St.meld. nr. 29 (2006-2007)

Om Noregs deltaking i Europarådet i 2006

Til innhaldsliste

2 Det institusjonelle samarbeidet

2.1 Den europeiske menneskerettsdom­stolen

Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) og protokollane til denne ligg til grunn for Europarådsarbeidet for menneskerettane. Konvensjonen blei vedteken i Roma i 1950 og er seinare supplert og endra med 14 protokollar. Konvensjonen har ei unik stilling i det europeiske menneskerettsvernet særleg av to årsaker, for det første på grunn av den kompetansen Den europeiske menneske­­rettsdomstolen (EMD) har til å treffe bindande avgjerder mot statar som er part i konvensjonen, og for det andre fordi alle personar som hevdar å ha vore utsette for brot på rettane i konvensjonen eller protokollane til konvensjonen har rett til å fremje ei klagesak for domstolen. Med utvidinga av Europarådet gjeld denne retten no 800 millionar personar i 46 land.

I 2006 trefte Menneskerettsdomstolen 29 658 rettslege avgjerder som avslutta saker. Av desse var 1 560 dommar og resten avvisingsvedtak. Dette er ein auke frå 2005 på 4 % i talet på rettslege avgjerder totalt og 57 % i talet på dommar som er avsagde. Auken i talet på dommar kjem av at domstolen har prioritert viktige saker høgare, noko vi frå norsk side har teke til orde for. Meir enn 90 % av klagene til domstolen blir avviste. Meir enn 70 % av dommane som blei avsagde i 2006, gjaldt følgjande åtte statar: Tyrkia (334), Slovenia (190), Ukraina (120), Polen (115), Italia (103), Russland (102), Frankrike (96) og Romania (73). Det blei avsagt éin dom mot Noreg i 2006.

Menneskerettsdomstolen er ikkje i stand til å halde tritt med den drastiske auken i talet på klager som kjem inn. Dette inneber at restansane stadig blir større og at det oppstår uakseptable forseinkingar i handsaminga av visse saker. I 2006 mottok domstolen meir enn 50 000 nye klager, ein auke på 11 % frå året før. Ved utgangen av 2006 hadde domstolen nesten 90 000 saker til handsaming, ein auke på 12 % frå 2005. Vel 20 % av desse var mot Russland, 12 % mot Romania og 10 % mot Tyrkia.

På toppmøtet i Europarådet i 2005 var det semje om å treffe naudsynte tiltak for å sikre at EMK er effektiv på lang sikt. Medlemsstatane forplikta seg til å gje Menneskerettsdomstolen den naudsynte støtta og å gjennomføre reformpakken som blei vedteken på utanriksminister­møtet i mai 2004, medrekna å ratifisere EMK protokoll 14, å gjennomføre nasjonale tiltak for å førebyggje og reparere brot på menneskerettane og å betre etterlevinga av dommane frå Menneskeretts­domstolen. I tillegg blei det vedteke å opprette ei gruppe av vise personar som skulle komme med framlegg om ytterlegare reformtiltak.

EMK protokoll 14 vil gjere sakshandsaminga ved Menneskerettsdomstolen enklare, særleg ved at færre dommarar tek del i handsaminga av opplagde saker. Det er rekna med at protokollen vil setje domstolen i stand til å auke kapasiteten med minst 25 %. Sidan protokollen medfører endringar i EMK, må den ratifiserast av alle konvensjonsstatane. Målet var at protokollen skulle tre i kraft innan mai 2006. Ved utgangen av 2006 hadde Russland ikkje ratifisert han. Til liks med dei andre medlemsstatane og institusjonane i Europarådet har regjeringa gjentekne gonger oppmoda Russland om å ratifisere protokollen.

Ministerkomiteen har plikt til å føre tilsyn med statane si etterleving av dommar som Menneskerettsdomstolen har avsagt. Noreg har dei siste åra gått i bresjen for å betre det tilsynet Ministerkomiteen fører med statane si etterleving av dommar, og har arbeidd aktivt for større openheit og eit nærare samarbeid med andre organ i Europarådet. I 2006 reviderte Ministerkomiteen prosedyrereglane sine og vedtok mellom anna, etter framlegg frå Noreg, å utarbeide årsrapportar om etterlevinga av dommar. Den første årsrapporten vil bli utarbeidd for 2007. Vidare vedtok utanriksministrane i 2006, etter framlegg frå Noreg, å styrkje innsatsen for ei meir effektiv etterleving av dommane til Menneskerettsdomstolen, mellom anna gjennom årlege trepartsmøte med representantar for Parlamentarikarforsamlinga, Menneskerettskommissæren og Ministerkomiteen.

