Prop. 200 L (2012–2013)

Lov om stans i utbetalinga av offentlege ytingar og barnebidrag når ein av foreldra har bortført eit barn til utlandet

Til innhaldsliste

15 Merknader til dei einskilde paragrafane

Til § 1 Formål

Paragrafen seier at formålet med lova er å fremje rask tilbakeføring av barn som er bortført til utlandet av ein av foreldra og førebyggje slik bortføring.

Til § 2 Saker etter lova

Ifølgje første leddet gjeld lova ved internasjonal barnebortføring, dvs. saker der eit barn vert teke med frå Noreg til utlandet eller halde tilbake i utlandet etter eit lovleg opphald der. Det vert presisert at lova gjeld handlingar i strid med reglane om foreldreansvaret. Dersom eit barn vert bortført av andre enn foreldra, er dette ei rein kriminalsak.

Saka må vere ei bortføringssak etter Haag-konvensjonen frå 1980 om dei sivile sidene ved internasjonal barnebortføring eller Europarådskonvensjonen frå 1980 om godkjenning og fullbyrding av avgjerder om foreldreansvar og om gjenoppretting av foreldreansvar. Når det gjeld saker som ikkje er omfatta av desse konvensjonane, gjeld lova berre dersom barnet er registrert hos politiet som sakna eller det må vere oppretta straffesak om barnebortføring.

Dersom foreldreansvaret er delt, må foreldra vere samde om flytting med barnet til utlandet. Ein person som har foreldreansvaret aleine, kan derimot flytte til utlandet med barnet utan at den andre av foreldra må samtykke til dette.

Andre leddet fastset at lova berre gjeld ved bortføring av barn som ikkje har fylt 16 år. Dette er den same aldersgrensa som etter Haag-konvensjonen frå 1980 med omsyn til å kunne krevje tilbakeføring av barnet med heimel i konvensjonen.

Lova skal også gjelde ved bortføring av barn som barnevernet har teke over omsorga for etter barnevernloven § 4-12, sjå merknaden til § 13.

Til § 3 Offentlege ytingar og barnebidrag

Etter første leddet gjeld lova alle ytingar etter lover som vert administrerte av Arbeids- og velferdsetaten (bokstav a), stønad etter lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen (bokstav b) og bustøtte frå Husbanken (bokstav c).

Etter andre leddet meiner ein med ”barnebidrag” bidrag til barn når bidraget vert kravd inn av Arbeids- og velferdsetatens innkrevjingssentral, med unntak av bidrag fastsett etter barnevernloven § 9-2. Omgrepet ”barnebidrag” dekkjer både bidrag fastsett etter barnelova og bidrag fastsette etter utanlandsk lov som er sendte Noreg til innkrevjing med heimel i ein internasjonal konvensjon eller avtale.

Dersom bidraget før bortføringa vart betalt utanom Arbeids- og velferdsetatens innkrevjingssentral vert bidraget i utgangspunktet ikkje omfatta av lova. Dersom det er den attverande av foreldra som er bidragspliktig, vil han eller ho kunne stanse den private betalinga av bidraget utan at lova kjem inn. Det same gjeld også for ein bortførar som er bidragspliktig. I begge tilfella vil begge partane kunne be om at bidraget vert kravd inn av det offentlege etter bortføringa, slik at saka kjem inn under lova.

Til § 4 Melding om barnebortføringar til utlandet

Etter første leddet skal Justis- og beredskapsdepartementet sende melding til arbeids- og velferdsforvaltninga og Husbanken om barnebortføringar til utlandet. Dette gjeld når saka er ei sak etter bortføringskonvensjonane. I andre barnebortføringssaker skal melding sendast av lokalt politidistrikt (når politiet har registrert barnet som sakna eller det er oppretta straffesak om barnebortføring).

I andre leddet vert det presisert at meldingane til den kommunale delen av arbeids- og velferdsforvaltninga og Husbanken ikkje skal omfatte andre opplysningar enn at det er skjedd ei barnebortføring, personane det gjeld og endringa av opphaldsstad. Årsaka er at desse instansane berre skal vurdere om det er grunnlag for å utbetale ytingar i utlandet. I meldingar til Arbeids- og velferdsetaten er det aktuelt å ta med også andre opplysningar som kan gje grunnlag for vurderinga etter § 7 av om ein skal halde tilbake ytingar og barnebidrag.

Meldingar etter paragrafen skal etter tredje leddet bli gjevne utan hinder av teieplikt.

