Prop. 200 L (2012–2013)

Lov om stans i utbetalinga av offentlege ytingar og barnebidrag når ein av foreldra har bortført eit barn til utlandet

Til innhaldsliste

4 Ytingar som går inn under lova – lovforslaget § 3

4.1 Høyringsnotatet

I høyringsnotatet foreslo departementet at ”ytelser som bortføreren har krav på etter lover som administreres av Arbeids- og velferdsetaten, inkludert ytelser som gis til bortføreren på vegne av barnet” skulle gå inn under ei ordning med tilbakehald av offentlege ytingar og barnebidrag. Dette ville omfatte alle dei vanlege ytingane frå folketrygda (dagpengar ved arbeidsløyse, sjukepengar, arbeidsavklaringspengar, foreldrepengar, stønad til einsleg mor eller far, alderspensjon, uførepensjon) og i tillegg barnetrygd, kontantstøtte og bidragsforskott. Av andre ytingar skulle ordninga omfatte økonomisk sosialhjelp og bustøtte, i tillegg til barnebidrag.

Høyringsnotatet gjekk ikkje inn for beslag i formuen til bortføraren. Det vart lagt vekt på at eit av måla med ordninga var betre kontroll med offentlege utbetalingar i den aktuelle situasjonen. Forslaget vart difor avgrensa til å omfatte offentlege ytingar og barnebidrag. Høyringsnotatet konkluderte med at ein eventuelt kunne vurdere spørsmålet om beslag i formue på nytt etter ei tid dersom det var grunn til det.

4.2 Høyringsinstansane

Det var svært få av høyringsinstansane som hadde merknader til kva for ytingar som ein skal kunne halde tilbake etter forslaget.

Helse og omsorgsdepartementet peika på at ordlyden i føresegna også dekkjer offentleg finansiering av helsetenester og stønad frå folketrygda etter folketrygdlova kapittel 5. Helse- og omsorgsdepartementet meinte at arten av ytingane etter folketrygdlova kapittel 5 og dei praktiske tilhøva ved finansieringsmåten for helsetenester tala mot at ordninga skulle omfatte helsetenestene. Ein burde difor presisere at desse ytingane ikkje skal med.

Arbeids- og velferdsdirektoratet var skeptisk til at ei skulle kunne halde tilbake eller nekte å gje økonomisk stønad (sosialhjelp). Sosialtenesta har plikt til å yte hjelp i akutte tilfelle, uansett kva som er årsaka til at behovet for hjelp har oppstått. Her burde omsynet til barnet i særleg grad ha stor vekt. Til støtte for dette synet, peika direktoratet på sjølve ordlyden i forslaget og unntaket for tilfella der den fysiske eller psykiske helsa til barnet kunne bli sett i fare dersom ein heldt tilbake ytingar.

Justis- og politidepartementet var samd i det prinsipielle utgangspunktet om at flest mogleg ytingar burde omfattast av ordninga for å få den effekten som ein tok sikte på. Det vart peika på at ytingane som bortførar får frå Noreg kan rekkje langt i land med lågare kostnader til livsopphald, sjølv om det ikkje dreier seg om store beløp etter norske tilhøve.

Justis- og politidepartementet peika også på at det folk i størst grad vert opprørte over, er at den attverande av foreldra (når han eller ho er bidragspliktig) må halde fram med å betale barnebidrag til den som har bortført barnet, sjølv om den attverande ikkje får ha samvær med barnet etter bortføringa. Justis- og politidepartementet støtta difor at ordninga skal omfatte barnebidrag, men var usikre på om ein burde stanse utbetaling av økonomisk stønad (sosialhjelp) og bustøtte ved bortføringar frå utlandet til Noreg.

Justis- og politidepartementet peika også på at straffeprosessloven § 220 alt opnar for beslag av formuen til ein bortførar, ved at retten på visse vilkår kan setje formuen til ein person under forvaltning:

”Når en person er under etterforskning for overtredelse av straffeloven § 216 om barnebortføring, vil vilkårene kunne være oppfylt. Dette gjør at politiet i spesielle tilfeller kan søke å avslutte en internasjonal barnebortføring ved anslag mot den mistenktes formue.”

4.3 Departementet si vurdering

Departementet meiner at forslaget til lov om offentlege ytingar og barnebidrag etter at eit barn er bortført i utgangspunktet bør omfatte alle ytingane som vert administrerte av arbeids- og velferdsforvaltninga, inkludert økonomisk stønad. Lova er meint å gje ei generell regulering av tilhøvet til ytingane ved barnebortføring, og tek difor opp andre spørsmål enn berre det å halde tilbake ytingar for å fremje tilbakeføring av barnet.

Ved høyringa vart det reist spørsmål særleg i høve til økonomisk stønad (sosialhjelp) og bustøtte. Dette er ytingar som normalt ikkje vert utbetalte til personar som bur/oppheld seg i utlandet. Ved bortføringar frå Noreg til utlandet vil det først og fremst dreie seg om å unngå at desse ytingane vert utbetalte i strid med dei vanlege reglane, og den nye lova vil medverke til dette ved å sikre at retten til ytingane vert vurdert så snart råd er, sjå punkt 6. Begge desse ytingane bør difor gå inn under lova.

Helse- og omsorgsdepartementet reiste spørsmålet om tilbakehald av ytingar og tilhøvet til dei offentleg finansierte helsetenestene. Departementet er samd i at desse ytingane ikkje ligg til rette for å bli haldne tilbake i samband med barnebortføring, og det er eit spørsmål om dei i det heile er omfatta av omgrepet ”ytingar etter lover som vert administrerte av arbeids- og velferdsforvaltninga”. Helsetenestene har no si eiga forvaltning, og dei vert i regelen ikkje gjevne som kontante utbetalingar som kan gå inn på ein sperra konto. Ein vil vurdere om det er grunn til å gje reglar om desse ytingane.

Når det gjeld barnebidrag, kan lova berre få verknad for bidrag som vert kravde inn av det offentlege. Ein må her gjere unntak for oppfostringsbidrag fastsett etter barnevernloven § 9-2. Slikt bidrag vert fastsett etter krav frå kommunen dersom dette er rimeleg ut frå dei økonomiske tilhøva til foreldra. Oppfostringsbidraget skal dekkje (noko av) utlegga kommunen har ved plassering av barn utanfor heimen. Dersom barnet blir bortført, har ofte ikkje kommunen lenger slike utlegg, og oppfostringsbidraget fell då bort.

Departementet foreslår etter dette at den nye lova om offentlege ytingar og barnebidrag etter at eit barn er bortført skal gjelde ytingar etter lover som vert administrerte av arbeids- og velferdsforvaltninga, bustøtte etter bustøttelova og barnebidrag som vert kravd inn av det offentlege, som nemnd med unntak for oppfostringsbidrag fastsett etter barnevernlova § 9-2. Omgrepet ”barnebidrag” dekkjer elles både bidrag etter barnelova (administrative vedtak, domstolsavgjerder og private avtalar) og bidrag sendt til Noreg for innkrevjing etter ein internasjonal konvensjon eller ei internasjonal avtale.

Ein viser til lovforslaget § 3 og til merknaden til paragrafen.

Til forsida