghanistan-pakta (Afghanistan Compact), som vart inngått med det internasjonale samfunnet i byrjinga av året. Regionale gjenreisingslag går i aukande grad fremst i NATO-innsatsen, støtta av militære styrkar med kapasitet til å sikre den tryggleiken og stabiliteten som skal til for å gje grobotn for sivil aktivitet. Med lokal eigarskap som leiande prinsipp vil nasjonane våre støtte den nasjonale utviklingsstrategien til den afghanske regjeringa og den innsatsen ho gjer innan sivil kapasitetsoppbygging og institusjonsutvikling. Vi oppmuntrar andre nasjonar og internasjonale organisasjonar, særleg FN og Verdsbanken, til å gjere likeins. NATO skal spele si rolle fullt ut, men kan ikkje ta på seg heile ansvaret. Vi ser positivt på at gjevarland, EU og andre internasjonale organisasjonar går inn for å støtte opp i sterkare grad. Vi ser òg positivt på dei tiltaka det internasjonale samfunnet alt har sett i verk for å betre samordninga av sivile og militære aktivitetar, mellom anna dialog mellom hovudstader og internasjonale organisasjonar, og er overtydde om at det er nødvendig å gå lenger med dette. Vi oppmodar FN til å ta på seg ei leiarrolle i denne samanhengen og såleis støtte den afghanske regjeringa.

  7. Vi støttar den afghanske regjeringa i arbeidet ho gjer for å vise fast leiarskap, mellom anna gjennom aktiv innsats i provinsane, styrking av rettsstaten, tiltak for å få bukt med korrupsjon og resolutt kamp mot ulovleg narkotikaverksemd. Vidare ser vi at det er nødvendig å bryte opp nettverka som finansierer, forsyner og utstyrer terroristar som trugar styresmaktene og folket i Afghanistan. Vi erkjenner at det er ein samanheng mellom narkotika og opprørar i Afghanistan, og vil halde fram med å støtte den afghanske regjeringa i innsatsen mot narkotika innanfor ISAF-mandatet.

  8. Vi ber alle nabolanda til Afghanistan handle resolutt til støtte for den afghanske regjeringa i arbeidet med å byggje opp eit stabilt og demokratisk land innanfor sikre grenser. Særleg tek vi til orde for eit tett samarbeid mellom Afghanistan, Pakistan og NATO, mellom anna gjennom Trepartskommisjonen.

  9. I Kosovo har eit robust KFOR-nærvær under FN-mandat vore eit avgjerande bidrag til å skape trygge tilstandar og fremje den politiske prosessen. NATO vil stå parat til å reagere fort på eventuelle truslar mot eit trygt og sikkert miljø. Vi vil gjere vårt til å gjennomføre tryggingsføresegnene i ei løysing, og vil samarbeide nært med folket i Kosovo, med EU og med andre internasjonale aktørar for å fremje stabilitet og medverke til å byggje opp eit tryggingssystem for Kosovo som er demokratisk styrt og etnisk representativt og har full legitimitet i heile Kosovo. Vi legg stor vekt på gjennomføringsstandardar, særleg når det gjeld å tryggje rettane til minoritetar og samfunn og å verne om historiske og religiøse minnesmerke, og på kamp mot kriminalitet og korrupsjon. Vi støttar fullt ut spesialutsendingen frå FN, Martti Ahtisaari, i arbeidet med å få prosessen i hamn, og ber alle partar om å samarbeide konstruktivt med han, vise fleksibilitet i prosessen, oppfylle dei internasjonalt godtekne standardane og delta i lokale samfunnsinstitusjonar. Dette bør kunne føre fram til ei løysing som gjer Søraust-Europa meir stabilt, gjev heile regionen auka utsikter til å bli integrert i euro­atlantiske institusjonar og kan godtakast av folket i Kosovo. Som i Afghanistan trengst det samordna innsats for å lukkast i Kosovo. NATO-innsatsen for å skape eit trygt klima vil difor framleis vere samordna med dei aktivitetane FN, EU og OSSE driv for å byggje opp styringsverket og støtte opp om reformer.

