St.meld. nr. 29 (2006-2007)

Om Noregs deltaking i Europarådet i 2006

Til innhaldsliste

4 Det mellomstatlege samarbeidet

4.1 Menneskerettar

Styringskomiteen for menneskerettar har ansvaret for å følgje opp arbeidet med reformer som blei vedteke i mai 2004 for å sikre framtida til Menneskerettsdomstolen. Styringskomiteen har mellom anna kartlagt korleis medlemsstatane følgjer opp tilrådingane om nasjonale tiltak for å førebyggje og rette opp brot på EMK, og har komme med framlegg for å effektivisere etterlevinga av dommane frå EMD. Noreg har spelt ei aktiv rolle i dette arbeidet, som vil halde fram i 2007.

Vidare er menneskerettane i multikulturelle samfunn drøfta, med fokus på retten til å bere religiøse symbol på offentleg stad og tilhøvet mellom ytringsfridommen og vernet mot hatefulle ytringar. Siktemålet er å utarbeide handbøker som ei rettleiing til å handsame slike saker, noko vi frå norsk side ser på som eit godt tiltak. 

I samarbeid med Menneskerettskommissæren arrangerte styringskomiteen hausten 2006 eit seminar om vern av og støtte til menneskerettsforsvararar i Europa. Dette er eit tema som har vore særleg viktig for Noreg, og styringskomiteen oppnemnde ei spesialistgruppe under norsk leiing til å følgje opp seminaret.

Ei anna spesialistgruppe arbeider med ein konvensjon om innsyn i forvaltningsdokument, som det er venta vil bli ferdigstilt i 2007. Noreg er ein pådrivar i dette arbeidet.

4.2 Likestilling

Europarådsarbeidet med likestilling er særleg retta inn mot å arbeide for at kvinner og menn skal få like sjansar og rettar, og å hindre vald mot og handel med kvinner. Toppmøtet i 2005 gav sterk støtte til ein vidare innsats for å auke likestillinga og peikte særleg på områda nasjonale likestillingstiltak, tiltak mot vald mot kvinner og mot menneskehandel. Noreg har vore ein pådrivar i dette arbeidet.

Europarådet har lege i forkant internasjonalt når det gjeld å utvikle metodar for å integrere likestilling på alle fagområde, og har mellom anna utarbeidd tilrådingar om korleis dette arbeidet best kan fremjast. Noreg deltok i 2006 mellom anna i arbeidsgrupper for å utarbeide retningslinjer for å integrere kvinneperspektivet i budsjettarbeidet og i arbeidet for å vidareutvikle standardar og mekanismar for å integrere kvinner i arbeidslivet.

Handel med kvinner for seksuell utbytting er eit anna viktig spørsmål. Noreg arbeidde aktivt i styringskomiteen for å få vedteke ein europeisk konvensjon mot menneskehandel på toppmøtet. Regjeringa tek sikte på å ratifisere konvensjonen ein gong i 2007.

4.3 Vald mot kvinner

På toppmøtet i 2005 blei det vedteke å styrkje arbeidet mot vald mot kvinner. Arbeidet har sidan dette vore retta inn mot å nedkjempe vald mot kvinner på nasjonalt nivå og å utarbeide eit oversyn over situasjonen på europeisk nivå. Europarådskampanjen Safe and Free Every Woman’s Right blei lansert i Madrid i november 2006. Kampanjen er basert på at det einskilde medlemslandet gjennomfører tiltak nasjonalt og rapporterer til Europarådet.

Noreg sende over oversynet over nasjonale tiltak i oktober 2006. Justisdepartementet tek hand om rolla som nasjonal koordinator for dette arbeidet.

4.4 Menneskehandel

Kampen mot menneskehandel er ei prioritert oppgåve for regjeringa. Dei landa som er medlemmer i Europarådet, representerer både opphavsland, transittland og mottakarland for menneskehandelen. Landa har ulike utfordringar når det gjeld menneskehandel, og dette blir spegla i Europarådskonvensjonen for tiltak mot menneskehandel som blei vedteken i 2005.

Konvensjonen styrkjer verkemidla for å nedkjempe menneskehandel og tiltaka for å verne ofra for menneskehandel. Han vil komme til å utgjere eit viktig rammeverk for samarbeidet særleg med opphavslanda til ofra for menneskehandel i Europa. Det vil bli oppretta ein overvakingsmekanisme for å føre tilsyn med korleis landa etterlever konvensjonen. Overvakingsorganet (GRETA) vil vere sett saman av uavhengige ekspertar frå medlemslanda, og Noreg har signalisert at vi er interesserte i å vere representerte i dette organet.

Konvensjonen vil tre i kraft når ti land har ratifisert han, venteleg ein gong i 2007.

Noreg underteikna konvensjonen på toppmøtet i 2005 og arbeidde i 2006 med å førebu ein ratifikasjon av konvensjonen.

Noreg arrangerte eit regionalt seminar i Oslo i november 2006 i samarbeid med Europarådet. Konferansen var eit ledd i Europarådet sin kampanje mot menneskehandel Human Being – not for Sale. Formålet med konferansen var å auke medvitet om konvensjonen og å medverke til at så mange land som mogeleg tiltrer konvensjonen.

Som eit ledd i den treårige kampanjen for rettane til barn (Building a Europe for and with Children 2006–2008) blei det sett i gang eit arbeid med å utarbeide ein ny europaråds­konvensjon mot seksuelt misbruk av barn. Siktemålet er å styrkje det internasjonale samarbeidet på dette feltet. Også Europakampanjen mot kvardagsvald og vald mot kvinner har berøringspunkt med tiltaka mot menneskehandel. Det pågår òg eit standardsetjande arbeid i Europarådet når det gjeld tiltak mot sal av organ gjennom styringsgruppene for helse og bioetikk. Målet er å medverke til å redusere etterspurnaden etter illegal handel med organ. Fleire av desse tiltaka blei omtalte i regjeringa sin nye handlingsplan mot menneskehandel, «Stopp menneskehandelen» (2006 – 2009), som blei lansert i desember 2006.

Til forsida