Til § 5 Vurdering av om vilkåra for ytingar framleis er oppfylte

Første punktumet tek sikte på at arbeids- og velferdsforvaltninga og Husbanken så snart råd er skal ta opp til vurdering om ei barnebortføring frå Noreg til utlandet har ført til at vilkåra for ytingar til bortføraren eller ytingar til barnet som vert utbetalte til bortføraren, ikkje lenger er oppfylte. Nokre ytingar vert normalt ikkje gjevne til personar i utlandet, til dømes økonomisk stønad (sosialhjelp), medan andre ytingar berre vert utbetalte i utlandet i ein svært avgrensa periode, til dømes ytingar til einslege forsørgjarar. Til vanleg skal dei sistnemnde ytingane stansast straks når utanlandsopphaldet tek til, dersom meininga er at opphaldet skal vare lengre enn den fastsette ”tilletne” perioden. Dersom ytingane vert stansa etter vurderinga som er pålagt i paragrafen, vil ytingane falle heilt bort for den tida opphaldet i utlandet varar. Ytingane skal ikkje gå inn på ein sperra renteberande konto. I andre punktumet vert det presistert at handsaming og klage i desse sakene skal følgje dei vanlege reglane for dei einskilde ytingane.

Til § 6 Innkrevjing av barnebidrag

Barnebidrag skal etter første punktumet krevjast inn etter dei vanlege reglane som om bortføringa ikkje hadde skjedd. Dersom den attverande av foreldra er den bidragspliktige, må han eller ho halde fram med å betale bidrag etter bortføringa, som sjølvsagt ikkje fører med seg at forsørgingsplikta etter barnelova fell bort. Om bortføraren er den bidragspliktige, skal innkrevjinga halde fram, eventuelt med det resultatet at bidragsgjelda aukar månad for månad. Ein skal ikkje ta omsyn til at bortføraren har utgifter til forsørginga av barnet under bortføringa.

Etter andre punktumet har ingen av partane høve til å be om endring av barnebidraget etter barnelova § 74 første leddet så lenge bortføringa varar. Dersom den bidragspliktige av ulike grunnar ikkje har økonomisk evne til å betale det fastsette barnebidraget, kan ein setje ned det månadlege trekkbeløpet. Når bortføringssaka er løyst, vil ein etter søknad kunne vurdere endring av bidraget tilbake i tid, jf. barnelova § 74 andre leddet.

Til § 7 Avgjerd om å halde tilbake ytingar og barnebidrag til bortføraren

Paragrafen er den sentrale føresegna i lovforslaget, og heimelen for eventuelt å halde tilbake ytingar og barnebidrag etter barnebortføring.

Første leddet seier at Arbeids- og velferdsdirektoratet eller eit særskilt utpeika organ i Arbeids- og velferdsetaten heilt eller delvis kan halde tilbake ytingar og barnebidrag som vert utbetalte til bortføraren sjølv eller til bortføraren på vegne av barnet. Dette er likevel berre aktuelt dersom det framleis vert utbetalt ytingar til bortføraren etter vurderinga pålagd i § 5, eller det faktisk vert utbetalt barnebidrag til bortføraren.

Dersom det er den av foreldra som har rett til samvær som er bortførar, vil det berre vere ytingar å halde tilbake dersom han eller ho har trygdeytingar i eigen rett, til dømes uførepensjon. Han eller ho vil ikkje ha fått utbetalt ytingar eller barnebidrag på vegne av barnet. Slike ytingar vert utbetalte til den av foreldra som barnet budde hos før bortføringa.

Etter andre leddet skal ein ved vurderingaav om ytingar og barnebidrag skal haldast tilbake, leggje vekt på kva dette har å seie for at barnet kan bli ført tilbake, og på risikoen for at barnet og bortføraren vert påført skade. Det er naudsynt med ei konkret vurdering i den enkelte saka. Ein må ta med utsiktene til å sikre tilbakeføring av barnet på anna vis, til dømes ved hjelp av tiltaka i Haag-konvensjonen frå 1980 om dei sivile sidene ved barnebortføring, og ein må sjå på kor inngripande tiltaket vil vere i dette tilfellet. Vedtaket må ikkje vere urimeleg eller vilkårleg. Dersom ein må rekne med at barnet eller bortføraren vert påført fysisk eller psykisk skade, skal ein ikkje gjere vedtak om å halde tilbake ytingar eller barnebidrag.