  10. Både i Afghanistan og Kosovo viser erfaringa at utfordringane i dag krev ei samla tilnærming frå verdssamfunnet si side. Det må setjast inn eit breitt spekter av sivile og militære verkemiddel, samtidig som ein respekterer mandata og avgjerdsautonomien til alle aktørane, og både i Afghanistan og Kosovo er ein slik framgangsmåte prøvd i praksis. Ut frå dette har vi i dag, idet vi erkjenner at NATO ikkje har noko krav på seg til å utvikle kapasitetar til reint sivile formål, gjeve Det permanente rådet i oppdrag å utarbeide pragmatiske forslag innan utanriksministermøtet i april 2007 og forsvarsministermøtet i juni 2007 til korleis NATO kan bruke sine eigne krisehandteringsinstrument på ein meir stringent måte og betre det praktiske samarbeidet på alle plan med partnarar, FN og andre relevante internasjonale organisasjonar, ikkje-statlege organisasjonar og lokale aktørar i planlegginga og gjennomføringa av noverande og eventuelt framtidige operasjonar. Desse forslaga bør ta omsyn til lærdommar som avteiknar seg, og bør gje rom for fleksible alternativ for tilpassing av dei militære og politiske planleggingsprosedyrane i NATO med sikte på å styrkje samhandlinga mellom sivile og militære instansar.

  11. NATO-politikken med vekt på partnarskapar, dialog og samarbeid er avgjerande for at alliansen skal kunne realisere formålet og oppgåvene sine. Denne politikken har skapt grobotn for sterke relasjonar med andre land i Det euroatlantiske partnarskapsråd (EAPC), Middelhavsdialogen (MD) og Samarbeidsinitiativet frå Istanbul (ICI) og med kontaktlanda. NATO-partnarskapane er av varig verdi, og medverkar til stabilitet og tryggleik i heile det euroatlantiske området og utanfor. Oppdraga og operasjonane til NATO har òg vist at desse relasjonane har politisk og operativ verdi: Atten nasjonar utanfor alliansen stiller styrkar og yter støtte til operasjonane og oppdraga våre, og andre har uttrykt interesse av å samarbeide tettare med NATO.

  12. Med tanke på dette gjev vi Det permanente rådet i oppgåve å vidareutvikle denne politikken, og særleg å:

    • utvikle til fulle det politiske og praktiske potensialet i dei noverande NATO-samarbeidsprogramma: EAPC/Partnarskap for fred (PFP), MD og ICI, og likeins NATO-relasjonane med kontaktlanda, i samsvar med vedtaka frå Istanbul-toppmøtet;

    • gjere relasjonane med ikkje-NATO-land, også kontaktlanda, meir operativt relevante, og særleg å styrkje NATO i evna til å samarbeide med eksisterande og potensielle bidragsytarar til NATO-operasjonar og NATO-oppdrag når dei deler våre interesser og verdiar;

    • setje NATO betre i stand til å yte praktisk rådgjeving og hjelp med dei forsvars- og tryggingsrelaterte sidene ved reformer i land og regionar der NATO engasjerer seg.

  13. Med atterhald om vedtak i Det nordatlantiske råd (NAC) vil vi saman arbeide mot desse måla ved å:

    • sjå til at konsultasjonane med PFP-partnarane blir meir fokuserte og samsvarer betre med aktuelle prioriteringar, mellom anna ved å tilpasse EAPC-prosessen og dra full nytte av dei ulike formata i samhandlinga mellom NATO og partnarane, slik grunnlagsdokumentet for EAPC gjev rom for og slik vi var samde om på toppmøta i Praha og Istanbul;

    • gje alliansen høve til å kalle saman ad hocmøte etter kvart som episodar oppstår, med landa som medverkar til eller støttar oppdraga og operasjonane våre politisk, militært og på andre måtar og med dei som er potensielle bidragsytarar, alt etter kva interesse dei har i spesielle regionar der NATO er engasjert. Dette vil skje gjennom fleksible format for konsultasjonsmøte mellom allianseland og eitt eller fleire partnarland (medlemmer av EAPC, MD eller ICI) og/eller interesserte kontaktland, og på grunnlag av inkludering, innsyn og sjølvdifferensiering;

    • styrkje NATO i evna til å samarbeide effektivt med enkeltland ved å opne for at partnarskapsverkemidla som i dag er tilgjengelege for EAPC-land, også kan bli aktuelle for partnarane våre i MD og ICI og for interesserte kontaktland frå sak til sak.

