Medieavdelinga

Medieavdelinga har ansvar for redaksjonelle massemedia, film, dataspel, opphavsrett, pengespel og stiftingar. Avdelinga har tre seksjonar. Medieavdelinga har ansvar for forvaltinga av Medietilsynet, Norsk filminstitutt og Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Avdelinga har følgande seksjonar:

  • ME1

    Seksjonen har ansvar for lov om åndsverk, lov om Fond for utøvande kunstnarar, lov om komponistfond, fagansvar for stiftelsestilsynet og forskrifta for stiftingar, og trygg bruk av digitale media for born og unge (Safer Internet-delen av EU-programmet CEF-Digital m.m.)

  • ME2

    Seksjonen har ansvar for film, film- og videogramlovgiving, forvalting av tilskot, og ansvar for etatstyring for avdelinga sine underliggande etatar. I tillegg har seksjonen det overordna ansvaret for avdelinga sitt arbeid med statsbudsjettet.

  • ME3

    Seksjonen har ansvar for kringkasting, mediestøtte, pressepolitiske spørsmål, samt forvalting og lovgiving knytt til private lotteri og statlege pengespel. Dessutan har seksjonen ansvar for eigarstyring av selskapa Norsk Tipping og Norsk Rikskringkasting.