Gruppa av vise personar, under leiing av tidlegare president for EF-domstolen Gil Carlos Rodriguez Iglesias, la 15. november 2006 fram den endelege rapporten sin med ti framlegg for å sikre eit effektivt europeisk menneskerettssystem for framtida. Gruppa understrekar at Menneskerettsdomstolen er i ein alvorleg situasjon og at systemet står i fare for å bryte saman dersom det ikkje blir treft naudsynte reformtiltak. Gruppa understrekar at det er viktig at protokoll 14 trer i kraft raskt, og meiner at det er naudsynt med ekstraordinære tiltak for å redusere talet på saker som ventar på å bli handsama. Det viktigaste framlegget frå gruppa er å opprette eit nytt judisielt silingsorgan i domstolen som skal handsame dei enklaste sakene slik at dei noverande dommarane kan konsentrere seg om prinsippsaker. Eit anna framlegg er å flytte organisatoriske føresegner i EMK over i eit nytt instrument – domstolsvedtekter – for å gjere domstol­systemet meir tilpassingsdyktig i framtida. Andre framlegg er mellom anna å gjere det mogeleg for dei øvste nasjonale domstolane å be Menneskerettsdomstolen om rådgjevande fråsegner, å overføre utmålinga av erstatningar til nasjonale styresmakter i saker der Menneskeretts­domstolen har konstatert brot på EMK og dessutan å utvide den rolla Menneske­rettskommissæren har.

Noreg har arbeidd for at rapporten skal bli følgd opp med ein brei og open høyringsprosess, og Utanriksdepartementet har invitert til nasjonale konsultasjonar om rapporten. Rapporten vart òg diskutert i kontaktkomiteen mellom Ministerkomiteen og domstolen, som frå hausten 2006 har vore leidd av Noreg. Frå norsk side er vi i hovudsak positivt innstilte til framlegga frå gruppa, men stiller spørsmål ved om dei går langt nok. Dersom ikkje Russland snart ratifiserer protokoll 14, vil det innebere eit alvorleg tilbakeslag for heile reformprosessen.

Domstolen avsa éin dom mot Noreg i 2006 – Kaste og Mathisen mot Noreg. Dette gjaldt ei narkotikasak der lagmannsretten som ledd i bevisføringa hadde gjeve løyve til at ei politiforklaring frå ein medtiltalt som ikkje ville forklare seg i retten, blei lesen opp utan at forsvararane fekk høve til å stille spørsmål til den medtiltalte. Dette var i strid med den retten dei sikta har til å krysseksaminere vitne, og det blei difor konstatert brot på retten til rettferdig rettargang, artikkel 6 nr. 1 og artikkel 6 nr. 3 bokstav d).

I tillegg fann det i fjor stad ei munnleg høyring i Domstolens storkammer i to saker mot Noreg. Desse sakene er framleis ikkje avgjorde. Den eine saka, Saramati mot Frankrike, Tyskland og Noreg, gjeld den NATO-leidde Kosovo-styrken (KFOR) si forvaring av ein kosovoalbanar i Kosovo i 2001–2002. Noreg er mellom dei statane som er klaga inn fordi sjefen for KFOR var norsk då Saramati blei teken i forvaring. Til liks med Frankrike og Tyskland, og med støtte frå ei rekkje andre land, har Noreg kravd saka avvist ved å vise til at klagaren ikkje var innanfor norsk jurisdiksjon. Dette er ei prinsipielt viktig sak som kan få mykje å seie for internasjonale fredsoperasjonar.

Den andre saka, Folgerø med fleire mot Noreg, gjeld fritaksordninga for KRL-faget (kristendom, religion og livssynskunnskap) i norsk offentleg grunnskule. Klagarane har sett fram at fritaksordninga som blei innført i 1997, var eit brot på retten til tanke-, samvits- og religionsfridom, retten til respekt for privatliv og familieliv, forbodet mot diskriminering og retten til utdanning. Det er forventa at dommen vil falle ein gong i 2007.

Av dei dommane som blei avsagde av Menneskerettsdomstolen i 2006, gjeld 60 % såkalla repetitive saker, det vil seie at det allereie er slege fast brot på konvensjonen i tilsvarande saker tidlegare. Rundt to tredjedelar av desse sakene dreidde seg om retten til rettferdig rettargang (EMK art. 6), ei heil rekkje av desse gjaldt sein sakshandsaming i rettssystemet på nasjonalt plan. Andre store grupper gjaldt brot på eigedomsretten (EMK protokoll 1 art. 1), brot på retten til liv (art. 2) og forbodet mot tortur (art. 3). Ei anna interessant utvikling er at stadig fleire dommar har sitt opphav i miljøspørsmål og ureiningssaker der det blir slege fast ulike brot på fleire av føresegnene i EMK, som retten til liv, respekten for privatliv og familieliv, ein rettferdig rettargang, retten til eit effektivt rettsmiddel, ytringsfridom og vern om eigedom.