  14. Vi vil framleis følgje nøye med på korleis partnarane våre etterlever dei verdiane og prinsippa dei har forplikta seg til i EAPC og PFP. Vi minner om at kvar partnar har høve til å søkje samråd med alliansen. Vi ser positivt på framgangen som har vore i land med individuelle handlingsplanar for partnarskap, og oppmuntrar til ytterlegare reforminnsats. Vi rosar initiativa om å styrkje samarbeidet, tryggleiken og stabiliteten i Svartehavsregionen, og vil framleis støtte den regionale innsatsen mot dette målet.

  15. Vi ser positivt på framgangen som er oppnådd i gjennomføringa av den meir ambisiøse og utvida ramma for Middelhavsdialogen (MD) som vi avtala på Istanbul-toppmøtet, mellom anna gjennom vedtaka vi har gjort i dag.

  16. Vi ser òg fram til å bruke den nye og pragmatiske tilnærminga vi har vedteke i dag til å styrkje tilhøvet til MD- og ICI-landa og interesserte kontaktland.

  17. Sidan vi var samla på Istanbul-toppmøtet, har opplæringskompetansen i NATO utvikla seg vidare, samtidig som partnarskapen med nasjonar i den utvida Midtausten-regionen har modnast og vorte viktigare for operasjonane og oppdraga i NATO. I lys av dette har vi i dag lansert NATO-initiativet for opplæringssamarbeid innan modernisering av forsvarsstrukturar og opplæring av tryggingsstyrkar. I ei ånd av felles eigarskap og med utgangspunkt i tilgjengelege ressursar står alliansen parat til å dele opplæringskompetansen sin med MD- og ICI-partnarane våre frå den utvida Midtausten-regionen. Gjennom ei gradvis og fasedelt tilnærming bygd på eksisterande strukturar og program vil vi, til beste for partnarane våre og NATO-landa, etablere eit stadig vidare nettverk av NATO-opplæringsaktivitetar. I ein innleiingsfase vil desse partnarane få utvida tilgang til aktuelle eksisterande opplærings- og utdanningsprogram i NATO; andre innslag vil vere partnarskapsaktivitetar og allierte opplæringsfasilitetar for å tilfredsstille behov hos allierte og partnarar, og i tillegg etableringa av eit Midtausten-fakultet ved NATO Defence College. Som ein andre fase kan NATO komme til å vurdere å støtte opprettinga av eit tryggingssamarbeidssenter i regionen, eigd av MD- og ICI-landa, med regional finansiering og NATO-bistand. Eit vedtak om å medverke til opprettinga av eit slikt NATO-støtta senter vil vere basert på samla politiske vurderingar, nødvendig førebuingsarbeid utført av alliansen saman med partnarane og på røynslene frå alle sider av innleiingsfasen. Ulike finansieringskjelder, også frivillig finansiering gjennom til dømes fond, vil bli vurderte. Vi ser fram til ei snarleg gjennomføring av dette initiativet i nært samråd med partnarane våre.

  18. Alle allianselanda medverkar framleis til NATO-oppdraget i Irak, i tråd med tryggingsrådsresolusjon 1546, ved å støtte dei irakiske tryggingsstyrkane gjennom opplæring i eller utanfor landet, gjennom utrusting eller gjennom bidrag til fond. Opplæringsoppdraget er ein demonstrasjon på vår støtte til det irakiske folket og regjeringa deira, og til stabilitet, demokratiutvikling, einskap og territorial integritet for Republikken Irak, i samsvar med dei aktuelle resolusjonane frå tryggingsrådet i FN. Som svar på ei oppmoding frå statsministeren i Irak har vi bede militærstyresmaktene i NATO utvikle ytterlegare nisjeopplæringstilbod til støtte for irakiske tryggingsstyrkar der det trengst militær ekspertise, innanfor mandatet til NATO-opplæringsoppdraget i Irak. Dette viser at vi framleis er forplikta til å hjelpe Irak med å byggje opp effektive og framtidsretta multietniske tryggingsstyrkar.

