St.meld. nr. 29 (2006-2007)

Om Noregs deltaking i Europarådet i 2006

Til innhaldsliste

9 Kultur, media og idrett

9.1 Kultursamarbeid

I 2006 prioriterte Styringskomiteen for kultur den interkulturelle dialogen og førebygginga av konfliktar, ein gjennomgang av kulturpolitikken i medlemslanda og tiltak for å fremje kulturelt mangfald. Kulturkomiteen arbeidde i 2006 med ei melding om interkulturell dialog og førebygging av konfliktar som vil bli lagt fram for Ministerkomiteen. Planen er å lansere dokumentet før EUs European Year of Intercultural Dialogue i 2008.

Noreg utarbeidde eit oversyn over norsk kulturpolitikk som bidrag til kompendiet om europeisk kulturpolitikk. Publikasjonen har som mål å presentere kulturpolitikken til alle medlemslanda. I presentasjonane blir det lagt særleg vekt på aspekt knytte til interkulturell dialog og førebygging av konfliktar.

Etter kulturministerkonferansen i Faro i Portugal i 2005 har styringskomiteen arbeidd vidare med å definere ein strategi for tverrkulturelt samarbeid i medlemslanda. Det blei lagt vekt på å utvide samarbeidet mellom medlemslanda i Europarådet og geografiske naboområde, som dei sørlege middelhavslanda og Midtausten, og å styrkje samarbeidet med andre internasjonale organisasjonar, som EU og FNs organisasjon for utdanning og kultur (UNESCO).

9.2 Media og ytringsfridom

Dei mediepolitiske spørsmåla i Europarådet har i første rekkje blitt handterte av Styringskomiteen for massemedia og Den faste komiteen for fjernsyn over landegrensene. Noreg deltek i begge og i Ekspertgruppa for menneskerettar i informasjonssamfunnet og Ekspertgruppa for mediemangfald.

Styringskomiteen for massemedia arbeider no etter mandatet som blei fastsett i samband med Medieministerkonferansen i Kiev i 2005. Styringskomiteen sluttførte i 2006 mellom anna arbeidet med ei tilråding om kriteria for allmennkringkasting i informasjons­samfunnet og ei tilråding om mediemangfald. Begge dokumenta blei vedtekne av Ministerkomiteen i januar 2007.

Ekspertgruppa for menneskerettar i informasjonssamfunnet utarbeidde i 2006 ei tilråding om å styrkje barna sin situasjon i informasjons- og kommunikasjonssamfunnet, som blei vedteken av Ministerkomiteen. Gruppa arbeidde òg vidare med å revidere ei tidlegare tilråding om media si dekning av politiske valkampar i lys av ny teknologi og med å utarbeide retningslinjer for aktørane i informasjonssamfunnet sett i lys av menneskerettane.

Ekspertgruppa for mediemangfald har hatt som mandat å overvake korleis konsentrasjonen av media utviklar seg i Europa, studere konsekvensane for ytrings- og informasjonsfridommen og komme med framlegg til tiltak for å ta vare på og utvikle mediemangfaldet. Gruppa drøfta mellom anna å opprette eit europeisk nettverk av ekspertar som kan samle den informasjonen som ligg føre om mediekonsentrasjonen og følgjene av ein slik konsentrasjon.

Europarådskonvensjonen av 1989 om fjernsyn over landegrensene er ratifisert av 31 land, mellom dei Noreg. Russland underteikna konvensjonen i 2006.

Den faste komiteen for fjernsynssendingar over landegrensene arbeidde med revisjonen av fjernsynskonvensjonen. Målet er at revisjonen så langt det lèt seg gjere skal skje parallelt med revisjonen av EUs TV-direktiv. Dette inneber at konvensjonen truleg blir utvida til å gjelde meir enn reine fjernsynssendingar. For å skunde på revisjonen har komiteen oppretta ei arbeidsgruppe med ekspertar frå seks medlemsland. Eit fleirtal går inn for at den nye konvensjonen skal vere open for ratifikasjon òg frå land som ikkje er medlemmer av Europarådet.

Noreg hadde i 2006 òg formannskapen i Det europeiske audiovisuelle observatorium som utfører eit viktig marknadsobservasjonsarbeid innanfor den internasjonale film- og TV-industrien. Observatoriet arbeider særleg med problemstillingar og analyser knytte til den aukande kommersialiseringa av kringkastingssektoren.

9.3 Idrett

Arbeidet mot doping og mot tilskodarvald er hovudsakene i idrettssamarbeidet. Noreg deltek fast i dei to årlege møta i gruppa som overvaker medlemsstatane si oppfølging av Anti-dopingkonvensjonen, og i dei to møta i ad hoc-komiteen som har ansvaret for å koordinere synspunkta i spørsmål kring Verdas antidopingbyrå (WADA).

Fordi det er behov for å unngå at utgiftene på Europarådsbudsjettet stig, vil delar av idrettssamarbeidet bli tekne ut av det ordinære budsjettet og lagt til ein eigen delavtale om idrett. Siktemålet etter idrettsministermøtet i Moskva i oktober 2006 er å lansere denne delavtalen på utanriksministermøtet i mai 2007. Delavtalen krev at minst 16 land seier seg villige til å delta i samarbeidet, og Noreg har meldt interesse for å delta.

Til forsida