I utgangspunktet vil det alltid vere til ulempe for barnet dersom utbetalingane til bortføraren vert stansa. Dette gjeld likevel ikkje dersom bortføraren generelt har god økonomi. Det er også slik at ikkje ein kvar ulempe er nok til at åtgjerda kan bli rekna som eit urimeleg inngrep. Det kan til dømes vere at det strir mot proporsjonalitetsprinsippet å halde tilbake alle ytingane i ei sak, men at ein likevel kan halde tilbake ein del av pengane. Storleiken på ytingane og/eller barnebidraget og storleiken på beløpet ein held tilbake avgjer kor inngripande tiltaket må reknast å vere. Jo lågare beløp, jo mindre inngripande.

Utsiktene til å oppnå tilbakeføring av barnet på anna vis er eit viktig moment. Eit anna viktig moment er tida som er gått etter at bortføringa skjedde. Har det gått lang tid, svekkar dette sjølve grunnlaget for å rekne tilbakeføring som det beste for barnet. Dette er gjort synleg i Haag-konvensjonen frå 1980, der tilbakeføring av barnet er den primære løysinga når det har gått mindre enn eitt år etter at bortføringa skjedde. Har det gått meir enn eitt år, vert tilbakeføring etter konvensjonen meir ei vurderingssak. Mellom anna må ein sjå på om barnet ha funne seg til rette i det nye miljøet. Spørsmålet om å halde tilbake offentlege ytingar og barnebidrag må vurderast på tilsvarande måte. Sjølv om det er gått lang tid etter at bortføringa skjedde, kan saka likevel liggje slik an at det kan reknast som eit forholdsmessig tiltak å halde tilbake heile eller delar av utbetalinga til bortføraren.

Spørsmålet om å halde tilbake offentlege ytingar og barnebidrag som vert utbetalte til barnebortføraren er etter dette avhengig av ei totalvurdering der det er viktig å sikre eit godt grunnlag for avgjerda, sjå merknadene til lovforslaget §§ 8 og 9.

Etter forvaltningslova § 24 andre leddet skal vedtak der det er grunn til å tru at ein av partane ikkje vil vere nøgd med avgjerda, alltid grunngjevast samtidig med vedtaket. Ein legg til grunn at dette fører til at ein alltid skal grunngje avgjerder etter lovforslaget § 7 samtidig med avgjerda, jf. at det vert presisert i lovforslaget § 14 bokstav a at begge foreldra og barnet skal reknast som partar i saka.

Til § 8 Innhenting av opplysningar i saker om å halde tilbake ytingar og barnebidrag

Etter første leddet kan organet som skal treffe avgjerda etter § 7, hente inn opplysningar frå dei same instansane og personane som etter folketrygdlova § 21-4 første leddet. Dette må vere opplysningar som kan kaste lys over grunnlaget for å halde tilbake ytingar og barnebidrag. Før ein hentar inn opplysningar, skal ein vurdere om opplysningane er naudsynte for avgjerda. En skal også vurdere om opplysningane kan skaffast på anna vis.

I andre leddet er det rekna opp dei opplysningane som det til vanleg er aktuelt å hente inn, mellom anna opplysningar om den fysiske og psykiske helsa til bortføraren og barnet og økonomien deira medan bortføringa varar ved. Opplysningar skal også kunne hentast inn av sakkunnige som skal gje ei vurdering etter lovforslaget § 9, sjå merknaden til § 9.

Etter tredje leddet skal organ som tek del i handsaminga av barnebortføringssaker, dvs. Justis- og beredskapsdepartementet, Utanriksdepartementet og politiet, gje opplysningar etter paragrafen på eige initiativ.

Etter fjerde leddet skal teieplikt ikkje vere til hinder for å gje opplysningar etter paragrafen, og avgjevaren skal ikkje kunne krevje betaling.

Til § 9 Sakkunnig vurdering

Første punktumet opnar for at organet som skal treffe vedtak etter § 7, kan be om at ein sakkunnig vurderer om det er forsvarleg å halde tilbake ytingar og barnebidrag i den enkelte saka. Formålet er å tilføre barnefagleg og annan kompetanse som ein vil kunne ha behov for ved vurderinga etter lovforslaget § 7. Dersom organet meiner det har godt nok grunnlag for å vurdere saka, er det ikkje naudsynt trekkje sakkunnige inn i vurderinga.

Etter andre punktumet skal ein sakkunnig ha tilgang til dokumenta i saka og kan hente inn opplysningar etter reglane i lovforslaget § 8. Ein sakkunnig skal etter tredje punktumet ha godtgjersle for arbeidet sitt og skal få dekt utlegg i samband med saka.

