Prop. 200 L (2012–2013)

Lov om stans i utbetalinga av offentlege ytingar og barnebidrag når ein av foreldra har bortført eit barn til utlandet

Til innhaldsliste

7 Innkrevjing av barnebidrag etter barnebortføring – lovforslaget § 6

Etter forslaget i høyringsnotatet til ein ny § 7 a i bidragsinnkrevjingslova skulle ein halde fram med å krevje inn barnebidrag frå den bidragspliktige etter ei barnebortføring, anten den bidragspliktige var bortføraren eller den attverande av foreldra. Bidraget skulle krevjast inn med uendra beløp. Ein skulle likevel kunne ta omsyn til endringar i barnebidraget som følgje av ei endringssak som var teken opp før bortføringa skjedde.

Med andre ord var forslaget i høyringsnotatet at bortføringa ikkje skulle påverke forsørgingsplikta som foreldra har etter barnelova, og ein skulle ikkje endre bidraget så lenge bortføringa vara, sjølv om det skjedde endringar som normalt skulle verke inn på bidraget, til dømes at ein av partane hadde gått opp eller ned i inntekt eller at barnet etter bortføringa oppheld seg i eit land med lågare eller høgare levekostnader enn Noreg. Ein må sjå forslaget i høyringsnotatet på bakgrunn av at ei bortføring som reknast som ulovleg etter Haag-konvensjonen frå 1980, ikkje endrar den formelle bustaden til barnet. Ein la vekt på at norske styresmakter ikkje skulle gjere noko som kunne rokke ved dette utgangspunktet, og som kunne gje inntrykk av ein norsk aksept av bortføringa.

Det var ingen av høyringsinstansane som hadde merknader til dette.

Departementet foreslår at tilsvarande reglar vert tekne inn i den nye lova, samtidig som ein gjer klårt at det ikkje er høve til å be om endring av barnebidraget etter barnelova § 74 første leddet så lenge bortføringa varar. Departementet er merksam på at ein bidragspliktig kan gå ned i inntekt under bortføringa og ikkje lenger ha økonomisk evne til å betale det fastsette bidraget. I slike tilfelle legg departementet til grunn at bidragspliktige kan søkje Arbeids- og velferdsetatens innkrevjingssentral om å setje ned det månadlege trekkbeløpet. At ein slik situasjon oppstår etter barnebortføring, kan gje grunn til å redusere trekket. Når bortføringssaka er løyst, vil ein kunne vurdere endring av bidraget tilbake i tid etter søknad om dette, jf. barnelova § 74 andre leddet. På bakgrunn av erfaringane i praksis vil departementet vurdere om det er behov for å gje utfyllande reglar i forskrift etter barnelova.

Det vert presisert i lovforslaget at innkrevjinga av barnebidrag skal følgje dei vanlege reglane om dette.

Ein viser til lovforslaget § 6 og merknaden til paragrafen.

Til forsida