Prop. 200 L (2012–2013)

Lov om stans i utbetalinga av offentlege ytingar og barnebidrag når ein av foreldra har bortført eit barn til utlandet

Til innhaldsliste

13 Økonomiske og administrative konsekvensar

13.1 Økonomiske konsekvensar

Forslaget til ny lov vil kunne føre til at ytingar som vert utbetalte i saker med barnebortføring frå Noreg til utlandet vert stansa på et tidlegare tidspunkt enn i dag (av di det raskt vil gå melding til Arbeids- og velferdsetaten om at det har skjedd ei barnebortføring til utlandet). Dette vil særleg kunne dreie seg om barnetrygd, bidragsforskott, bustøtte og ytingar frå folketrygda til einslege forsørgjarar. Det er likevel så få slike barnebortføringar per år at det ikkje er grunnlag for å justere dei ulike stønadsbudsjetta.

Den nye ordninga med å halde tilbake offentlege ytingar og barnebidrag vil i seg sjølv ikkje påverke stønadsbudsjetta, ettersom det dreier seg om å halde tilbake ytingar som i alle tilfelle skulle ha vore utbetalte. Endringa går berre ut på at ytingane ikkje lenger skal bli utbetalte til bortføraren, men mellombels skal gå inn på ein sperra konto.

13.2 Administrative konsekvensar

Forslaget om å kunne halde tilbake offentlege ytingar og barnebidrag vil føre til administrativt meirarbeid i høve til i dag for dei ulike instansane som er involverte i handsaminga av saker etter den nye lova:

Justis- og beredskapsdepartementet og politiet må etablere rutinar for meldingar til arbeids- og velferdsforvaltninga og Husbanken for å oppfylle plikta til å gje meldingar etter lovforslaget § 4 og plikta til å melde frå om viktige endringar i sakene etter lovforslaget § 8. Meirarbeidet for Justis- og beredskapsdepartementet i samband med meldingar om barnebortføringar etter den nye lova, er rekna å utgjere 2 - 4 vekeverk i året. Forslaget skal også få verknad for bortføringar som alt har skjedd, og utgiftene vert venteleg noko større det første året.

Arbeids- og velferdsetaten må handsame og treffe avgjerd i saker om å halde tilbake ytingar og barnebidrag etter lovforslaget §§ 7 til 11. Det vil bli få saker i året, slik at meirarbeidet vert moderat når det gjeld sjølve sakshandsaminga og utarbeidinga av vedtak. Ein reknar med at handsaming av kvar enkelt sak med korrespondanse og kommunikasjon med partane, administrering av kontoar, samhandling mellom Arbeids- og velferdsdirektoratet og innkrevjingssentralen vil utgjere omlag 5 til 10 timar per sak. Årlig utgift til sakshandsaming eit ”vanleg” år er rekna til omlag 200 000 kroner. Av di forslaget også skal få verknad for barnebortføringar som alt har skjedd, vil utgiftene venteleg bli noko større det første året.

Ein må få klåre rutinar for samhandling mellom dei involverte einingane i Arbeids- og velferdsetaten. Sjølv om det ikkje dreier seg om mange saker per år, vil ordninga i utgangspunktet kunne verke inn på alle ytingane som forvaltast av etaten, som også får utgifter til gjennomgang av IT-systema. Dette vil vere ei utgift berre i innføringsåret. Det er venta at barnebidrag er den ytinga som i størst grad vert påverka. Truleg vil det berre vere eit fåtal bortføringssaker der spørsmål om barnebidrag ikkje kjem opp. Dei største kostnadene er difor knytte til endringar i fagsystemet for barnebidrag (Bisys), og økonomirutinane for barnebidrag. Tilpassingane i Bisys er grovt rekna til 150 000 kroner. Administrative tilpassingar med rutinebeskrivingar, informasjon, nye brevmalar etc. er rekna til omlag 120 timar.

For dei andre fagsystema i etaten (Arena, Pesys og Infotrygd) er det vurdert som lite tenleg og altfor kostnadskrevjande å gjere systemtilpassingar til den nye ordninga. Infotrygd er sett saman av fleire fagrutinar som er konstruerte på ulikt vis, og som krev løysingar tilpassa kvar enkelt rutine. I desse fagsystema vil ein heller utarbeide manuelle rutinar for handsaming av meldingar om barnebortføring. Totalt er det rekna at tilpassingane som gjeld arbeids- og velferdsforvaltninga vil ha ei kostnadsramme på inntil 250 000 kroner rekna etter kostnadsnivået i dag.

Også for dei andre instansane som er involverte i bortføringssakene kan det vere naudsynt med tilpassingar for å handtere sakene elektronisk. Betaling til sakkunnige som skal gje vurderingar etter lovforslaget § 9 i saker om å halde tilbake ytingar og barnebidrag, vil vere ein særskild utgiftspost til den nye lova.

Trygderetten skal handsame ankar over vedtak om å halde tilbake eller ikkje halde tilbake ytingar og barnebidrag, og får ei meirbelastning som følgje av dette. Det er som nemnd få bortføringssaker per år, slik at meirarbeidet for Trygderetten vert tilsvarande avgrensa. Forslaget skal likevel også få verknad for barnebortføringar som alt har skjedd, slik at talet på anker kan bli noko større det første året.

Departementet legg til grunn at dei totale kostnadene ved innføringa av den nye ordninga ikkje gjer det naudsynt å endre dei gjeldande budsjettrammene.

Til forsida