  19. Vi er djupt uroa over dei vedvarande kamphandlingane i Darfur og den forverra humanitære situasjonen der, og oppmodar alle partar om å respektere våpenkvila. Vi er bekymra over dei regionale følgjene konflikten kan få. Vi ser positivt på konklusjonane frå møtet i Addis Abeba den 16. november 2006 om eit fredsbevaringsoppdrag utført av Den afrikanske unionen (AU) og FN i fellesskap, og ber innstendig om at regjeringa i Sudan må gjennomføre dei. NATO støttar framleis det pågåande AU-oppdraget, og står klar til å utvide denne støtta etter å ha rådført seg med og fått tilslutnad frå AU. Alliansen er forplikta til vidare samordning med alle involverte aktørar, særleg AU, FN og EU, mellom anna med omsyn til eventuell støtte til eit påfølgjande oppdrag med lufttransport og opplæring.

  20. Vi fordømmer sterkt all terrorisme, utan omsyn til motivasjon og ytringsform, og vil saman kjempe mot han så lenge det trengst, i samsvar med folkeretten og FN-prinsippa. Alliansen står framleis for ein avgjerande transatlantisk dimensjon i mottiltaka mot terrorisme. Active Endeavour, den maritime operasjonen vi utfører i Middelhavet, held fram som eit viktig bidrag til kampen mot terrorisme, og vi gler oss over at partnarland yter støtte til operasjonen og såleis har gjort han endå meir effektiv. Vi er framleis forplikta til dialogen og samarbeidet vi har med partnarane våre og andre internasjonale organisasjonar i kampen mot terrorismen, og seier oss på ny fast bestemte på å verne eigne befolkningar, territorium, infrastruktur og styrkar mot følgjene av terroriståtak. Vi rosar NATO-initiativa til forsvar mot terrorisme, som omfattar utvikling av spissteknologi til å motverke terroristtruslar, mellom anna for å forsvare allierte styrkar i Afghanistan mot improviserte sprenglekamar. Vi oppmodar allianselanda til å vidareutvikle og fullt ut setje i verk sine nasjonale kapasitetar på dette viktige området, og til å styrkje alliansen i evna til å dele informasjon og etterretning om terrorisme, særleg til støtte for NATO-operasjonar.

  21. Vi støttar arbeidet for å fremje felles verdiar, reform og dialog mellom ulike folk og kulturar. I denne samanhengen verdset vi utspelet frå generalsekretæren i FN om ein «Allianse av sivilisasjonar», og likeins «Forum for framtida», eit initiativ i G8-regi.

  22. Omstillingane i forsvarssektoren må halde fram for at alliansen skal kunne utføre alle sine oppdrag, mellom anna operasjonar innan fellesforsvar og krisereaksjon. Operasjonane våre i Afghanistan og på Balkan stadfester at NATO treng moderne, høgt kompetente styrkar – styrkar som raskt kan flyttast dit det er behov for dei etter vedtak i NAC. På grunnlag av vedtaka vi gjorde på toppmøta i Praha og Istanbul, er det alt gjort mykje for å gjere alliansestyrkane meir kompetente og eigna. Vi vil styrkje kapasitetane ytterlegare i samsvar med pålegget og prioriteringane i den samla politiske rettleiinga.

  23. Opprettinga av reaksjonsstyrken NATO Response Force (NRF), som i dag har nådd full operativ kapasitet, har vore eit sentralt innslag i utviklinga. Styrken har ein avgjerande funksjon når alliansen står overfor ei krise som utviklar seg raskt. Han tener òg som katalysator for omstilling og samvirkeevne, og vil samla sett gjere dei væpna styrkane våre betre, ikkje berre for NATO, men òg for EU og FN og i nasjonal samanheng. Vi støttar ei forbetra gjennomføring av det avtala NRF-konseptet gjennom mekanismar som skal betre styrkegenereringa på lang sikt, og likeins tiltak som opnar for ei meir berekraftig og gjennomsiktig tilnærming for å halde oppe kapasiteten til styrken i framtida.

  24. Tilpassinga av styrkane våre må halde fram. Vi har slutta oss til ei rekkje initiativ som skal gjere styrkane våre betre skikka til å ta hand om truslar og utfordringar som gjer seg gjeldande i dag.

