St.meld. nr. 29 (2006-2007)

Om Noregs deltaking i Europarådet i 2006

Til innhaldsliste

12 Regionalt og kommunalt samarbeid

Styringskomiteen for lokalt og regionalt demokrati arbeider med spørsmål om lokalt sjølvstyre, kommunal økonomi og forvaltning og den statlege styringa av kommunesektoren. Komiteen arbeider mellom anna for å medverke til å utvikle demokratiske institusjonar på lokalt nivå i landa i Sentral- og Aust-Europa. Komiteen har ein aktiv dialog med Europaråds­kongressen for lokale og regionale styresmakter. I 2006 omfatta arbeidet mellom anna demokratisk deltaking, offentleg etikk, utviklingstrekk i strukturen og sjølvstyret på regionalt nivå og interkommunalt samarbeid.

Senteret for ekspertise om lokalreformer blei oppretta i 2006 som eit prøveprosjekt i tre år. Senteret skal arbeide med prosjekt som skal styrkje den kapasiteten kommunesektoren har i arbeidet med leiarskap, offentleg etikk, tenesteyting og innbyggjarane si deltaking. Land i Søraust-Europa blei prioriterte i 2006, men på noko lengre sikt skal senteret dekkje behovet for rådgjeving til alle dei medlemslanda som ønskjer det. 

Den europeiske konferansen for ministrar med ansvar for regional planlegging arbeider for ei berekraftig regional utvikling i Europa med vekt på økonomiske, sosiale, kulturelle og miljømessige utfordringar. Ministermøta har fokus på menneskerettar, demokrati, institusjonsbygging, opplæring og utveksling av erfaringar. Målet er å betre livskvaliteten til folk gjennom å utvikle ei integrert tilnærming når politikken for miljø og landskap skal utformast, mellom anna for å førebyggje naturkatastrofar. Det blir mellom anna arbeidd med å utvikle eit europeisk nettverk av modellregionar (innovative regionar) for lokalt sjølvstyre og folkeleg deltaking. Eitt av spørsmåla er å sjå på korleis ungdom kan verke som drivkrefter for å betre livskvaliteten i sitt lokalmiljø.

Til forsida