Prop. 200 L (2012–2013)

Lov om stans i utbetalinga av offentlege ytingar og barnebidrag når ein av foreldra har bortført eit barn til utlandet

Til innhaldsliste

14 Evaluering

I høyringsnotatet peika departementet på behovet for å følgje med på konsekvensane av å innføre ei ordning med tilbakehald av offentlege ytingar og barnebidrag ved barnebortføring.

Norsk Psykologforening peika på at det er viktig å etablere eit godt kunnskapsgrunnlag med omsyn til om effekten av lova samsvarar med intensjonane, ettersom Noreg på dette området kan bli ein modell for andre land. Dei råder til å vake over ordninga ”med både statistikk, barnefaglige og menneskerettslige vurderinger”.

Også Kunnskapsdepartementet foreslår ei evalueringsordning for å tryggje at ordninga fungerer i samsvar med intensjonane.

Departementet er samd i at det er behov for å evaluere ordninga. Ordninga med å halde tilbake offentlege ytingar og barnebidrag tek sikte på å fremje tilbakeføring av barnet i bortføringssaker, og effekten med omsyn til dette blir eit hovudpunkt ved evalueringa.

Dersom tilbakeføring av barnet skjer relativt kort tid etter at ein set i verk åtgjerda, vil dette kunne tolkast som ein indikasjon på at tiltaket har effekt. Det er likevel fleire tiltak kan vere i bruk og få verknad samtidig. Til dømes vil Justis- og beredskapsdepartementet sende ein søknad etter Haag-konvensjonen frå 1980 til landet der barnet oppheld seg for å be om assistanse, den attverande av foreldra kan melde barnet sakna hos politiet eller starte straffesak. Ved bortføringssaker til eit ikkje-konvensjonsland vil diplomatiske midlar bli tekne i bruk. Det kan difor vere vanskeleg å konkludere med omsyn til årsaka til at ein bortførar vel å returnere med barnet. Det vil også vere viktig å konstatere eventuelle uheldige sider ved ordninga.

Ein eventuell førebyggande effekt vil ein kunne sjå dersom talet bortføringssaker går ned etter at ein byrjar med å halde tilbake ytingar og barnebidrag. Det kan også vere aktuelt å få kunnskap om effekten av ordninga ved å sende spørjeskjema til partane etter at tiltaket har vore nytta i deira tilfelle.

Departementet vil sørgje for at ordninga med å halde tilbake ytingar og barnebidrag ved barnebortføring vert evaluert på eigna vis. Dette bør skje tidlegast etter at ordninga har vore i kraft i tre år.

Til forsida