Til § 10 Ny vurdering

I første punktumet vert det presisert at dersom nye opplysningar eller endringar i saka talar for det, skal ein ta opp til vurdering å gjere nytt vedtak i ei sak. Dette gjeld både dersom ein ved den første behandlinga kom til at ytingar og bidrag ikkje skulle haldast tilbake og dersom vedtaket gjekk ut på det motsette.

I andre punktumet legg ein opp til at saka i alle tilfelle skal vurderast på nytt når det har gått to år etter at barnet vart bortført og barnet framleis ikkje er ført tilbake. Det vil vere særleg behov for dette dersom det første vedtaket gjekk ut på å halde tilbake ytingar og barnebidrag. Det er ikkje sikkert at eit slikt vedtak kan reknast å vere i tråd med proporsjonalitetsprinsippet når det er gått to år utan at bortføringssaka er løyst. Ein viser til merknadene til § 7.

Høvet til å gjere nytt vedtak i saka etter paragrafen er klårt vidare enn høvet til omgjering etter forvaltningslova § 35. Det er difor presisert i lovforslaget § 14 bokstav c at forvaltningslova § 35 ikkje skal gjelde.

Til § 11 Sperra konto

Første leddet gjev pålegg om å setje pengane som vert haldne tilbake på ein sperra renteberande konto. Pengane skal stå i eigaren sitt namn.

Etter andre leddet skal offentlege ytingar utbetalast til den som har rett til pengane eller rett til å ta imot ytingane på vegne av barnet når

  • barnet er ført tilbake til Noreg (bokstav a),

  • det er avgjort rettsleg eller avtalt mellom dei private partane at barnet ikkje skal tilbake til Noreg (bokstav b), sjå punkt 8.2.2,

  • eit vedtak om å halde tilbake ytingar og bidrag er gjort om etter lovforslaget § 10 (bokstav c),

  • det bortførte barnet har fylt 16 år (bokstav d).

Personlege ytingar til bortføraren skal utbetalast til han eller henne. Ytingar som er utbetalte til bortføraren på vegne av barnet og som har gått inn på sperra konto, vert også utbetalte til bortføraren, med mindre det er særskilt grunnlag for noko anna. Dersom den andre av foreldra no er rett person til å ta mot ytingar på vegne av barnet, skal eventuelle ytingar for tidsrom etter endringa gå til denne personen.

Etter tredje leddet skal barnebidrag for tidsrom etter at vilkåra i andre leddet bokstavane a til c er oppfylte, utbetalast etter dei vanlege reglane om kven som er rett mottakar av bidraget. I andre tilfelle, dvs. når bortføringssaka ikkje er løyst, skal ein halde fram med å betale bidraget til sperra konto, sjølv om barnet har fylt 16 år. Bidrag på sperra konto skal utbetalast til barnet når barnet fyller 18 år.

Barnet er rett eigar av bidragspengane, og utbetaling til foreldra av pengar på sperra konto, anten dette er bortføraren eller den attverande av foreldra, har uheldige sider som ein bør unngå. Den attverande har ikkje hatt utlegg til barnet i bortføringsperioden, eller har hatt berre avgrensa utlegg. Utbetaling til bortføraren ville kunne sjå ut som betaling for bortføringa. Av om lag dei same grunnane bør ein ikkje utbetale bidraget til foreldra så lenge bortføringssaka ikkje er løyst, sjølv om barnet har fylt 16 år.

Til § 12 Ytingar og barnebidrag til den attverande av foreldra

Paragrafen har reglar om tilfella der barnet før bortføringa var fast busett hos den attverande av foreldra, som då også var rett person til å ta imot ytingar på vegne av barnet og ytingar på grunnlag av omsorga for barnet. Ved bortføringa fell grunnlaget for desse ytingane i hovudsak bort for den tida bortføringa varar. Det same gjeld barnebidrag. Samtidig må den attverande stri med saknet etter barnet, og ein rask stans av ytingane vil forsterke dette.

Etter første leddet skal den attverande av foreldra få utbetalt dei aktuelle ytingane, til dømes barnetrygd, i seks månader etter at bortføringa skjedde. Meininga er at ein i denne perioden ikkje skal gå inn på om vilkåra er oppfylte eller ikkje. Ein skal kunne gje ytingane i seks månader til, men då er vilkåret at den attverande framleis har utgifter knytte til omsorga for barnet eller at andre særlege grunnar gjer det rimeleg.

