Prop. 200 L (2012–2013)

Lov om stans i utbetalinga av offentlege ytingar og barnebidrag når ein av foreldra har bortført eit barn til utlandet

Til innhaldsliste

8 Pengar på sperra konto – lovforslaget § 11

8.1 Høyringa

Etter forslaget i høyringsnotatet skulle offentlege ytingar og barnebidrag som vart haldne tilbake stå på sperra renteberande konto. Ein skulle ikkje lenger halde tilbake ytingar og barnebidrag frå det tidspunktet

  1. barnet var ført tilbake til landet det var busett i før bortføringa skjedde,

  2. ein hadde ei endeleg rettsleg avgjerd om at barnet ikkje skulle tilbake, eller

  3. det var inngått ei avtale mellom partane om kven barnet skulle bu hos fast.

Etter at barnebortføringa er over, vert det spørsmål om utbetaling av pengane som er haldne tilbake, og spørsmål om kven som har rett til å ta i mot pengane. Høyringsforslaget ga ingen særlege reglar om dette i høve til offentlege ytingar, men viser til at pengane skal utbetalast til den som har rett til dei. Dette ville då bli å avgjere etter dei vanlege reglane om ytingane. Høyringsnotatet hadde ein gjennomgang av dei mest aktuelle situasjonane. Når det gjeld barnebidrag, var forslaget at bidrag på sperra konto korkje skulle utbetalast til barnebortføraren eller til den attverande av foreldra, men stå på sperra konto til barnet fylte 18 år.

Høyringsinstansane hadde i liten grad kommentarar på dette punktet.

Arbeids- og velferdsdirektoratet meinte at barnet ved hjelpeverje /setjeverje må kunne få utbetalt barnebidrag som er halde tilbake når tilhøva ligg til rette for det. Direktoratet peika også på at det kan vere slik at vilkåra for enkelte ytingar ikkje er oppfylte i heile eller delar av bortføringsperioden, til dømes der det gjeld aktivitetskrav som bortføraren vanskeleg kan følgje opp i den aktuelle situasjonen. Dersom retten til ytinga fell bort, vert det heller ikkje samla opp pengar på konto.

Utanriksdepartementet gjev uttrykk for at den attverande av foreldra bør kunne få utbetalt delar av bidraget, då den attverande av foreldra ofte vil ha hatt utgifter knytte til barnet sjølv om det ikkje har vore hos han eller henne, for eksempel utgifter til barnehageplass.

8.2 Departementet si vurdering

8.2.1 Sperra konto

Pengar som vert haldne tilbake etter reglane i lovforslaget § 7 (sjå punkt 2), tilhøyrer den som har rett til ytinga eller barnebidraget. Stansen i utbetalinga av pengane er mellombels, og det kan vanskeleg tenkjast anna løysing enn at pengane går inn på ein sperra konto i namnet til eigaren. Dette inneber at alle rapporteringsplikter knytte til utbetalingane kan oppfyllast på vanleg måte, inkludert meldingar frå banken til skatteetaten om saldo og renter ved utgangen av året. Når det gjeld barnebidrag, er rett eigar barnet sjølv.

8.2.2 Utbetaling av offentlege ytingar som er haldne tilbake

Departementet finn at ein i hovudsak kan byggje på forslaget i høyringsnotatet. Offentlege ytingar som er haldne tilbake, vert for det første å utbetale når barnet faktisk er tilbakeført til Noreg. For det andre bør utbetaling skje når ei rettsleg avgjerd eller ei avtale mellom dei private partane fastset at barnet ikkje skal tilbake.

Når det gjeld rettslege avgjerder, skal ein berre ta omsyn til avgjerder som er i tråd med norsk rettsorden, dvs. at ein ikkje skal utbetale pengane som er haldne tilbake på grunnlag av ei avgjerd som ein reknar å stå i motstrid med norsk rettsorden (”public order”). Dette følgjer av tvistelova § 19-16 tredje leddet.

I punkt 2.7.2 vert det lagt til rette for at ei avgjerd om å halde tilbake ytingar og barnebidrag skal bli vurdert på nytt dersom det er kome nye opplysningar eller har skjedd endringar som talar for dette. I alle tilfelle skal det skje ei ny vurdering når det er gått to år etter bortføringa. Dersom vedtaket vert gjort om etter ei slik ny vurdering, må ytingar som står på sperra konto utbetalast.

Departementet meiner også at det generelt er naturleg å velje den same aldersgrensa for å halde tilbake offentlege ytingar som for tiltak etter Haag-konvensjonen frå 1980 om dei sivile sidene ved internasjonale barnebortføring, der aldersgrensa er 16 år. Ein reknar med at aldersgrensa i Haag-konvensjonen har bakgrunn i at sakene har ein annan karakter når barnet har nådd denne alderen. Det er vanskeleg å sjå at det kan vere større grunn til å halde fast ved eit økonomisk press for tilbakeføring av bortførte barn enn å halde fram med dei rettslege tiltaka etter konvensjonen.