2.2 Kommissæren for menneskerettar

Menneskerettskommissæren skal medverke til å fremje kunnskapen om og respekten for menneskerettane i medlemslanda. Kommissæren vitjar medlemslanda, og rapportane frå desse vitjingane gjev verdfulle innspel til å identifisere problemområda og kva tiltak som kan vere tenlege for å betre menneskerettssituasjonen.

Kommissæren vitja sju land i 2006: Danmark, Estland, Latvia, Litauen, Tsjekkia, Tyskland og Ukraina. Etter vitjinga i Tyrkia trekte kommissæren særleg fram farane for urettmessige straffeforfølgingar som eit resultat av den breie definisjonen av terrorisme i anti-terrorismelovgjevinga i landet.

Kommissæren vitja Noreg første gongen i 2001 og følgde opp med ei ny vitjing hausten 2005. Rapporten frå vitjinga blei lagd fram i mars 2006. Her blir norske styresmakter rådde til å halde fram med å betre tiltaka for å sikre rettane til dei innsette og særleg betre situasjonen for varetektsfengsla, avgrense bruken av isolat og betre tilhøva for barn i varetekt. Tiltak for å sikre dei juridiske rettane til flyktningar og asylsøkjarar bør òg vidareførast. Noreg blir oppmoda om å vidareføre merksemda om vald mot kvinner, og ein ønskjer særleg at Noreg fokuserer på situasjonen til innvandrarkvinnene. Noreg får ros for innsatsen mot menneskehandel både nasjonalt og internasjonalt. Det blei òg gjeve ros til Noreg for opp­følginga av handlingsplanen mot rasisme og diskriminering og for tiltak som er blitt sette i verk for minoritetar og urfolk.

2.3 Den europeiske torturkomiteen (CPT)

Den europeiske torturkonvensjonen opprettar eit kontrollsystem der Den europeiske torturkomiteen (CPT) kan vitje medlemslanda for å undersøkje korleis personar som er fråtekne fridommen, blir behandla. Målet er å førebyggje brot på forbodet i EMK mot tortur og umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff.

Komiteen vitjar mellom anna fengsel, politiarrestar og psykiatriske institusjonar. Komiteen skal ha fri tilgang til dei aktuelle stadane og kan ha fortrulege samtalar med dei personane som er fråtekne fridommen, utan at andre er til stades. Komiteen er med jamne mellomrom i dialog med styresmaktene i medlems­landa.

Komiteen har vitja Noreg fire gonger, seinast i oktober 2005, og la fram den endelege rapporten sin om vitjinga i mars 2006. Her påpeikte komiteen at norske styresmakter viste godt samarbeid med komiteen under vitjinga. Komiteen var særleg oppteken av situasjonen for pågripne som er i politiet sine arrestar, og korleis dei som sit i varetekt blir behandla. Komiteen meinte at det bør vere eit mål at dei som sit i varetekt, ikkje skal overførast til opphald i politiarrest. Vidare var komiteen oppteken av tilhøva for dei som sit i varetekt, særleg graden og omfanget av isolasjon, og dessutan av at det manglar eit tilstrekkeleg aktivitetstilbod for desse.

Samtidig peikte komiteen på at utviklinga når det gjeld å styrkje lovreguleringa og domstols­kontrollen med bruken av ulike restriksjonar under varetekt, var tilfredsstillande. Det blei òg framhevd som positivt at straffegjennomføringslova med tilhøyrande forskrifter og retningslinjer seier at det er ei prioritert oppgåve for kriminal­omsorga å bøte på dei negative verknadene av isolasjon for dei som sit i varetekt, og syte for at desse innsette blir prioriterte med omsyn til aktivitetar og samvær med dei tilsette.

Norske styresmakter gav i september 2006 svar på alle dei tilrådingane, kommentarane og førespurnadene om informasjon som det blei spurt etter i rapporten frå komiteen. Det er ei høgt prioritert oppgåve å syte for å følgje opp tilrådingane i rapporten med konkrete tiltak.