Etter andre leddet skal eventuelt bidrag som vert kravd inn frå bortføraren gå inn på sperra konto frå den tida utbetalinga av offentlege ytingar vert stansa etter første leddet. Reglane i lovforslaget § 11 om utbetaling skal også gjelde i desse sakene.

Tredje leddet fastset at utbetaling av ytingar og barnebidrag til den attverande av foreldre i alle tilfelle skal stansast når det er klårt at barnet ikkje skal tilbake, sjå merknaden til lovforslaget § 11 andre leddet bokstav b og punkt 8.2.2.

Etter fjerde leddet skal handsaming og klage ved avgjerder om ytingar til den attverande av foreldra, følgje dei vanlege reglane for ytingane.

Til § 13 Saker der barnevernet har omsorga for barnet

Første leddet fastset at lova også gjeld når ein av foreldra eller begge bortfører eit barn som barnevernet har teke over omsorga for. Barnevernet får mellom anna krav på å bli varsla og rett til å ytre seg som part etter reglane i forvaltningslova. § 12 om ytingar og barnebidrag til den attverande av foreldra gjeld tilsvarande.

Andre leddet presiserer at tiltak etter lova kan vere aktuelle i høve til begge foreldra dersom dei er saman om bortføringa av barnet.

Til § 14 Handsaming av saker om å halde tilbake ytingar og barnebidrag

Etter paragrafen skal forvaltningslova gjelde ved handsaminga av saker om å halde tilbake ytingar og barnebidrag. Følgjande særreglar og presiseringar skal gjelde:

  • Både bortføraren og den attverande av foreldra skal reknast som partar i saka (bokstav a). Dette inneber mellom anna at begge foreldra skal ha varsel etter forvaltningslova § 16 og få høve til å ytre seg.

  • Avgjerd om ikkje å halde tilbake ytingar og barnebidrag skal reknast for enkeltvedtak (bokstav b). Dette kunne elles gje grunn til tvil, til dømes i høve til om attverande kan krevje prøving av vedtaket.

  • Forvaltningslova § 35 om avgrensa høve for organet til å gjere om sitt eige vedtak, skal ikkje gjelde i saker om å halde tilbake ytingar og barnebidrag (bokstav c). Når ei sak skal vurderast på nytt etter § 10 skal det gjerast ei full vurdering av saka.

  • Arbeids- og velferdsetaten og dei sakkunnige i sakene skal ha teieplikt etter reglane i arbeids- og velferdsforvaltningslova § 7 (bokstav d). Dette er ein noko strengare teieplikt enn etter forvaltningslova.

  • Avgjerder etter § 7 kan ikkje påklagast, men kan ankast inn for Trygderetten etter reglane i lov 16. desember 1966 nr. 9 om anke til Trygderetten (bokstav e). I samband med dette gjer ein merksam på at forslaget ikkje legg opp til at barnevernet skal kunne anke saka til Trygderetten. Ein reknar med at det vil vere nok at barnevernet skal varslast og få ytre seg før saka vert avgjort i første instans. Som nemnd kan saka også bli prøvd på nytt i Arbeids- og velferdsetaten etter lovforslaget § 10 dersom dei konkrete tilhøva talar for det.

Til § 15 Personopplysningar i saker om å halde tilbake ytingar og barnebidrag

Paragrafen slår fast at personopplysningslova gjeld for saker om å halde tilbake ytingar og barnebidrag etter reglane i lovforslaget §§ 7 til 11.

Til § 16 Forskrifter

Paragrafen gjev heimel for å gje forskrifter til utfylling og gjennomføring av lova. Dette kan vere aktuelt for fleire av paragrafane i lovforslaget, mellom anna med omsyn til rutinar for meldingar etter § 4 og handsaming av personopplysningar etter § 15.

Til § 17 Ikraftsetjing og overgangsreglar

Etter første leddet tek lova til å gjelde frå den tid Kongen fastset, ettersom det kan vere behov for administrativ tilrettelegging før lova vert sett i kraft.

Etter andre leddet skal lova også omfatte saker der barnebortføringa skjedde før lova tok til å gjelde.

Etter tredje leddet vert verknaden av lova avgrensa ved at ytingar eller barnebidrag for tidsrom før lova tok til å gjelde, ikkje skal kunne haldast tilbake med heimel i lova. Dette vil til dømes kunne gjelde etterbetalingar når sakshandsaminga i Arbeids- og velferdsetaten har teke lang tid.

Til forsida