    Initiativa går mellom anna ut på:

    • å bli betre i stand til å utføre og støtte operasjonar med fleirnasjonale, felles ekspedisjonsstyrkar langt borte frå eige territorium med lita eller inga støtte frå vertsnasjonen, og å halde slike operasjonar gåande over lengre tid. Dette krev styrkar med full evne til utplassering, uthald og interoperabilitet og tilstrekkelige middel til å utplassere dei;

    • forpliktande tilsegner om utvida strategisk lufttransport, som er avgjerande for rask utplassering av styrkar, for å bøte på manglar som er påviste og framleis gjer seg gjeldande. Av fleirnasjonale initiativ frå NATO-medlemmer og partnarar kan nemnast interimsløysinga for strategisk lufttransport, som alt er operativ, planen om eit konsortium som skal slå saman kapasitet i form av C-17 transportfly, og endeleg tilbod om å samordne støttestrukturar for strategisk lufttransport med A-400M. Nasjonalt er det fleire allianseland som har eller planlegg å skaffe seg eit stort tal C-17 og A-400M. Det har òg vore vesentleg framgang i den samla tilgangen på sjøtransport sidan toppmøtet i Praha;

    • omdanning av styrkar til spesialoperasjonar med sikte på setje dei betre i stand til å trene og operere saman, mellom anna gjennom forbetra utrustingskapasitet;

    • å sikre evna til å få fram militær støtte til stabiliseringsoperasjonar og gjenreisingsinnsats i alle fasar av ei krise, slik behovet tilseier og slik det er lagt opp til i den samla politiske rettleiinga, på bakgrunn av det ein har lært og framleis lærer av noverande operasjonar om meirverdien av slik militær støtte;

    • arbeid for å utvikle ein nettverksbasert NATO-kapasitet som gjer det mogeleg å dele informasjon, data og etterretning på ein trygg, påliteleg og direkte måte under allierte operasjonar, samtidig som vi må verne våre eigne nøkkelinformasjonssystem mot dataangrep;

    • aktivering av eit senter for etterretningssamkøyring med sikte på betre informasjons- og etterretningsutveksling ved allierte operasjonar;

    • vidare framgang i bakkeovervakingsprogrammet med sikte på å oppnå reelle kapasitetar til å støtte alliansestyrkar;

    • vidare innsats for å utvikle kapasitetar mot kjemiske, biologiske, radiologiske og kjernefysiske truslar;

    • omforming av logistikkmetodane i alliansen, dels gjennom auka bruk av fleirnasjonale løysingar;

    • innsats for å sikre ein kommandostruktur som er slank, rasjonell og meir effektiv;

    • underteikning av den første større kontrakten om eit aktivt, lagdelt kortdistanserakettforsvar, som òg er eit stort steg i retning av å verne utplasserte NATO-styrkar betre.

  25. I Praha tok vi initiativ til ein forstudie om missilforsvar som reaksjon på den aukande missiltrusselen. Vi gler oss over at studien nyleg er fullført. Konklusjonen går ut på at missilforsvar er teknisk gjennomførleg innanfor dei grensene og føresetnadene studien er basert på. Vi gav pålegg om vidare arbeid med dei politiske og militære implikasjonane av eit missilforsvar for alliansen, mellom anna ei oppdatering om korleis missiltruslane utviklar seg.

  26. Vi er forplikta til å halde fram med å stille til rådvelde, individuelt og kollektivt, dei ressursane som skal til for at alliansen vår skal kunne utføre dei oppgåvene vi krev av han. Difor oppmuntrar vi dei nasjonane som har nedgang i forsvarsutgiftene, til å stanse nedgangen og ta sikte på ein reell auke i forsvarsutgiftene. Som det går fram av den samla politiske rettleiinga, vil ikkje utviklinga av kapasitetar vere mogeleg utan tilstrekkelege ressurstilsegner. Ressursane bør brukast effektivt og målretta på dei oppgåvene som er prioriterte i rettleiinga.

  27. Vi sluttar oss til kampanjen for rasjonalisering og effektivisering ved NATO-hovudkvarteret og til den finansieringspraksisen det blir lagt opp til.

  28. På Vest-Balkan er euroatlantisk integrasjon, basert på solidaritet og demokratiske verdiar, framleis nødvendig for stabiliteten på lang sikt. Dette krev samarbeid i regionen, gode nabotilhøve og arbeid for å oppnå gjensidig akseptable løysingar på uoppgjorde spørsmål.

