St.meld. nr. 29 (2006-2007)

Om Noregs deltaking i Europarådet i 2006

Til innhaldsliste

13 Dyrevern

Europarådet har vedteke fem konvensjonar som gjeld dyrevern, og Noreg har ratifisert alle. Under Forsøksdyrkonvensjonen blei opplysningar om miljøparametrar – temperatur, burstorleik o.l. – for hald av forsøksdyr vedteke som eit tillegg til konvensjonen i 2006.

Konvensjonen om vern av produksjonsdyr blei omarbeidd i 2006 med sikte på å utarbeide tilrådingar om hald (vern) av forskjellige dyreartar. Det blei utarbeidd retningslinjer og tilrådingar om kaninhald og ein revisjon av tilrådinga om storfehald. Vidare er det utarbeidd framlegg til særskilte retningslinjer for lakse- og aurehald som ein del av tilrådinga om hald av oppdrettsfisk. Det er venta at desse retningslinjene blir vedtekne ved utgangen av 2007.

Til forsida