St.meld. nr. 29 (2006-2007)

Om Noregs deltaking i Europarådet i 2006

Til innhaldsliste

15 Budsjett og administrativ reform

Det ordinære budsjettet til Europarådet var på ca. 1,6 mrd. NOK i 2006. Noreg bidrog med ca. 25 mill. NOK. Delavtalane om tematisk samarbeid (som krev minst 16 deltakande land for å tre i kraft, og i dei fleste tilfelle varer i tre år) hadde i 2006 budsjett som tilsvarte i overkant av 3,5 mrd. NOK. Det samla norske bidraget var på ca. 35 mill. NOK medrekna bidraga til delavtalane.

Debatten om budsjettet for 2007 var svært vanskeleg med stor spenning mellom medlemslanda. Frå norsk side vil vi styrkje domstolen gjennom auka ressursar. Medan det er ein stor grad av semje om at det er behov for å styrkje domstolen, står landa langt frå kvarandre når det gjeld korleis ein skal få dette til. Nokre land ønskjer å styrkje domstolen ved å skjere kraftig ned på andre aktivitetar, medan andre ønskjer ein brei dagsorden for Europarådet.

Toppmøteavgjerda etterlyste reformer for å effektivisere arbeidsformene og avgjerds­prosessane og for å gjere arbeidet i Europarådet meir ope og synleg. Dette gjeld både internt og eksternt. Med sikte på å vidareutvikle menneskerettane, demokratiet og rettsstaten er regjeringa oppteken av at òg område som sosialpolitikk, kultur, utdanning og miljø må bli følgde opp. Dette bør ikkje vere eit spørsmål om kostnader men snarare eit spørsmål om formålstenleg organisering. Ein føresetnad for reformarbeidet er at ambisjons- og aktivitets­nivået til Europarådet samsvarer med den evna og viljen medlemslanda har til å prioritere samarbeidet.

Til forsida