St.meld. nr. 29 (2006-2007)

Om Noregs deltaking i Europarådet i 2006

Til innhaldsliste

3 Arbeidet i medlemslanda

Dei politiske drøftingane i Europarådet i 2006 blei prega av Kypros-konflikten, konfliktane i Sør-Kaukasus (m.a. om Nagorno-Karabakh), det spente tilhøvet mellom Georgia og Russland, striden mellom Armenia og Tyrkia om i kva grad armenarane blei utsette for folkemord under den første verds­krigen og Transnistria-konflikten i Moldova.

I tillegg til at aktuelle politiske spørsmål blir drøfta etter kvart, er det oppretta rutinar for å sjå til at medlemslanda oppfyller pliktene sine i Europarådet. Gjennom sine ni feltkontor på Balkan og i Kaukasus får Europarådet kvar månad rapportar om utviklinga. Også utviklinga i Russland og då særleg mediefridommen og arbeidstilhøva for frivillige orga­nisasjonar, blei drøfta ved fleire høve.

Vidare har Ministerkomiteen drøfta og uttalt seg om parlamentsvalet i Ukraina, folkerøystinga i Montenegro, den såkalla folkerøystinga i Nagorno-Karabakh, dødsdommane mot bulgarsk helsepersonell i Libya og situasjonen i Kviterussland. Tilhøvet mellom Russland og Georgia, konflikten mellom Armenia og Aserbajdsjan om Nagorno-Karabakh og situasjonen i Transnistria har blitt handsama kontinuerleg.

Europarådet gjev òg hjelp og råd til medlemslanda om reformer innan offentleg forvaltning. Samarbeidet med Russland er særleg godt utbygd, men det er òg eit vesentleg samarbeid med Serbia, Bosnia-Hercegovina, Armenia, Aserbajdsjan, Georgia, Ukraina, Moldova og Albania.

3.1 Balkan

Europarådet har i 2006 lagt ned mykje arbeid for å styrkje respekten for menneskerettane, eit godt styresett og oppbygginga av rettsstatlege ordningar i landa på Vest-Balkan. Det er krav om fullt samarbeid med Den internasjonale domstolen for det tidlegare Jugoslavia (ICTY). Europarådet overvaker kontinuerleg den demokratiske utviklinga i Serbia og i Bosnia-Hercegovina.

Vurderinga er at Serbia har som intensjon å følgje opp forpliktingane knytte til medlemskapen, og landet har slutta seg til ei rekkje av europarådskonvensjonane. Vidare observerte Europarådet formelt folkerøystinga i Serbia om ny grunnlov i oktober 2006 som einaste internasjonale aktør. Grunnlovs­revisjonen var påkravd fordi grunnlova hadde stått uendra sidan Milosevic-regimet fall. Det gjenstår framleis utfordringar når det gjeld utbygginga av demokratiske institusjonar, opplæring innanfor rettsstellet, tiltak mot korrupsjon og organisert kriminalitet og vern av minoritetane sine menneskerettar. Her gjev Noreg eit betydeleg bidrag, og regjeringa ser det som viktig å vidareføre dette samarbeidet. Serbia overtek formannskapen i Europarådet i mai 2007 og vil leggje ned store ressursar i dette vervet.

Europarådet samarbeider nært med FN i Kosovo, og innsatsen er særleg retta inn mot ei konsolidering av ombodsmannsinstitusjonen, desentralisering og lokaldemokrati, støtte til det sivile samfunnet, mellom anna til Pristina Institute for Political Studies, og ei reform av rettsstellet og politiet. Den kompetansen Venezia-kommisjonen har på statsrettslege spørsmål blir òg nytta av andre internasjonale organisasjonar i Kosovo.

Etter at unionen mellom Serbia og Montenegro blei oppløyst, er det forventa at Europarådet vil ta Montenegro opp som ny medlem i 2007. Landet deltok som observatør i 2006.

Etter invitasjon frå styresmaktene i landet blei vala i Bosnia-Hercegovina i oktober 2006 observerte av ein komité sett ned av Parlamentarikarforsamlinga. Komiteen samarbeidde med OSSE. Vala blei rekna for å halde eit forsvarleg nivå og vere i tråd med normene til Europarådet, med visse unntak. Høvet til å stille til val avheng framleis av etnisk bakgrunn, og dette er eit brot på protokoll 12 i Den europeiske menneskeretts­konvensjonen om forbod mot diskriminering. Europarådet har rådd styresmaktene til å gjere konstitusjonelle endringar for å endre på dette, og tilbyr juridisk hjelp.

I spørsmålet om den framtidige statusen til Kosovo har Europarådet medverka når det gjeld vern av menneskerettar, antikorrupsjon, vern av kulturminne og desentralisering. Europarådet har leidd arbeidsgruppa for kulturarv og har samarbeidd med OSSE og FNs høgkommissær for menneskerettar om vern av nasjonale minoritetar. Europarådet arrangerte i 2006 seminar om kringkasting og medielovgjeving og ålmenta si deltaking i den offentlege debatten, og har delteke med observatørteam til vala som er haldne i provinsen.

Når det gjeld Stabilitetspakta for Søraust-Europa har Europarådet halde fram med arbeidet sitt for å sjå til at lovutviklinga er i samsvar med Den europeiske menneskerettskonvensjonen, ei styrking av det lokale demokratiet, ei etablering av ombodsmenn, tiltak for nasjonale minoritetar, pressefridom og utdanning.

