Prop. 200 L (2012–2013)

Lov om stans i utbetalinga av offentlege ytingar og barnebidrag når ein av foreldra har bortført eit barn til utlandet

Til innhaldsliste

3 Saker etter lova – lovforslaget § 2 og § 10

3.1 Høyringsnotatet

Forslaget i høyringsnotatet innebar at dei nye reglane om mellombels stans av ytingar skulle gjelde i tre tilfelle:

  • Når ein av foreldra bortfører barnet sitt frå Noreg i strid med reglane om foreldreansvaret i barnelova,

  • når ein av foreldra tek med seg barnet sitt til Noreg i strid med reglane i eit anna land om foreldreansvar,

  • når den av foreldra som har rett til samvær held barnet sitt borte frå den det bur hos fast ved å dra til ein annan stad i Noreg.

Høyringsnotatet drøfta om ein skulle kunne halde tilbake ytingar og barnebidrag berre ved internasjonal barnebortføring eller om ein skulle ta med bortføring innanfor Noreg som kunne samanliknast med internasjonal barnebortføring. Spørsmålet vart vurdert opp mot barnekonvensjonen artikkel 2, som stadfestar retten til ikkje-diskriminering. Det er to tilfelle innanlands som kan ha fellestrekk med internasjonal barnebortføring:

  • Når den av foreldra som barnet bur hos fast, gjer det vanskeleg for den andre av foreldra å ha samvær,

  • når den av foreldra som har rett til samvær, held barnet tilbake frå den av foreldra som barnet bur hos fast.

Den av foreldra som barnet bur hos fast, kan einsidig avgjere flytting med barnet innanfor Noreg. Dette er ikkje i strid med foreldreansvaret, jf. barnelova § 37. Dersom foreldreansvaret er delt mellom foreldra, kan ingen av dei lovleg flytte til utlandet med barnet utan at den andre av foreldra samtykkjer til dette.

Departementet meinte at samanhangen i lovverket tilsa at ein ikkje skulle kunne halde tilbake ytingar og barnebidrag når den av foreldra som barnet bur hos fast, flyttar med barnet innanfor Noreg. For å unngå konflikt med forbodet mot diskriminering i barnekonvensjonen artikkel 2, burde derimot ordninga med å halde tilbake ytingar og barnebidrag omfatte tilfella innanfor Noreg der den av foreldra som har rett til samvær, held barnet borte frå den som barnet bur hos fast.

3.2 Høyringsinstansane

Foreningen 2 Foreldre meinte det var urettvist at ein etter forslaget kunne halde tilbake ytingar og barnebidrag når den av foreldra som har rett til samvær held barnet borte frå den det bur hos fast, men ikkje når den av foreldra som barnet bur saman med fast, hindrar samvær. Foreininga peika på at det alt var fleire sanksjonar som retta seg mot at tilfella der den av foreldra som har rett til samvær held tilbake barnet, mellom anna straffelova § 216, slik at det i realiteten ikkje er behov for nye åtgjerder.

Arbeids- og velferdsdirektoratet meinte at behovet for så inngripande åtgjerder som å halde tilbake offentlege ytingar og barnebidrag er vesentleg mindre for nasjonale saker enn for saker med internasjonal barnebortføring. Det vart peika på at norske styresmakter innanfor Noreg både har jurisdiksjon og reelt høve til å få slutt på ei bortføring gjennom politi, barnevern og dei vanlege domstolane. Direktoratet vurderte det slik at det i nasjonale saker ville vere eit uforholdsmessig tiltak å halde tilbake ytingar og barnebidrag. Dersom tiltaket i prinsippet skal kunne nyttast i nasjonale saker, burde det gjelde krav om at politi og barnevern først har freista løyse saka, slik at tiltaket eventuelt vert ei sekundær åtgjerd i nasjonale saker.

Justis- og politidepartementet kunne ikkje sjå at forbodet mot å behandle bortføringar til Noreg på annan måte enn bortføringar frå Noreg, i seg sjølv gjorde det naudsynt å ta med i ordninga bortføring av barn innanfor Noreg.

3.3 Departementet si vurdering

I utgreiinga frå Lovavdelinga vart det lagt til grunn at vurderinga mot menneskerettane vanskeleg ville kunne konkludere med at det er ei forholdsmessig åtgjerd å halde tilbake ytingar eller barnebidrag når barnet og bortføraren er i Noreg. Tiltak via barnevernet og/eller politiet vil i regelen vere tilstrekkelege og meir effektive enn ein mellombels stans i ytingar og barnebidrag. Departementet er samd i denne vurderinga og foreslår difor at ein berre skal kunne halde tilbake ytingar eller barnebidrag ved bortføringar frå Noreg til utlandet. Dersom erfaringane i praksis skulle gje grunnlag for det, vil ein ta opp til vurderinga å utvide ordninga til tilfella der barnet og bortføraren er i Noreg.

I samband med dette vil departementet streke under at situasjonane der barnet og bortføraren er i Noreg, ikkje kan samanliknast med ei internasjonal barnebortføring. Som nemnd har norske styresmakter ei rekkje andre tiltak ein kan nytte når alle partane i saka oppheld seg i Noreg. Det er difor ikkje grunnlag for å påstå at det vil vere diskriminering som strir mot barnekonvensjonen eller andre internasjonale konvensjonar dersom ein held tilbake ytingar og barnebidrag ved bortføringar ut av Noreg, men ikkje når barnet og bortføraren er her.

Forslaget i høyringsnotatet var meint å omfatte berre tilfella der ein forelder bortfører eller held eit barn tilbake i strid med foreldreansvaret. Ordninga var ikkje meint å omfatte saker der ein tredjeperson bortfører eit barn for å få løysepengar. Slike bortføringar er reine kriminalsaker. Ein bør difor presisere at lova berre gjeld for handlingar i strid med retten til foreldreansvar.

Departementet legg også til grunn at reglane om å halde tilbake ytingar og barnebidrag berre bør gjelde ved bortføringar som skjer før barnet har fylt 16 år. Ved denne alderen stansar arbeidet med å føre barn tilbake etter Haag-konvensjonen frå 1980, sjå artikkel 4 i konvensjonen. Det er naturleg å ha den same grensa for å halde tilbake offentlege ytingar og barnebidrag etter den nye lova.

Departementet foreslår etter dette at lova skal gjelde når eit barn som er busett i Noreg er teke med til eit anna land eller vert halde tilbake i det andre landet i strid med foreldreansvaret. Vilkåret må vere at saka vert rekna som ei bortføringssak etter barnebortføringskonvensjonane frå 1980 eller at politiet har registrert barnet som sakna eller at det er oppretta straffesak om barnebortføring.

Departementet foreslår vidare at lova vert avgrensa til bortføring av personar som ikkje har fylt 16 år. I tillegg skal lova gjelde når barn som barnevernet har teke over omsorga for vert bortført til utlandet av ein eller begge foreldra. Tiltak etter lova vil då kunne nyttast mot begge foreldra.

Ein viser til lovforslaget §§ 2 og 13 og til merknadene til desse paragrafane.

Til forsida