St.meld. nr. 29 (2006-2007)

Om Noregs deltaking i Europarådet i 2006

Til innhaldsliste

11 Kulturminneforvaltning og naturforvaltning

Styringskomiteen for kulturarv har ansvaret for å arbeide for å verne den fysiske kulturarven i Europa. Denne arven omfattar kulturlandskap, kulturmiljø og kulturminne. Komiteen forvaltar Granada­-konvensjonen om vern av kulturminna i Europa, Malta-konvensjonen om vern av den arkeologiske kulturarven og rammekonvensjonen om verdien av kulturarv for samfunnet.

Europarådet vedtok rammekonvensjonen om verdien av kulturarv for samfunnet hausten 2005. Konvensjonen er den første som set kulturarven inn i ein sosial samanheng med dei følgjene dette har for kravet om respekt frå samfunnet generelt.

For å kunne følgje opp ministerkonferansane til FNs økonomiske kommisjon for Europa (ECE) med tema biologisk mangfald og naturforvaltning, blei det i 1995 oppretta eit samarbeid mellom Europarådet og FNs miljøprogram (UNEP). Samarbeidet omfattar òg frivillige organisasjonar og er eit ledd i oppfølginga av den såkalla paneuropeiske strategien for biologisk mangfald og landskapsvern.

Rettleiande for arbeidet i styringskomiteen er resolusjonen om biologisk mangfald som blei vedteken på ministerkonferansen Environment for Europe i Kiev i 2003. Resolusjonen set konkrete mål for korleis tapet av det biologiske mangfaldet skal stansast innan 2010 og oppmodar til å opprette eit nettverk for verneområde, til å stanse utbreiinga av framande artar og til å utvikle indikatorar for resultatmålingar i oppfølginga av vernet av det biologiske mangfaldet. Styringskomiteen arbeidde i 2006 med å følgje opp denne resolusjonen.

Noreg bidrog økonomisk til fleire prosjekt for å sikre det biologiske mangfaldet på Balkan og i Kaukasus. Resultata av fleire av desse prosjekta skal leggjast fram på ministerkonferansen i Beograd i 2007.

Noreg slutta seg til Den europeiske landskapskonvensjonen i 2001 som det aller første av medlemslanda i Europarådet. Formålet med konvensjonen er å fremje vernet og forvaltninga av landskapet og å organisere europeiske samarbeid om dette. Konvensjonen gjeld i liten grad statleg vern etter naturvern- eller kulturminnelovene. Det sentrale er å skape større medvit om korleis ein opplever landskap og kva dette har å seie for den fysiske og mentale helsa og å skape større medvit om landskapsutvikling i kommunalpolitikken, i planlegginga av arealbruk og i stadutviklinga.

Til forsida