Prop. 200 L (2012–2013)

Lov om stans i utbetalinga av offentlege ytingar og barnebidrag når ein av foreldra har bortført eit barn til utlandet

Til innhaldsliste

12 Ikraftsetting og overgangsreglar – lovforslaget § 17

Departementet foreslår at lova trer i kraft frå den tid Kongen fastset. Det kan mellom anna vere aktuelt å gje forskrifter om administrative rutinar og liknande, før lova vert sett i kraft.

Ein foreslår at lova også skal gjelde for saker der barnet vart bortført før lova tok til å gjelde, men slik at ytingar og barnebidrag som refererer seg til tidsrom før lova tok til å gjelde, ikkje skal kunne haldast tilbake med heimel i lova.

Ein viser til lovforslaget § 17 og til merknaden til paragrafen.

Til forsida