St.meld. nr. 29 (2006-2007)

Om Noregs deltaking i Europarådet i 2006

Til innhaldsliste

7 Nasjonale minoritetar og innvandringsspørsmål

7.1 Vern av nasjonale minoritetar

Europarådet gjer eit omfattande arbeid for å verne nasjonale minoritetar med utgangspunkt i rammekonvensjonen om vern av nasjonale minoritetar. Hovudformålet med konvensjonen er å hindre at nasjonale minoritetar blir diskriminerte, å syte for at desse gruppene oppnår full likestilling, å garantere at dei har full organisasjons- og ytringsfridom og å fremje minoritetane sin kultur. Ramme­konvensjonen pålegg statane å rapportere til Europarådet om lovgjeving og andre tiltak som er gjennomførte for å setje prinsippa i rammekonvensjonen ut i live.

Noreg deltek i Europarådets ekspertkomité for spørsmål som gjeld romafolket (sigøynarane). Komiteen har særleg arbeidd med at romakvinnene er utsette for å bli ofre for menneskehandel.

Etter oppmoding frå Ekspertkomiteen for romaspørsmål finansierte Noreg i samarbeid med Europarådet eit seminar om menneskehandel i Strasbourg hausten 2006. Deltakarar var romakvinner frå Albania, Moldova og Slovakia. Fokuset var på tiltak i lokalsamfunnet, tiltak for å få styresmaktene på forskjellige forvaltningsnivå involverte både politisk og økonomisk, og dessutan nettverksbygging.

Noreg deltok i Ekspertkomiteen for nasjonale minoritetar, noko som gjorde det mogeleg å utveksle erfaringar frå politikk og tiltak som gjeld nasjonale minoritetar i andre europeiske land.

Europarådet er òg engasjert i arbeidet med minoritetsspråk. Den europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk har som hovudformål å fremje bruken av minoritetsspråk eller språk som blir brukte i delar av eit land. Denne avtalen blir følgd opp ved at landa jamleg rapporterer om utviklinga, og ved at ei ekspertgruppe vitjar landa og deretter utarbeider rapportar om tilstanden for minoritetsspråka i medlemslanda.

Noreg har ein medlem i Den europeiske kommisjonen mot rasisme, intoleranse og framandfrykt (ECRI). Komiteen utarbeider generelle og landspesifikke tilrådingar om rasisme og intoleranse og publiserer døme på god praksis. Også Europarådets menneskeretts­kommissær er oppteken av å verne om rettane til minoritetane og fokuserer mykje på dette i arbeidet sitt.

7.2 Innvandringsspørsmål

Styringskomiteen for migrasjon leier arbeidet med migrasjons- og integreringsspørsmål. På møtet som komiteen heldt i april 2006, arrangerte Noreg og Sverige eit seminar der landa sin integreringspolitikk blei presentert. Innanfor ramma av den såkalla politiske plattforma blei det halde møte om eit betre samarbeid mellom land som produserer migrantar og mottakarland, med særleg vekt på middelhavsområdet. Noreg deltok i 2006 òg i to ekspertkomitear som skal utarbeide tilrådingar om tiltak for at innvandrarane skal få betre innpass i arbeidslivet, og om integrering av innvandrarbarn. Ministerkomiteen vedtok i juli 2006 ei tilråding frå styringskomiteen om innreiseløyve for utanlandske studentar, rettane og pliktene deira, og om samarbeid med heimlandet deira.

Til forsida