  29. Den vedvarande NATO-utvidingsprosessen har vore ein historisk suksess når det gjeld å fremje stabilitet, fred og samarbeid i Europa og visjonen om eit heilt og fritt Europa som lever i fred. I pakt med lovnaden om å halde døra open for nye medlemmer i framtida, stadfester vi at NATO er ope for nye europeiske medlemmer i samsvar med artikkel 10 i Atlanterhavspakta. Handlingsplanen for medlemskap (MAP) er eit avgjerande førebuingsstadium for land som vil bli NATO-medlemmer. Alle demokratiske land i Europa kan komme på tale for MAP eller som medlemmer, med atterhald om dei vedtak NAC tek på kvart stadium på grunnlag av den framgangen landa gjer i retning av å oppfylle måla i Atlanterhavspakta. Vi gjev NATO-utanriksministrane pålegg om å halde denne prosessen under kontinuerleg oppsyn og rapportere til oss.

  30. Vi gler oss over den innsatsen Albania, Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia 1 har gjort for å førebu seg på ansvaret og pliktene som følgjer med medlemskap. Vi rosar dei aukande bidraga dei yter til internasjonale fredsbevarings- og tryggingsoperasjonar og den felles innsatsen dei gjer for å fremje regionalt samarbeid. På det neste toppmøtet vårt i 2008 aktar alliansen å invitere endå fleire land som oppfyller dei resultatbaserte NATO-krava og er skikka til å medverke til tryggleik og stabilitet i det euroatlantiske området.

  31. Vi ser positivt på den forbetra gjennomføringa av parlamentsval i Albania i juli 2005. Vedvarande innsats mot korrupsjon og organisert kriminalitet er avgjerande. Vi oppmuntrar til vidare framgang, særleg i rettsstatsutviklinga og innan forsvarsreformer.

  32. Vi gler oss over at Kroatia samarbeider fullt ut med den internasjonale forbrytardomstolen for det tidlegare Jugoslavia (ICTY), og over den betydelege framgangen landet har hatt med å fremje politiske og økonomiske reformer og rettsstats- og forsvarsreformer, som må vidareførast, og oppmuntrar til ytterlegare innsats for å sikre at medlemsskapsambisjonane har sterkare folkeleg støtte.

  33. Vi gler oss over det vellukka parlamentsvalet som vart gjennomført i den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia i 2006, og likeins over den sterke innsatsen for meir djuptgåande reformer innan politikk, økonomi, rettsstatsutvikling og rettsvesen som blir gjort, og som må vidareførast.

  34. Vi meiner fullt og fast at Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia kan yte verdifulle bidrag til regional stabilitet og tryggleik. Vi støttar sterkt opp om dei pågåande reformprosessane, og vil oppmuntre til ytterlegare positiv utvikling i regionen på vegen mot euroatlantisk integrasjon.

  35. NATO vil ytterlegare styrkje samarbeidet om forsvarsreform med Bosnia-Hercegovina og Serbia, og vil tilby råd og bistand etter kvart som Montenegro byggjer opp sine forsvarskapasitetar.

  36. Sidan langsiktig stabilitet på Vest-Balkan er av stor verdi, og på bakgrunn av dei framstega Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia har gjort til no, har vi i dag invitert desse tre landa til å bli med i Partnarskap for fred og Det euroatlantiske partnarskapsråd. Ved å gå til dette skrittet viser vi kor stor vekt vi legg på verdiane og prinsippa i grunnlagsdokumenta for EAPC og PFP, og vi ventar oss spesielt at Serbia og Bosnia-Hercegovina vil samarbeide fullt ut med ICTY. Vi vil følgje nøye med på innsatsen deira på dette punktet.

  37. Vi stadfester at alliansen vil vidareføre den intensiverte dialogen med Georgia og Ukraina, som dekkjer heile spekteret av politiske, militære, økonomiske og tryggingsrelaterte spørsmål i samband med medlemsskapsambisjonane til desse landa, utan å forskottere noko framtidig alliansevedtak.

