St.meld. nr. 29 (2006-2007)

Om Noregs deltaking i Europarådet i 2006

Til innhaldsliste

8 Barn og ungdom

8.1 Barnepolitisk samarbeid 

Styringskomiteen for sosialt samhøyr har sidan 2004 hatt ein egen ekspertkomité for barne- og familiespørsmål. I 2005 og 2006 gav komiteen to ulike arbeidsgrupper i mandat å greie ut om spørsmål knytte til barneoppseding og foreldreskap og foreldreskap i fattige familiar. Saksområda er i tråd med handlingsprogrammet for rettane til barn og unge frå toppmøtet i 2005, som mellom anna handlar om å førebyggje vald mot barn. På grunnlag av desse utgreiingane vedtok Ministerkomiteen i desember 2006 ei tilråding om å utforme ein politikk for å styrkje godt foreldreskap og førebyggje vald mot barn.

Noreg har spelt ei aktiv rolle i planlegginga og gjennomføringa av dette arbeidet. Noreg medverka mellom anna til å finansiere ein europeisk konsultasjon med ungdommar og foreldre om synspunkt på barneoppseding. Mandatet til ekspertkomiteen gjekk ut ved utgangen av 2006.

I det nye handlingsprogrammet for rettane til barn og unge Building a Europe for and with Children har Noreg stilt seg positiv til å vere med vidare i arbeidet med å førebyggje vald mot barn. Dette arbeidet vil komme i gang i 2007.

Familieministerkonferansen i Portugal i mai 2006 gav viktig støtte til det arbeidet med godt foreldreskap og førebygging av vald mot barn som pågår. Familieministerkonferansen tok òg opp spørsmål og utfordringar knytte til lave fødselsratar i Europa og til tiltak for å motverke fattigdom i familiar, og dessutan at det er viktig å kunne kombinere eit godt familieliv med deltaking i arbeidslivet og at det er viktig å leggje til rette for ein familievennleg og barnevennleg politikk i medlemslanda.

8.2 Ungdomspolitisk samarbeid

Europarådsarbeidet med ungdomspolitiske saker blir utvikla og gjennomført i nært samarbeid mellom medlemslanda, frivillige internasjonale barne- og ungdomsorganisasjonar, nasjonale ungdomsråd og andre grupper som arbeider med ungdoms­spørsmål internasjonalt. Samarbeidet mellom medlemslanda finn i første rekkje stad i Styringskomiteen for ungdomsspørsmål, som omfattar alle dei 49 landa som har slutta seg til Europarådet sin kulturkonvensjon. Dei ikkje-statlege barne- og ungdomsorganisasjonane og andre relevante partnarar har ein eigen rådgjevande komité. Styringskomiteen og den rådgjevande komiteen held felles møte for å drøfte og fastsetje hovudprioriteringane på ungdomsområdet på grunnlag av retningslinjene frå Ministerkomiteen.

Europarådsarbeidet på ungdomsområdet forvaltar store ressursar gjennom drifta av ungdomssentra i Strasbourg og Budapest og ved å fordele tilskot frå Det europeiske ungdomsfondet. Noreg medverkar med frivillige bidrag til fondet. Det er oppretta ein egen program­komité som fordeler midlar frå fondet til prosjekt i regi av ungdomsorganisasjonar i Europa eller andre bestemte samarbeidspartnarar. Programkomiteen er sett saman av regjeringsrepresentantar med ansvar for ungdomspolitikk og representantar frå frivillig sektor. Noreg deltek i Programkomiteen i perioden 2006–2008.

Europarådet har eit eige program for å lære opp og skolere ungdomsleiarar. Europarådet har ein samarbeidsavtale med Europakommisjonen om denne verksemda. Samarbeids­avtalen omfattar òg prosjektet «Europeisk kunnskapsdatabase om situasjonen til ungdommar i medlemslanda» og eit samarbeidsprosjekt for landa rundt Middelhavet.

I handlingsplanen frå toppmøtet blei det lansert ein ny ungdomskampanje for mangfald, toleranse og deltaking, All Different – All Equal . Det blei sett ned ei styringsgruppe for å planleggje og gjennom­føre kampanjen, og her har Noreg teke aktivt del. Ungdomskampanjen har eit svært avgrensa europeisk budsjett, og kampanjen er difor i stor grad basert på nasjonal gjennomføring i medlemslanda. Kampanjen blei opna i Strasbourg i juni 2006. Det blei arbeidd med å førebu tre konferansar knytte til dei tre emna mangfald, menneskerettar og deltaking. Den første konferansen blei arrangert i Det europeiske ungdomssenteret i Budapest i 2006.

Noreg har sett ned ein nasjonal kampanjekomité med brei deltaking frå norske ungdoms­organisasjonar. Den nasjonale delen av kampanjen har eit budsjett på om lag 4,3 mill. kroner i 2006 og 2007. Ein vesentleg del av den nasjonale finansieringa blir nytta til lokale og regionale aktivitetar organiserte av dei organisasjonane og ungdomsgrupperingane som deltek i kampanjen. Kampanjen blir avslutta i oktober 2007.

Til forsida