Departementet finn ikkje grunn til å komplisere lova med detaljerte reglar om kven som skal ha pengane når ein skal utbetale offentlege ytingar som er haldne tilbake. Dette må i utgangspunktet avgjerast etter dei vanlege reglane for dei ulike ytingane ut frå tilhøva i den konkrete saka.

Det er grunn til å streke under at ein vil kunne kome opp i vanskelege situasjonar som det kan vere aktuelt å regulere i forskrift. Det vil generelt vere avgjerande om det dreier seg om ytingar til bortføraren sjølv eller ytingar til barnet eller til bortføraren på grunn av omsorga for barnet.

Ytingar til bortføraren sjølv, for eksempel uførepensjon og sjukepengar, kan ikkje bli utbetalte til andre enn bortføraren. Beløpet som vil kunne utbetalast, vil vere avhengig av om vilkåra for ytingane var oppfylte i heile bortføringsperioden eller berre i delar av perioden. Dette gjeld uavhengig av utfallet av bortføringssaka. Som Arbeids- og velferdsdirektoratet peika på i høyringa, fell retten til ytingar bort når vilkåra ikkje er oppfylte, og i den utstrekninga dette er tilfellet, vil det heller ikkje vere pengar å utbetale.

I situasjonane der den av foreldra som har rett til samvær er bortførar, vil det berre vere vedkomande sine eigne ytingar som ein kan halde tilbake og utbetale etter at saka er løyst.

Ytingar bortføraren har rett til å ta i mot på vegne av barnet eller på grunn av omsorga for barnet, for eksempel barnetrygd og kontantstøtte, må utbetalast til bortføraren uavhengig av utfallet av saka. Dette følgjer av at bortføraren i utgangspunktet er rett mottakar av ytingane. Også her må vilkåra for ytingane ha vore oppfylte i bortføringsperioden, mellom anna må vedkomande faktisk ha hatt barnet hos seg.

Dersom utfallet av saka blir at den daglege omsorga for barnet går over til den andre av foreldra, kan ytingane som er haldne tilbake bli å fordele mellom foreldra. Retten til å ta mot ytingar på vegne av barnet eller på grunn av omsorga for barnet går då over frå datoen for den rettslege avgjerda eller den private avtala som fører med seg overgangen av omsorga for barnet.

8.2.3 Barnebidrag som er halde tilbake

Når det gjeld barnebidrag, er det behov for noko meir kompliserte reglar. Dersom ei sak er løyst ved at barnet er ført tilbake eller ved ei rettsleg avgjerd eller avtale som seier at barnet ikkje skal tilbake, bør bidrag for tidsrom etter dette kunne utbetalast etter dei vanlege reglane om dette.

Det vart som nemnd foreslått i høyringsnotatet at bidrag på sperra konto skulle utbetalast til barnet når barnet fyller 18 år. Bakgrunnen var at det ikkje ville vere rett å utbetale pengane korkje til den attverande av foreldra eller til bortføraren. Den attverande av foreldra har ikkje hatt utlegg som barnebidraget er meint å dekkje, og ei utbetaling til bortføraren vil lett få preg av at barnet gjev bortføraren refusjon for forsørgingsutgiftene under bortføringa, ein situasjon som barnet hamna i utan eiga skuld. Ettersom det er barnet sjølv som har rett til bidraget, var forslaget å vente med utbetalinga til barnet fyller 18 år og kan rå over pengane sjølv.

Departementet ser ikkje grunn til at løysinga etter ei ny lov i prinsippet skal vere annleis. Arbeids- og velferdsdirektoratet ga likevel i høyringsfråsegna uttrykk for at bidragspengane burde kunne bli utbetalte på eit tidlegare tidspunkt med sikte på at ein hjelpeverje eller setjeverje skulle kunne disponere bidraget til beste for barnet. Departementet er samd i at dette vil kunne vere ei tenleg løysing, men legg til grunn at det alt er heimel for løysinga i lov 26. mars 2010 nr. 9 om vergemål.

Dersom barnet har fylt 16 år, utan at saka er løyst, meiner departementet at bidraget framleis bør gå inn på sperra konto til barnet fyller 18 år. Det vil ikkje vere større grunn til å utbetale til bortføraren bidrag for tidsrom etter at barnet fylte 16 år enn til å utbetale til han eller henne pengane som har samla seg opp på sperra konto.

8.2.4 Oppsummering

Departementet foreslår at offentlege ytingar på sperra konto skal bli utbetalte når

  • barnet er ført tilbake,

  • ei rettsleg avgjerd eller ei avtale mellom dei private partane fastset at barnet ikkje skal tilbake,

  • vedtak vert gjort om etter § 10,

  • det bortførte barnet har fylt 16 år.

Barnebidrag som er haldne tilbake skal stå på sperra renteberande konto til barnet fyller 18 år. Pengane skal då utbetalast til barnet. Dersom barnet har fylt 16 år, utan at saka er løyst, skal bidrag gå inn på sperra konto til barnet fyller 18 år.

Ein viser til lovforslaget § 11 og til merknaden til paragrafen.

Til forsida