St.meld. nr. 29 (2006-2007)

Om Noregs deltaking i Europarådet i 2006

Til innhaldsliste

6 Sosiale spørsmål

6.1 Sosial likestilling og sosialpolitikk 

Toppmøtet i 2005 gav si tilslutning til arbeidet med ein handlingsplan for perioden 2006–2015 for personar med nedsett funksjonsevne, som blei endeleg vedteken i april 2006. Eit eige forum for å koordinere og følgje opp handlingsplanen vil ha sitt første møte våren 2007.

Den russiske formannskapen i Europarådet og den norske formannskapen i Nordisk ministerråd arrangerte i september 2006 ein felles europeisk konferanse Improving the Quality of Life of People with Disabilities in Europe: Participation for All, Innovation, Effectiveness i St. Petersburg. Lanseringa av Europarådet sin handlingsplan for funksjonshemma 2006–2015 stod sentralt. I slutterklæringa frå konferansen blir medlemslanda oppmoda om å syte for ei aktiv oppfølging av handlingsplanen.

Etter initiativ frå den norske formannskapen i Europarådet i 2004 blei det oppnemnt ei ekspertgruppe som utarbeidde tilrådingar og retningslinjer for å byggje ned institusjons­omsorga og utvikle lokalbaserte tenester som støttar opp under dei evnene familien har og dei sjansane dei har til å ha omsorg for sine funksjonshemma barn. Gruppa la i 2006 fram ein eigen rapport for Komiteen for rehabilitering og integrering av funksjonshemma. På bakgrunn av tilrådingane frå gruppa vil arbeidet bli vidareført fram til utgangen av juni 2008.

6.2 Sosiale rettar og helse

Ekspertgruppene under komiteen for sosialt samhøyr gjorde i 2006 ferdig arbeidet med bustadpolitiske verkemiddel for utsette grupper og integrerte sosiale tenester. Resultata frå arbeidet er i tråd med den generelle prioriteringa Noreg har om å styrkje menneskerettane, demokratibygginga og styrkinga av sosiale og politiske rettar.

Det er venta at ei ad hoc-ekspertgruppe på høgt nivå, sett ned etter toppmøtet i 2005 for å utforme framlegg til ein ny strategi på det sosialpolitiske området, vil avslutte arbeidet sitt ein gong i 2007.

På helseområdet blei tilrådingar om mellom anna helsetenester i eit multikulturelt samfunn, balansen mellom sjukehus og primærhelseteneste, organtransplantasjonar, migrasjon av helsepersonell og pasienttryggleik godkjende.

I 2006 kom den 12. revisjonen av manualen for blodtryggleik, som har vore eit svært godt og etterspurt hjelpemiddel i mange delar av verda.

6.3 Bioetikk-komiteen

Bioetikk-komiteen er Styringskomiteen for bioetiske spørsmål og behandlar emne knytte til konvensjonen om menneskerettar og følgjer opp etterlevinga av biomedisinkonvensjonen. Konvensjonen tek sikte på å verne verdigheita og identiteten til alle menneske og utan diskriminering å garantere respekten for integritet og andre grunnleggjande rettar knytte til bruken av biologi og medisin. Fleire protokollar og tilrådingar er knytte til biomedisinkonvensjonen.

Mykje av verksemda til komiteen i 2006 var konsentrert om å gjere ferdig eit utkast til ein protokoll om genetisk testing. Protokollen vil bli den fjerde i rekkja av protokollar til konvensjonen om menneskerettar og biomedisin. Utkastet inneheld retningslinjer for genetiske testar av fødde menneske. Formålet er å verne om menneske­verdet og sikre respekten for integritet og menneskelege rettar i samband med genetiske undersøkingar. Protokollen omfattar mellom anna artiklar om informasjon og genetisk rådgjeving, samtykke og autorisasjon. Det er venta at arbeidet med utkastet til protokollen skal vere sluttført i juni 2007.

6.4 Narkotikasamarbeidet

Pompidougruppa er Europarådets samarbeidsgruppe for narkotikaspørsmål på minister­nivå. Gruppa har som formål å medverke i kampen mot narkotikaproblema med vekt på å redusere både tilbodet og etterspurnaden i narkotikamarknaden. Gruppa har eit nært samarbeid med andre regionale og internasjonale organisasjonar på narkotikaområdet. Regjeringa ser på Pompidougruppa som eit viktig forum for utveksling av informasjon og utvikling av tiltak.

Det er sett ned seks ekspertgrupper som arbeider med behandling, førebygging, etikk, rettshandheving, flyplassproblematikk og forsking. Det blei i 2006 gjennomført ei rekkje prosjekt innanfor ramma av arbeidsprogramma til Pompidougruppa med særleg vekt på å betre kontakten mellom aktørar som er involverte i politikkutforming, praksis og forsking.

I november 2006 avgjorde Ministermøtet at arbeidet i gruppa skulle vidareførast. Noreg vil delta i byrået til gruppa i 2007 og vil få eit særskilt ansvar for behandlings­spørsmål. 

Til forsida