Prop. 200 L (2012–2013)

Lov om stans i utbetalinga av offentlege ytingar og barnebidrag når ein av foreldra har bortført eit barn til utlandet

Til innhaldsliste

5 Melding om barnebortføringar til utlandet – lovforslaget § 4

5.1 Høyringsnotatet

Etter høyringsnotatet skulle tilbakehald av ytingar setjast i verk når Arbeids- og velferdsetaten hadde fått melding om at det hadde skjedd ei internasjonal barnebortføring og at barnet var meldt sakna og saka vart etterforska av politiet. Slik melding skulle ein berre sende dersom alle dei tre vilkåra var oppfylte. Meldinga skulle gå frå den norske sentralmakta for Haag-konvensjonen frå 1980 om dei sivile sidene ved internasjonal barnebortføring, eller, i saker som ikkje var omfatta av konvensjonen, frå Utanriksdepartementet.

5.2 Høyringsinstansane

Det var få av høyringsinstansane som hadde merknader til spørsmålet om meldingar.

Utanriksdepartementet streka under behovet for klåre reglar om dette.

Justis- og politidepartementet meinte at det av omsyn til ressursbruken i politiet ikkje burde vere eit vilkår at barnet var meldt sakna til politiet. Ofte vil barnet opphalde seg på ein kjent stad, og det vil ikkje alltid vere behov for å kople inn politiet i saka. Justisdepartementet skreiv vidare:

”Forslaget om at det stilles vilkår om at saken anmeldes og etterforskes, synes å implisere at det må være initiert en straffesak som faktisk følges opp av politi og påtalemyndighet. Justisdepartementet er av den oppfatning at det ikke kan stilles et slikt vilkår. (…) Selv når bortføringen er straffbar, er vi av den oppfatning at det bør være opp til gjenværende forelder å ta stilling til hvorvidt det er hensiktsmessig/ønskelig i den konkrete saken at bortfører blir tiltalt og straffet for bortføringen. Noen sivile barnebortføringssaker løses ved at partene kommer til en minnelig løsning, herunder frivillig retur av barnet. Vi antar at en straffesak vil øke konfliktnivået mellom foreldrene og vanskeliggjøre muligheten for en frivillig ordning og et samarbeid om barnet i fremtiden.”

Kripos er ein viktig aktør i barnebortføringssaker, og hadde merknader til reglane om når melding om barnebortføring skulle gå til Arbeids- og velferdsetaten. Ei sak om internasjonal barnebortføring vil ofte gå i fleire spor samtidig, og dette kan komplisere sakene. Kripos skreiv:

”Eksempelvis kan ei sak starte med anmeldelse til politiet, saknet-melding, etterforskning og påfølgende internasjonal etterlysning av barn og vedkommende som antas å ha bortført barnet. Parallelt kan saken gå som en sivil sak etter Haag-konvensjonen av 1980. Endelig vil Utenriksdepartementet kunne være involvert i en internasjonal barnebortføringssak gjennom diplomatiet og ved bistand til norske borgere i utlandet.”

Kripos skreiv vidare at ved bortføring til land som ikkje er tilslutta samarbeidet etter Haag-konvensjonen, ville saka vere ei "rein" UD-sak, som politiet ikkje alltid er kjend med, men ved dei fleste tilfella av internasjonal barnebortføring er politiet den første offentlege instansen som blir kjend med saka.

Når det gjeld forsvinningssaker, vil politiet normalt etterlyse barnet i Europa via Schengen Informasjonssystem (SIS) og elles gjennom Interpol. Kripos fann det uklårt etter høyringsnotatet om tilbakehald av ytingar og barnebidrag også skal gjelde tilfella der barn blir etterlyste med sikte på å bli tekne i forvaring og tilbakeførte til Noreg. Kripos bad difor om at det går klårt fram av lovforslaget om politiet skal varsle Arbeids- og velferdsetaten samtidig med at barnet vert etterlyst via SIS eller Interpol.

5.3 Departementet si vurdering

Dersom barnebortføringar skal påverke utbetalinga av offentlege ytingar eller barnebidrag, er det viktig at instansane som utbetaler desse ytingane eller barnebidraget, vert gjort kjent med at eit barn er bortført, og at det så langt mogleg er klårt når ein skal sende ei slik melding.

Departementet har sett nærare på korleis ein kan få ei tenleg utforming av lovforslaget. For å fange opp alle bortføringssaker, men samstundes unngå at ein får fleire meldingar på same saka, bør meldingar om barnebortføring gå frå

  • Justis- og beredskapsdepartementet i saker om barnebortføring etter bortføringskonvensjonane frå 1980, og

  • frå lokalt politidistrikt i andre bortføringssaker når politiet anten har registrert barnet som sakna eller det er oppretta straffesak om barnebortføring.

Det er lagt til grunn at det ikkje er behov for at Utanriksdepartementet skal vere meldingsinstans. Det er få bortføringssaker der Utanriksdepartementet er den einaste norske offentlege instansen som er involvert i saka. Dersom ordninga med å halde tilbake ytingar eller barnebidrag skal få effekt i slike saker, må den attverande av foreldra etter forslaget ta kontakt med politiet.

Departementet foreslår at arbeids- og velferdsforvaltninga og Husbanken skal få melding om alle barnebortføringar som går inn under lova. Den kommunale delen av arbeids- og velferdsforvaltninga og Husbanken treng berre opplysningar om kven saka gjeld og endringa i opphaldsstad, slik at meldingane dit kan avgrensast til dette.

Arbeids- og velferdsetaten vil ha oppgåver både med omsyn til å vurdere retten til ytingar etter gjeldande reglar (sjå punkt 6) og med omsyn til vurderinga av om ein skal halde tilbake ytingar og barnebidrag for å fremje tilbakeføring av barnet (sjå punkt 2.7). Einingar som berre skal vurdere tilhøvet til gjeldande rett, bør få meldingar med den same avgrensinga som meldingane til Husbanken og den kommunale delen av arbeids- og velferdsforvaltninga. Derimot bør meldingane til organet som skal treffe avgjerd med omsyn til å halde tilbake ytingar og barnebidrag, også ta med det som måtte vere av andre relevante opplysningar. Det vil venteleg vere aktuelt å gi nærare reglar om meldeplikta og meldingsrutinane i forskrift.

Dei aktuelle meldingane om barnebortføring må kunne sendast utan hinder av teieplikt.

Ein viser til lovforslaget § 4 og til merknadene til paragrafen.

Til forsida