Prop. 200 L (2012–2013)

Lov om stans i utbetalinga av offentlege ytingar og barnebidrag når ein av foreldra har bortført eit barn til utlandet

Til innhaldsliste

11 Forskrifter – lovforslaget § 16

Det kan på fleire punkt vere aktuelt å gje forskrifter til utfylling og gjennomføring av lova. Dette gjeld mellom anna

  • reglar om meldingar etter lovforslaget § 4,

  • når ein skal halde tilbake ytingar og barnebidrag etter lovforslaget § 7,

  • oppnemning av og betaling til sakkunnige etter lovforslaget § 9,

  • reglar til lovforslaget § 11 om sperra konto,

  • reglar om ytingar og bidrag til den attverande av foreldra etter § 12,

  • reglar om handsaming av personopplysningar i § 15.

Ein viser til lovforslaget § 16 og til merknaden til paragrafen.

Ein viser også til omtala av behov for forskrifter i dei einskilde punkta i proposisjonen.

Til forsida