St.meld. nr. 29 (2006-2007)

Om Noregs deltaking i Europarådet i 2006

Til innhaldsliste

5 Juridisk samarbeid

5.1 Sivilrettsleg samarbeid

Styringskomiteen for samarbeidet om sivilrett omfattar mellom anna arbeidet for å fremje effektive og demokratiske rettssystem i dei sentral- og austeuropeiske landa. Komiteen har faste underkomitear på områda forvaltningsrett, statsborgarskap og familierett. I 2006 overtok styringskomiteen òg ansvaret for asyl- og flyktningspørsmål.

Komiteen utarbeidde i 2006 mellom anna eit framlegg til ein revidert konvensjon om adopsjon, ei tilråding om god forvaltning og ei tilråding om gjeldsproblem. Det blei òg sett i gang forstudier knytte til terrorisme, forsikringsordningar som dekkjer skadar frå terrorhandlingar og avslag på opphalds­­løyve for terroristdømte.

Samarbeidet om utviklinga av rettslege tilhøve i medlemsstatane skjer no i hovudsak i Den europeiske kommisjonen for effektivitet i rettssystema, som blei oppnemnd i 2002 som eit særskilt organ under ministerkomiteen. Kommisjonen skal medverke til at domstolane i medlemslanda fungerer betre og at dei blir meir effektive, for på den måten å gje innbyggjarane større tiltru til rettferdige dommar. Han skal òg leggje til rette for effektivitet og rettferd i rettssystema. Kommisjonen har ikkje overvakings- eller kontrolloppgåver.

To ekspertgrupper under kommisjonen har arbeidd med kriterium for å evaluere den rettslege handsaminga og tidsfristane for slik handsaming. Noreg har teke aktivt del i dette arbeidet og var i 2006 representert i kommisjonen gjennom Domstolsadministrasjonen. Kommisjonen har skapt eit nettverk av pilotdomstolar der ein lagmannsrett (Frostating) og ein tingrett (Nordhordland) er med frå Noreg. Noreg er òg med i det såkalla Lisboa-nettverket, som er eit diskusjonsforum for å fremje kompetanseutvikling for dommarar og påtalemakta.

Europarådet har òg oppretta ein møteplass for europeiske dommarar. Det rådgjevande rådet har med éin dommar frå kvart medlemsland og gjev fråsegner om prinsipielle sider ved rettslege spørsmål. Rådet har mellom anna uttalt seg om ein alternativ måte å løyse tvistar på for å avhjelpe saksmengda og saksavviklinga i nasjonale domstolar.

5.2 Strafferettsleg samarbeid

Styringskomiteen for strafferettslege spørsmål, kriminologi og fengselssaker har mellom anna arbeidd med ei tilråding om vern av vitne. Styrings­komiteen har oppnemnt ein strafferetts- og straffeprosessekspert som, med assistanse frå ekspertar innan folkehelse og kvalitetskontroll, skal sjå på om det lèt seg gjere å forhandle fram ein konvensjon om falske medisinar og farmasøytisk kriminalitet. Vidare vil det bli arbeidd med å styrkje fengselsstandardane.

Europarådet har utarbeidd eigne rettslege instrument mot korrupsjon. To konvensjonar mot korrupsjon, ein strafferettsleg og ein sivilrettsleg, blei lagde ut for underteikning i 1999. Same året bestemte nokre medlemsstatar seg for å opprette Group of States against Corruption (GRECO) for å sjå til at konvensjonspartane følgjer opp forpliktingane sine. Dette samarbeidet tel no i alt 44 land, og Noreg har vore medlem sidan 2001.

Medlemskapen i GRECO føreset at landa tek del i gjensidige evalueringsprosessar. Til liks med dei fleste medlemslanda har Noreg blitt evaluert i to evalueringsrundar. I 2006 fastsette GRECO at Noreg har oppfylt alle tilrådingane frå dei to evalueringane.

I 2006 vedtok GRECO å setje i gang ein tredje runde med evaluering av medlemslanda frå 2007. Denne runden vil omfatte gjennomføringa og praktiseringa av strafferettslege føresegner som er relevante for Europarådets strafferettslege konvensjon mot korrupsjon, og medlemslanda si regulering av openheit rundt finansieringa av politiske parti.

5.3 Folkerett

Folkeretten er i konstant utvikling og får stadig meir å seie. I Europarådets ad hoc-komité for folkerettsrådgjevarar deltek rettssjefane frå utanriksdepartementa i alle medlemsstatane i Europarådet og ei heil rekkje observatørstatar og organisasjonar. Komiteen kjem saman for å utveksle og om mogeleg samordne synspunkt om ei rekkje aktuelle folkerettslege spørsmål, mellom anna spørsmål som blir handsama av FNs folkerettskommisjon.

Komiteen fungerer òg som eit europeisk observatorium for dei atterhalda som nokre statar har teke når dei har slutta seg til multilaterale konvensjonar, og medlemsstatane utvekslar synspunkt på og samordnar om mogeleg reaksjonane mot uakseptable atterhald.

I 2006 fokuserte komiteen mellom anna på mogelegheiten for å løyse tvistar på ein fredeleg måte gjennom Den internasjonale domstolen (ICJ), på tilhøvet mellom menneskerettar og humanitærrett og på gjennomføringa av forpliktingar knytte til Den internasjonale straffedomstolen (ICC). Noreg leidde eit eige konsultasjonsmøte under komiteen om ICC.

Komiteen har òg oppretta ein database om den nasjonale gjennomføringa av FN-sanksjonar og respekten for menneskerettar i samband med dette og ein annan database om organiseringa av rettsavdelingane i dei ulike medlemslanda, særleg for å hjelpe nye medlemsstatar. Vidare publiserte komiteen ei bok om statspraksis når det gjeld statsimmunitet.

Noreg legg stor vekt på arbeidet i komiteen, og rettssjefen i Utanriksdepartementet har for tida vervet som nestleiar.

5.4 Internasjonal terrorisme

Arbeidet mot internasjonal terrorisme har vore høgt prioritert i Europarådet sidan 11. september 2001. Ein ny konvensjon om førebygging av terrorisme blei lagt ut for underteikning på toppmøtet i 2005. Konvensjonen har tre hovudsiktemål: å kriminalisere at det offentleg blir oppmoda til terrorhandlingar, at det blir drive rekruttering til terrorisme og at det blir øvd på terrorhandlingar. Frå norsk side har vi vore særleg opptekne av at arbeidet skal gje konkrete resultat og at ein må unngå at arbeidet til Europarådet og til FN overlappar kvarandre. Konvensjonen vil tre i kraft når seks land har ratifisert han, truleg ein gong i 2007. Noreg var aktivt med på å utarbeide konvensjonen, men det vil krevje lovendringar før vi kan ratifisere han.

Europarådet har oppnemnt ein eigen ekspertkomité som samordnar arbeidet med terrorisme, og der OSSE, Europa­kommisjonen, OECD, Interpol, Europol, FN og Den internasjonale raudekrossen òg deltek som observatørar. Kampen mot terrorisme er òg eitt av dei fire formaliserte områda for samarbeidet mellom Europarådet og OSSE.

Europarådet har i tillegg til dette utarbeidd retningslinjer for mellom anna tiltak for dei som er ofre for terrorhandlingar, mediefridom i kampen mot terrorisme, forhøyrsteknikkar, vitnevern og reglar for å utferde identitets- og reisepapir.

Til forsida