  38. Vi stadfester betydninga av den særskilde partnarskapen mellom NATO og Ukraina, som har tiårsjubileum neste år, og ser positivt på framgangen som er oppnådd innanfor den intensiverte dialogen oss imellom. Vi verdset det vesentlege bidraget Ukraina har ytt til fellestryggleiken, mellom anna gjennom deltaking i NATO-leidde operasjonar og innsats for å fremje regionalt samarbeid. Vi oppmuntrar Ukraina til å halde fram med å medverke til regional tryggleik. Vi er framleis fast bestemte på å hjelpe til med praktisk samarbeid i gjennomføringa av vidtgåande reforminnsats, særleg på områda nasjonal tryggleik, forsvar, reformer i forsvarsindustrisektoren og kamp mot korrupsjon.

  39. Vi gler oss over innleiinga av ein intensivert dialog med Georgia, og over at Georgia har ytt bidrag til internasjonale fredsbevarings- og tryggingsoperasjonar. Vi vil halde fram med å samhandle aktivt med Georgia til støtte for reformprosessen. Vi oppmuntrar Georgia til å søkje vidare framgang i dei politiske, økonomiske og militære reformene, mellom anna med sterkare reformer i rettsvesenet, og i arbeidet for å få ein fredeleg slutt på uløyste konfliktar på georgisk territorium. Vi stadfester at det er svært viktig at alle partar i regionen engasjerer seg konstruktivt for å fremje regional fred og stabilitet.

  40. Partnarskapen mellom NATO og Russland er framleis eit strategisk element i arbeidet for å auke tryggleiken i det euroatlantiske området. Når det no nærmar seg tiårsjubileet for underteikninga av grunnlagsdokumentet og femårsjubileet for NATO–Russland-rådet (NRC) i mai 2007, gler vi oss over framgangen i arbeidet med å intensivere den politiske dialogen og det praktiske samarbeidet mellom NATO og Russland, og meiner at samarbeidsskjemaet som blei sett opp i Roma-erklæringa frå mai 2002 enno ikkje er utnytta til fulle. Mykje står att å gjere i så måte, og vi oppmodar Russland om å gå saman med oss om å styrkje samarbeidet oss imellom i viktige tryggingsspørsmål, mellom anna kampen mot terrorisme. Vi vonar at Russland snart vil ratifisere styrkestatusavtalen med PFP, noko som vil leggje tilhøva til rette for ytterlegare intensivering av det praktiske samarbeidet vårt, særleg innan mellom-militære prosjekt. Vi verdset det russiske bidraget til Active Endeavour og det praktiske samarbeidet i kampen mot ulovleg narkotikaomsetning i Afghanistan og Sentral-Asia. Vi er førebudde på å styrkje og utdjupe samarbeidet i NRC ved å gjere dei eksisterande strukturane i rådet meir effektive, og å samarbeide vidare som likeverdige partnarar på område av felles interesse der samarbeid oss imellom kan gje meirverdi, slik Roma-erklæringa legg opp til.

  41. NATO og EU deler verdiar og strategiske interesser. Tilhøvet mellom NATO og EU dekkjer eit breitt spekter av saker av felles interesse på tryggings-, forsvars- og krisehandteringsområdet, mellom anna kampen mot terrorisme, utvikling av samanhengande og gjensidig forsterkande militære kapasitetar og sivil kriseplanlegging. Det vellukka samarbeidet vi har hatt på Vest-Balkan, mellom anna gjennom Berlin-Pluss-ordningane når det gjeld EU-operasjonen Althea, medverkar til fred og tryggleik. Vi vil streve etter å forbetre den strategiske NATO–EU-partnarskapen slik dei to organisasjonane våre er samde om, slik at samarbeidet kan bli tettare, effektiviteten større og unødig dobbeltarbeid kan unngåast, under opne forhold og med full respekt for autonomien til dei to organisasjonane. Eit sterkare EU vil medverke ytterlegare til fellestryggleiken.

  42. Vi stadfester at vi er forplikta til CFE-avtalen som ein hjørnestein for tryggleiken i Europa, og går inn for at den tilpassa avtalen snart kan tre i kraft slik at nye statar kan tiltre. Den tredje gjennomgangskonferansen understreka den livsviktige rolla vi tillegg CFE-avtalen, og vi er bestemte på å vidareføre den konstruktive tilnærminga vår til konvensjonell rustingskontroll. Når dei resterande Istanbul-tilsegnene om Republikken Georgia og Republikken Moldova er oppfylte, vil det leggje tilhøva til rette for at allianseland og andre partsstatar kan gå vidare på vegen mot ratifikasjon av den tilpassa avtalen. Vi ser positivt på den viktige avtalen som vart underteikna av Russland og Georgia 31. mars 2006 om tilbaketrekking av russiske styrkar, og på framgangen som er oppnådd sidan då. Vi merkjer oss med sorg at det ikkje er gjort framgang i tilbaketrekkinga av russiske militære styrkar frå Republikken Moldova, og ber Russland ta opp att og fullføre tilbaketrekkinga snarast råd.

