Prop. 200 L (2012–2013)

Lov om stans i utbetalinga av offentlege ytingar og barnebidrag når ein av foreldra har bortført eit barn til utlandet

Til innhaldsliste

6 Vurdering av vilkåra for ytingar etter barnebortføring – lovforslaget § 5

Høyringsnotatet viste til at det alt er heimel for å stanse enkelte ytingar dersom mottakaren ikkje oppheld seg i Noreg. Reglane om utbetaling av ytingar i utlandet gjeld også når årsaka til opphaldet i utlandet er barnebortføring. Dette vart presisert i forslaget til folketrygdlova § 22-20 første leddet andre punktumet:

”Dersom bortføringen medfører at de vanlige vilkårene for ytelsene ikke er oppfylt, faller retten til ytelsene bort.”

Omtalen i høyringsnotatet avgrensa seg til dette, og spørsmålet var heller ikkje framme i utsegnene frå høyringsinstansane.

Departementet meiner at ei ny lov om offentlege ytingar og barnebidrag bør sikre ei rask vurdering av vilkåra for ytingar når eit barn vert bortført frå Noreg til utlandet. Retten til å ta i mot nokre av dei mest aktuelle ytingane under opphald i utlandet er svært avgrensa. Til dømes gjeld dette ytingar til einslege forsørgjarar og bidragsforskott. Desse ytingane kan ein berre få under korte mellombels opphald i utlandet, og retten fell bort straks dersom det alt i utgangspunktet er klårt at opphaldet i utlandet vil bli lengre. Det er heller ikkje noka plikt til å utbetale desse ytingane i utlandet etter EØS-avtala.

For andre ytingar er det ei generell plikt etter EØS-avtala og andre trygdeavtaler til utbetaling utanfor Noreg. I høve til andre land enn dei som er tilslutta EØS-samarbeidet, vil ei plikt til utbetaling i tilfelle følgje av norsk lov. Kva som kan kome ut av ei vurdering opp mot dei vanlege vilkåra for ytingane, vil difor vere sterkt avhengig av landet barnet og bortføraren oppheld seg i og kva for yting det er spørsmål om.

Også når det gjeld EØS-avtala, vil det vere ei vurderingssak om ytingane skal utbetalast i det andre EØS-landet i det konkrete tilfellet. I alle tilfelle vil det vere viktig å sikre at vurderinga kjem så raskt som råd er, og eit pålegg om dette i lova, kombinert med meldingsordninga som er skissert i punkt 5, vil opne for raskare stans av utbetalingane i tilfella der dette er aktuelt.

Departementet foreslår at ein tek inn i lova eit pålegg om å vurdere retten til ytingar når eit barn vert bortført frå Noreg til utlandet. Dette skal vere ei vurdering i høve til dei vanlege reglane for utbetaling av ytingane, og ei yting som framleis vert utbetalt etter denne vurderinga, kan likevel bli halden tilbake etter dei nye reglane i lovforslaget § 7.

Det vert presisert i lovforslaget at dei vanlege reglane om klage og sakshandsaming skal gjelde ved vurderinga som lovforslaget legg opp til.

Ein viser til lovforslaget § 5 og til merknaden til paragrafen.

Til forsida