St.meld. nr. 29 (2006-2007)

Om Noregs deltaking i Europarådet i 2006

Til innhaldsliste

14 Samarbeidet med andre organisasjonar

Europarådet har eit omfattande samarbeid med EU, OSSE og FN. Dette samarbeidet er viktig for å styrkje den internasjonale innsatsen og sikre større effektivitet i innsatsen til dei ulike organisasjonane.

14.1 Samarbeidet med EU

Forhandlingane om ein avtale ( Memorandum of Understanding ) om eit forsterka samarbeid mellom Europarådet og EU blir førte på grunnlag av mandat frå toppmøtet i 2005 og inneheld klare føringar om at den nye avtalen skal skape eit nytt rammeverk for eit styrkt samarbeid og ein tettare politisk dialog.

Den tidlegare statsministeren i Luxembourg, Jean-Claude Juncker, la fram rapporten sin om sambanda mellom Europarådet og EU for Parlamentarikarforsamlinga i april 2006. Hovudbodskapen er at det må skapast synergi heller enn konkurranse mellom dei to organisasjonane. Rapporten hevdar at europaråds­konvensjonane har vore mønster for ein stor del av utviklinga av EU-regelverket, og at dette må speglast meir systematisk i EU si vidare utvikling av regelverk og samarbeidsprogram. Mellom anna tilrår rapporten at EU sluttar seg til Den europeiske menneskerettskonvensjonen for å unngå at det blir utvikla ulike standardar og ulik rettspraksis i menneskerettssaker. Det blir gjort framlegg om å gjere meir bruk av den kompetansen og dei institusjonane Europarådet har for å overvake menneskerettane og i utviklinga av lovene.

Juncker tek vidare til orde for ein styrkt politisk dialog både på politisk nivå og på embetsnivå og for å utvide samarbeidet mellom Parlamentarikar­forsamlinga i Europarådet og EU-parlamentet. Rapporten kritiserer den til dels ukoordinerte hjelpa til reformtiltak i dei nye demokratia i Søraust- og Aust-Europa. Juncker føreslår koordineringsmøte mellom EU-kommisjonen, sekretariatet i Europarådet og avgjerdstakarar frå medlemslanda for å samordne denne innsatsen.

For å sikre at Europarådet har tilstrekkeleg tyngde og profil, tilrår Juncker at generalsekretæren har bakgrunn som stats- eller regjeringssjef slik tilfellet er for presidenten i EU-kommisjonen.

Regjeringa støttar tilrådingane i Juncker-rapporten og har vore ein pådrivar for ein ambisiøs samarbeidsavtale med EU. Noreg går inn for å styrkje den politiske dialogen og syte for at reformhjelpa blir betre koordinert. Noreg har likeins hevda at det er behov for samarbeid når det gjeld menneskerettane for å unngå ulike standardar. Regjeringa er òg svært positiv til framlegget i Juncker-rapporten om å styrkje samarbeidet om ein interkulturell dialog, styrkje den parlamentariske dimensjonen i samarbeidet og styrkje samarbeidet på lokalt og regionalt nivå.

Det er håp om at forhandlingane om samarbeidsavtalen kan bli avslutta ein gong i 2007, sjølv om det framleis er ulike oppfatningar om kva form ein slik samarbeidsavtale skal ha. Medan EU ønskjer at samarbeidsavtalen skal ha form av ei politisk erklæring, ønskjer Russland eit juridisk bindande dokument.

14.2 Samarbeidet med OSSE

Samarbeidet med OSSE utviklar seg positivt med god koordinering på viktige saksfelt i tråd med erklæringa frå Warszawa-toppmøtet. Samordninga omfattar kampen mot internasjonal terrorisme, menneskehandel, diskriminering og intoleranse og tiltak for nasjonale minoritetar. Samordninga omfattar regelmessige møte, felles saksførebuingar og tette konsultasjonar om nye initiativ.

Etter eit norsk syn er samordninga vesentleg. I kampen mot terrorisme blir innsatsen samordna til dømes på sju delområde: i) ivaretaking av menneskerettane, ii) rettsleg samarbeid, iii) tiltak mot finansiering av terrorisme, iv) vern av vitne og mottiltak mot v) oppmoding til, vi) rekruttering til og vii) trening til terrorisme. Når det gjeld menneskehandel, er hovudvekta lagt på å sikre at så mange land som mogeleg ratifiserer den nye Menneskehandelkonvensjonen frå Europarådet. Det blir vurdert å utvide samarbeidet til òg å omfatte tiltak mot misbruk av barn. Det blir arbeidd med ein felles publikasjon som vil vise OSSE- og europarådsstandardane når det gjeld rettane til nasjonale minoritetar. Når det gjeld toleranse og tiltak mot diskriminering, samarbeider dei om ungdomskampanjen All Different – All Equal . Det er likeins oppretta eit samarbeid mellom Europarådets antirasismekomité og OSSEs kontor for demokratiske institusjonar og menneskerettar.

14.3 Samarbeidet med FN

Europarådet samarbeider nært med FN om opplæring i menneskerettar. I tidlegare konflikt­område er samarbeidet tett, som i Kosovo og i Bosnia-Hercegovina. Det blir årleg halde eit koordineringsmøte mellom Europarådet og FN. I drøftingane om å opprette FNs nye råd for menneskerettar vitja presidenten i FNs general­forsamling, Jan Eliasson, Europarådet i januar 2006. Det blir vurdert å styrkje samarbeidet, medrekna ein tettare kontakt mellom sekreta­riata, deltaking i sesjonane til Menneskerettsrådet og informasjon til medlemmene i Rådet om Europarådet sine overvakingsmekanismar. FNs menneskerettsråd kan komme til å nytte seg av kompetansen i Europarådet.

Europarådet deltek aktivt i gjennomføringa av FNs konvensjonar mot terrorisme og dei aktuelle tryggingsrådsresolusjonane på dette området (1373/2001 og 1624/2005). General­sekretæren deltek årleg med innlegg på FNs generalforsamling. Visegeneralsekretæren har i 2006 teke aktivt del i dei ulike FN-prosessane om tiltak mot menneskehandel, kampanjar mot vald og for å sikre rettane til barn. Europarådet har vidare gjennom ad hoc-komiteen for rådgjevarar i folkerett medverka med innspel til å betre sanksjonsapparatet frå FN si side ved brot på menneskerettane.

14.4 Samarbeidet med frivillige organisasjonar 

Europarådet har utvikla eit breitt samarbeid med det sivile samfunnet og frivillige organi­sasjonar. Om lag 450 internasjonale frivillige organisasjonar har i dag deltakarstatus i Europarådet. Dei frivillige organisasjonane held jamlege møte i Strasbourg om aktuelle spørsmål og har gjeve innspel til fleire prosessar for utviklinga av demokrati i medlems­landa.

Fleire av handlingsplanane til Europarådet omfattar prosjekt som frivillige organisasjonar har komme med framlegg om og utført. Fleire land har revidert lovgjevinga si om frivillige organisasjonar, og det er oppretta ein eigen overvakingsmekanisme for dette.

Til forsida