  43. Vi er leie for at konfliktane i Sør-Kaukasus og Republikken Moldova held fram. Nasjonane våre går inn for territorial integritet, sjølvstende og suverenitet for Armenia, Aserbajdsjan, Georgia og Republikken Moldova. Vi støttar vidare innsats for å oppnå fredelege løysingar på konfliktane desse tre landa er innblanda i.

  44. Vi støttar tryggingsrådet i FN fullt ut når det slår fast at kjernevåpenprøven til Den demokratiske folkerepublikken Korea er ein opplagd trussel mot freden og tryggleiken i verda, og sluttar oss til kravet frå rådet om at regjeringa i Iran må innstille alt opprikings- og attvinningsarbeid, også forsking og utvikling, på ein måte som kan kontrollerast av Det internasjonale atomenergibyrået. Vi ventar at begge regjeringane fullt ut etterkjem krava i dei aktuelle resolusjonane frå Tryggingsrådet. Vi uttrykkjer støtte til pågåande diplomatisk innsats i denne samanhengen. Vi minner om at avtalen om ikkje-spreiing av kjernevåpen framleis er hjørnesteinen for ikkje-spreiing og nedrusting, og oppmodar alle partsstatane til å etterleve avtalen fullt ut. Vi stadfester at rustingskontroll og ikkje-spreiing framleis vil vere svært viktig for å hindre spreiing og bruk av masseøydeleggingsvåpen og leveringsmiddel for slike våpen. Spreiingstruslane i dag understrekar det viktige i å styrkje nasjonale tiltak, i å gjennomføre tryggingsrådsresolusjon 1540 og i eksisterande multilaterale ikkjespreiings- og eksportkontrollregime og internasjonale rustingskontroll- og nedrustingsavtalar, mellom anna konvensjonen om biologiske og giftige våpen, konvensjonen om kjemiske våpen og Haag-retningslinjene mot spreiing av ballistiske missil.

  45. Som det er understreka i det strategiske konseptet, kan tryggingsinteressene til alliansen også bli påverka av stans i tilførsla av livsviktige ressursar. Vi støttar ein samordna internasjonal innsats for å evaluere risikoar for energiinfrastrukturar og å auke tryggleiken i infrastrukturane. Med tanke på dette pålegg vi Det permanente rådet å rådføre seg om dei mest presserande risikoane på energitryggingsområdet for å definere område der NATO har noko å tilføre når det gjeld å sikre tryggingsinteressene til allianselanda og der organisasjonen kan medverke til nasjonal og internasjonal innsats etter oppmoding.

  46. Vi er djupt takksame for den gjestfrie mottakinga den latviske vertskapen har vist oss. Her i Latvia, ein nasjon som ved å tiltre NATO har styrkt tryggleiken for alle i det euroatlantiske området og ført oss nærmare det felles målet vårt, som er eit heilt og fritt Europa, sameint i fred og av felles verdiar, har vi på nytt stadfest det uunnverlege bandet mellom Nord-Amerika og Europa, og streka under at vi forpliktar oss til den pågåande omdanninga av alliansen. Dei avgjerdene vi saman har teke, og det arbeidet vi har gjeve pålegg om, viser at alliansen tilpassar seg tryggingsutfordringane i det 21. hundreåret gjennom sine operasjonar, omforma forsvarskapasitetar og djupare inngrep med land i og utanfor det euroatlantiske området, og gjennom vidare interne reformer. Denne innsatsen vil styrkje oppdraget vårt i Afghanistan og evna vår til å møte nye utfordringar. Vi møtest igjen våren 2008 for å evaluere framgangen og gje nye pålegg om den pågåande NATO-omforminga, mellom anna utvidingsprosessen.

Fotnotar

1.

Tyrkia godkjenner Republikken Makedonia under det konstitusjonelle namnet

Til forsida