Prop. 200 L (2012–2013)

Lov om stans i utbetalinga av offentlege ytingar og barnebidrag når ein av foreldra har bortført eit barn til utlandet

Til innhaldsliste

9 Ytingar og barnebidrag til den attverande av foreldra – lovforslaget § 12

9.1 Høyringsnotatet

Høyringsnotatet drøfta korleis ein skulle handtere situasjonen der barnet er bortført av den av foreldra som har rett til samvær med barnet. Den attverande av foreldra har då vore den som har hatt rett til å ta i mot ytingar på vegne av barnet og få utbetalt ytingar og barnebidrag på grunnlag av forsørginga av barnet. Bortføringa i seg sjølv vil ikkje endre på dette, men når barnet er borte, vil vilkåra for å utbetale slike ytingar til den attverande forelderen i prinsippet falle bort.

I den første fasen av ei barnebortføring vil den attverande av foreldra ofte ha dei same utgiftene til bustad og barnetilsyn og liknande som før bortføringa. Stans i ytingane til barnet eller ytingane på grunnlag av omsorga for barnet vil kunne setje han eller henne i ein vanskeleg situasjon økonomisk, og også forsterke kjensla av tap og sakn.

Etter forslaget i høyringsnotatet skulle den attverande av foreldra få dei aktuelle ytingane og eventuelt barnebidrag frå bortføraren i seks månader etter bortføringa. Dersom den attverande framleis hadde utgifter knytte til omsorga for barnet eller andre særlege grunnar gjorde det rimeleg, kunne ein utbetale ytingar og bidrag i seks månader til.

Etter høyringsnotatet skulle ein i alle tilfelle stanse utbetalingane dersom bortføringa vart løyst ved at omsorga for barnet og retten til å ta i mot ytingar knytte til barnet går over på den andre av foreldra.

9.2 Høyringsinstansane

Utanriksdepartementet meinte at ytingar til den attverande av foreldra på vegne av eit bortført barn eller på grunn av omsorga for barnet ikkje bør bli stansa. Bortføraren ville kunne nytte stans av ytingane som eit prov på at norske styresmakter hadde akseptert at det var best for barnet å vere hos bortføraren og har gjeve opp å få barnet tilbakeført.

Justis- og politidepartementet tek opp den same problemstillinga, og viser i tillegg til at stans av ytingar til den attverande av foreldra vil kunne oppfattast som svært urimeleg, og at det vert ei tilleggsbelastning til det å oppleve at barnet er blitt ulovleg bortført.

9.3 Departementet si vurdering

Forslaget i høyringsnotatet var utforma for å ta omsyn til økonomiske utlegg som den attverande av foreldra har i ein emosjonelt vanskeleg situasjon. Forslaget opna for at ein skulle kunne halde fram med å gje ytingar i inntil eitt år etter bortføringa, sjølv om vilkåra for ytingane ikkje er oppfylte. Det skulle likevel vere eit vilkår for utbetaling ut over seks månader at den attverande av foreldra framleis faktisk hadde utgifter knytte til omsorga for barnet eller at andre særlege grunnar gjorde dette rimeleg.

Utanriksdepartementet og Justis- og politidepartementet ville i høyringsfråsegnene gå lengre med omsyn til å utbetale ytingar utan at vilkåra er oppfylte. Departementet kan forstå argumenta som kom fram, men meiner likevel at det ikkje er tilstrekkeleg grunn til å utbetale offentlege ytingar som skal dekkje utgifter på grunn av omsorg for barn i lengre tid enn eitt år etter at omsorgssituasjonen faktisk tok slutt og vilkåra faktisk ikkje er oppfylte.

Når det har gått eitt år etter at bortføringa skjedde, er det etter Haag-konvensjonen frå 1980 ei vurderingssak om barnet har funne seg til rette i det nye miljøet, slik at det vert for opprivande med tilbakeføring. Stans av ytingane til den attverande av foreldra av di vilkåra ikkje er oppfylte har truleg mindre å seie i denne samanhangen, og vil vanskeleg kunne leggjast ut som eit prov på at Noreg ikkje lenger ønskjer at barnet skal tilbakeførast. Dette gjeld ikkje minst dersom det framleis vert kravd inn barnebidrag frå bortføraren, til dømes ved trekk i ytingar frå folketrygda.

Departementet foreslår at ein held fast ved forslaget frå høyringsnotatet, slik at ytingar til den attverande av foreldra vert gjevne i seks månader etter at bortføringa skjedde, med forlenging i seks månader til dersom han eller ho framleis har utgifter knytte til omsorga for barnet eller dersom andre særlege grunnar talar for det. Eventuelt barnebidrag frå bortføraren bør kunne bli utbetalt til den attverande etter dei same reglane.

Offentlege ytingar som vert stansa etter forslaget, fell bort for den tida bortføringa varar. Det er då ingen pengar å setje på sperra konto. Derimot vil eventuelt barnebidrag som vert kravd inn frå bortføraren gå inn på sperra konto etter at utbetaling til den attverande av foreldra vert stansa.

Utbetalinga av ytingar og barnebidrag til den attverande av foreldra skal i alle tilfelle stansast når det ved rettsleg avgjerd eller privat avtale er fastsett at barnet ikkje skal tilbake, sjå punkt 8.

Departementet foreslår at reglane i lovforslaget § 11 skal gjelde i høve til utbetaling av barnebidrag som er sett på sperra konto. Dette inneber at bidraget i utgangspunktet vert utbetalt til barnet når barnet fyller 18 år, sjå punkt 8.

Det vert presisert i lovforslaget at handsaming og klage i saker etter paragrafen skal følgje dei vanlege reglane for dei einskilde ytingane.

Ein viser til lovforslaget § 12 og til merknaden til paragrafen.

Til forsida