Noregs fond (Trust Fond) for Vest-Balkan blir forvalta av Europarådets utviklingsbank (CEB). Fondet som blei oppretta i 2004, set banken i stand til mellom anna å gjennomføre pilotprosjekt og innleiande granskingar som fører til større låneengasjement innanfor bustadbygging, repatriering av flyktningar og utvikling av institusjonar. Hjelp til kvinneretta tiltak og til utvikling av små og mellomstore føretak blir prioritert.

Europarådet arbeider aktivt for å skape større medvit om situasjonen til romafolket (sigøynarane). Diskriminering og manglande integrering er ein av dei største humanitære og sosiale utfordringane på Balkan, særleg i Bosnia-Hercegovina. Romafolket utgjer ofte ei gruppe som er marginalisert sosialt, økonomisk og politisk. Dei bur til dels i uorganiserte busetjingar og manglar ofte nødvendig dokumentasjon for å bevise tilknyting og eigarrettar. Det at barnefødslar ikkje blir registrerte, fører til at dei blir utestengde frå samfunnet. Romafolket er i liten grad inkludert i utdanningssystemet – og har òg høg fråfallsprosent. Europarådet har oppretta eit eige romaforum i Strasbourg der utsendingar frå romafolket og dei reisande møtest for å drøfte aktuelle problem.

3.2 Kaukasus

Kaukasus er framleis prega av uløyste konfliktar. Europarådet held fram med å overvake Armenia, Aserbajdsjan og Georgia i tråd med dei forpliktingane dei tok på seg då dei blei medlemmer. Europarådet gjev fagleg hjelp til det reformarbeidet styresmaktene driv, særleg når det gjeld ytrings- og organisasjonsfridommen, arbeidsvilkåra til media, lovgjevinga for frivillige organisasjonar og sjansane for politiske parti i opposisjon.

Overvakinga av Armenia og Aserbajdsjan har særleg vore retta mot respekten for politiske rettar, medie- og ytringsfridommen og oppbygginga av rettsstatlege ordningar. I Georgia har merksemda vore retta mot menneskerettssituasjonen i utbrytarrepublikkane Abkhasia og Sør-Ossetia, og det er forventa at det blir lagt fram ein rapport om menneskeretts­situasjonen i første halvår i 2007.

Europarådets menneskerettskommissær vil vitje Georgia i 2007. Det vil vere viktig å ta omsyn til dei vurderingane han kjem med i det vidare arbeidet innanfor justissektoren i Georgia, der Noreg er engasjert gjennom den såkalla Styrkebrønnen som er sett saman av norske dommarar, representantar for påtalemakta osv.

Konflikten mellom Georgia og Russland blei drøfta i Europarådet fleire gonger i 2006. Begge landa erkjenner at menneskeretts­standardane til Europarådet skal respekterast, sjølv om ein del politiske spørsmål ikkje er avklarte. Det ligg då òg føre gjensidige skuldingar om brot på Den europeiske menneskerettskonvensjonen, mellom anna i behandlinga av etniske georgiarar i Russland og undertrykkinga av russiske journalistar i Georgia.

Europarådet har hatt eit samarbeid med Russland i Tsjetsjenia sidan 2004. Russiske styresmakter og Europarådet har sam­arbeidd om rehabiliteringsprosjekt og om å styrkje menneskerettane, etterforske forsvinningar og utvikle lokalt sjølvstyre. Det har vore gjennomført mange aktivitetar i samarbeid med Europarådets menneskeretts­kommissær som dei siste åra har spelt ei svært framtredande rolle når det gjeld samarbeidet med Russland om Tsjetsjenia. I tillegg til fagleg hjelp til å byggje opp ombodsmanns­ordningar er det òg arrangert rundebords­konferansar for å styrkje dialogen og kontakten i området.

3.3 Moldova, Ukraina og Kviterussland

Siktemålet med europarådsarbeidet i Moldova er å føre lovgjevinga og rettsstellet i tråd med normene til Europarådet. Vidare er arbeidet for frie medium og eit styrkt lokalt sjølvstyre viktig. Konflikten i Transnistria blir drøfta jamleg.

Frå norsk side vil Styrkebrønnen sitt engasjement i Moldova frå mars 2007 vere eit viktig bidrag til ein reform av justissektoren. Regjeringa legg vekt på å sjå dette i samanheng med arbeidet til Europarådet.

For Ukraina ligg det føre ein samarbeidsplan frå 2005. Samarbeidet rettar seg særleg mot å sikre rettane til barn i offentlege institusjonar og tiltak mot diskriminering av romafolket. Ei oppdatering av handlingsplanen er venta gjennomført hausten 2007. Europarådet har òg utarbeidd ein handlingsplan for Kviterussland der ein tek sikte på å styrkje det sivile samfunnet, utdanning og media.

Regjeringa legg stor vekt på å styrkje menneskerettane og det sivile samfunnet i Kviterussland. Noreg vil difor medverke til handlings­planen ved å støtte ei utveksling av studentar frå Minsk til studium i Moskva og Kiev. Ordninga er organisert av det sivile samfunnet og krev ikkje samarbeid med Lukasjenko-regimet. Dette vil vere eit viktig tillegg til det auka norske bidraget til eksil­universitetet for kviterussiske studentar i Vilnius, der Nordisk ministerråd òg er engasjert.

Til forsida