Rapporten har vore eit viktig bidrag til arbeidet med ei forskrift om bruken av politi­arrest, som tredde i kraft frå 1. juli 2006. Etter den nye forskrifta er hovudregelen at overføringa frå politiarrest til fengsel skal skje innan to døgn etter på­gripinga, med mindre dette av praktiske grunnar ikkje lèt seg gjere. Rapporten vil òg vege tungt i samband med at det blir utferda ei ny forskrift for internatet til Politiet si utlendingseining på Trandum. Også bruken av den snevre unntaksregelen som tillèt varetekt i isolasjon utover 12 veker, vil bli følgd nøye opp av norske styresmakter.

2.4 Den reviderte europeiske sosialpakta

Noreg ratifiserte Den reviderte europeiske sosialpakta (av 1996) i 2001. Sosialpakta er den viktigaste sosiale konvensjonen i Europarådet og omfattar mellom anna rettane til barn og ungdom, rettane til familien og likestilling, og dessutan vern av arbeidstakarar når arbeidsforholdet blir avslutta og når arbeidsgjevaren går konkurs, sikring mot sosial utestenging og retten til bustad.

I 2006 blei rapportane for åra 2003 og 2004 handsama. Noreg fekk kritikk mellom anna fordi det etter norsk rett er tillate for skuleungdom å jobbe i meir enn halve sommarferien. Noreg er også tidlegare blitt kritisert for dette tilhøvet saman med mellom anna Sverige. Etter norsk syn er kritikken til dels ugrunna fordi det er grenser for kva slags arbeid skuleungdom kan utføre, og fordi arbeidet ikkje er nødvendig for familieøkonomien. Vidare blei Noreg kritisert for ikkje å ha opplysningar om minsteløner. Sidan Noreg ikkje har noka lov om minsteløn, ligg det difor heller ikkje føre statistikk om minsteløner. Det vil likevel, som tidlegare, bli tinga ein eigen statistikk på dette området frå Statistisk sentralbyrå. I begge tilfella tok komiteen opplysningane til etterretning.

I tillegg blir Noreg, saman med ei rekkje andre land, kritisert for at vi ikkje godkjenner trygdeperiodar for enkeltpersonar frå land som ikkje har trygdeavtalar med Noreg, dvs. land utanfor EU-/EØS-samarbeidet. Det er usemje mellom medlemmene i ekspertkomiteen om korleis denne artikkelen skal forståast, og fire av medlemmene dissenterer. Komiteen tok til etterretning at landa, mellom desse Noreg, ikkje vil akseptere ekspertkomiteen si tolking av denne artikkelen.

2.5 Venezia-kommisjonen

Den europeiske kommisjonen for demokrati gjennom lovgjeving (Venezia-kommisjonen) blei oppretta for å støtte demokratiseringsprosessen i dei sentral- og austeuropeiske landa ved å gje juridisk assistanse til utforminga av grunnlover og andre sentrale lover. I 2006 gav Venezia-kommisjonen assistanse til mellom anna Albania, Armenia, Aserbajdsjan, Bosnia-Hercegovina, Kroatia, Finland, Georgia, Kviterussland, Kasakhstan og Kirgisistan. Kommisjonen arbeider med eit breitt saksfelt og uttalte seg i 2006 mellom anna om blasfemi og hatefulle ytringar om religion, video-overvaking på offentleg stad, standardar for demokratiske val i SUS-landa, retningslinjer for folkerøystingar, utviklinga av ei ny grunnlov for Montenegro, den juridiske statusen til dommarar i Ukraina og revisjonen av vallova i Armenia.

Kommisjonen arbeider òg med å greie ut om generelle juridiske spørsmål som er viktige for utviklinga av demokratiet og rettsstaten. Eit viktig prosjekt er å organisere det praktiske samarbeidet mellom forfatningsdomstolane eller den øvste instansen i det vanlege domstols­apparatet i medlemsstatane. Etter kvart er arbeidsområdet utvida til òg å omfatte land utanfor Europa. Noreg har tidlegare medfinansiert samarbeidet med Sør-Afrika og tek sikte på å medverke fagleg og finansielt til eit nytt samarbeidsprogram med Unionen av arabiske konstitusjonsdomstolar med vekt på samarbeidet med dei palestinske sjølvstyremaktene. Dette vil vere eit ledd i arbeidet med å utvide den interkulturelle dialogen mellom Europa og andre regionar. Samarbeidet er venta å ta form i 2007. Kommisjonen samarbeider òg med Nettverket av asiatiske konstitusjonsdomstolar og OSSEs kontor for demokratiske institusjonar og menneskerettar (ODIHR).

Til forsida