St.meld. nr. 28 (2006-2007)

Om samarbeidet i NATO i 2006

Til innhaldsliste

8 Hurtigreaksjonsstyrkar og missilforsvar

Den omfattande militære omforminga av alliansen blei vidareført i 2006 med sikte på å setje NATO betre i stand til å møte dei tryggingspolitiske utfordringane i dag og i framtida. Den militære omforminga er ein kontinuerleg prosess der erfaringar frå pågåande operasjonar og impulsar frå andre internasjonale aktørar er viktige drivkrefter.

Sentralt i arbeidet stod oppfølginga av vedtaket frå toppmøtet i Istanbul i 2004 om å utvikle nye politiske retningslinjer for militær omforming og kapasitetsutvikling. Desse retningslinjene skal støtte opp om det strategiske konseptet for alliansen, mellom anna ved å leggje til rette for betre koordinering av den interne militære planlegginga i NATO. På toppmøtet i Riga blei dokumentet godkjent av stats- og regjeringssjefane og deretter offentleggjort.

Arbeidet med å gjere hurtigreaksjonsstyrken («NATO Response Force» – NRF) operativ heldt fram i 2006. Konseptet for styrken vart vidareutvikla, og det vart planlagt at full operativ kapasitet skulle erklærast av stats- og regjeringssjefane på toppmøtet i Riga. I samband med toppmøtet i Riga melde Noreg inn Telemark bataljon til NRF i første halvår 2007 for å bidra til oppnåing av full operativ kapasitet.

Arbeidet for å bøte på kapasitetsmanglane i NATO innanfor initiativet «Prague Capabilites Commitments» (PCC) heldt fram i 2006. Det var generelt god framdrift i programmet, og det er venta at i underkant av 80 % av tiltaka vil vere gjennomførte innan utgangen av 2008. Dei store strategiske prosjekta var mest krevjande, og då særleg anskaffinga av strategiske transportfly, tankfly og strategisk sjøtransport.

Arbeidet med eit territorialt alliert missilforsvar heldt fram i 2006. På Praha-toppmøtet i 2002 blei det vedteke at det skulle utarbeidast ein studie for å vurdere om eit missilforsvarssystem til vern om alliert territorium lèt seg gjennomføre teknisk. Studien var ferdig sommaren 2006, og blei lagd fram i ein rapport for stats- og regjeringssjefane på toppmøtet i Riga. Rapporten konkluderer med at eit slikt missilforsvar lèt seg gjennomføre, men at det er for tidleg å avgjere om alliansen skal gå vidare med faktisk etablering av det.

Saman med ei rekkje tonegjevande allierte stilte Noreg seg i 2006 kritisk til utviklinga av eit alliert territorialt missilforsvar. Denne haldninga var basert på ei samla vurdering av behovet for ei felles alliert trusselvurdering, faren for eit nytt våpenkappløp og uvissa rundt kostnader og teknologiske utfordringar. Det er såleis knytt stor uvisse til den vidare oppfølginga av eit territorialt missilsforsvar i NATO.

Til forsida